Søk

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i vert det i proposisjonen lagt fram ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Det blei i 2020 utbetalt 16 577 291 kroner. I statsbudsjettet for 2021 er det løyvt 16,4 mill. kroner på kap. 611 Pensjoner av statskassen.

1.2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd. For tida før 1. januar 1996 blir pensjon av statskassa gjeve som tillegg til den pensjonsgjevande tenestetida.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.

Utanriksstasjonane skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. Da kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tekne inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.