Søk

Innhold

1. Sammendrag av Meld. St. 29 (2020–2021)

1.1 Innleiing – om bevaring av marin natur

Arbeidet med bevaring av marin natur

Forståinga av at bevaring av marint naturmangfald er eit viktig verkemiddel for å sikre velfungerande marine økosystem, som igjen er ein føresetnad for ein berekraftig havøkonomi og ei langsiktig verdiskaping, var ein viktig konklusjon i OECDs rapport om berekraftig havøkonomi frå 2016. Denne forståinga har blitt forsterka gjennom arbeidet under Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) frå starten i 2018 og fram til lanseringa av konklusjonane frå Havpanelet i desember 2020.

St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona – Tilhøvet mellom verneinteresser og fiskerinæringane blei lagd fram av regjeringa Bondevik I i 1999. Meldinga førte til at det i 2001 blei sett ned eit rådgivande utval for arbeidet med ein marin verneplan. I tilrådinga si frå 2004 peika utvalet ut 36 område som til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur frå kysten og skjergarden (kandidatområde).

I Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold (naturmangfaldmeldinga) går det fram at regjeringa legg til grunn at marint vern på tvers av sektorane etter naturmangfaldlova § 39 framleis skal bidra til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet blir tekne vare på for framtida. Områda skal – saman med areal som er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og beskytta område, som skal ta vare på økosystem og naturverdiar.

Stortinget har i ettertid fleire gonger behandla spørsmål om marine verneområde i samband med meldingar og representantforslag. Stortinget fatta følgjande oppmodingsvedtak (nr. 668 (2015–2016)):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og kome tilbake til Stortinget med en sak om dette.»

Vedtaket blei fatta ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016). Oppfølginga regjeringa gjer av Stortingets vedtak, er omtalt i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet.

Stortinget fatta nytt oppmodingsvedtak (nr. 907 (2016–2017)) ved behandlinga av Norskehavet-meldinga:

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge fram en egen sak om dette senest i 2020.»

Regjeringa følgjer med denne meldinga opp desse oppmodingsvedtaka.

I Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak (i det følgjande også omtalt som forvaltningsplanmeldinga) blei det vist til at

«Regjeringen vil:

  • Videreføre arbeidet med etablering av marine verneområder og marine beskyttede områder.

  • Utarbeide i 2020 en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder.

  • Vurdere behovet for vern eller beskyttelse av særegne og sjeldne naturverdier i dyphavet.»

Samstundes har det skjedd ei betydeleg utvikling internasjonalt. Noreg har nyleg, gjennom Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (Havpanelet), slutta seg til eit globalt mål om at 30 pst. av havområda innan 2030 skal bevarast gjennom marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Dette temaet vil også stå sentralt i førebuingane av det nye globale rammeverket for natur, som skal bli vedteke under konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) hausten 2021.

Internasjonalt er det også ei ny forståing av at marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak har breiare nytteverdi enn klassisk naturvern. Døme på nytteeffektar er bevaring og gjenoppbygging av viktige område for bestandar av fisk og skaldyr, restaurering av marine økosystem, opptak og lagring av karbon og beskyttelse mot effektar av klimaendringar.

I denne meldinga gjer regjeringa greie for kunnskap, verkemiddel og status for arbeidet med marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Vidare gjer meldinga greie for arbeidet med marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak i internasjonale samarbeidsforum så vel som internasjonale utviklingstrekk og Noregs rapportering om oppfølginga av dei internasjonale måla. I kapittel 5 ligg tiltaka frå regjeringa for å bevare viktige område for marin natur.

1.2 Område med viktig marint naturmangfald i dei norske havområda

Norsk marin natur har viktige naturverdiar og viktige funksjonsområde for artar og økosystem. Grunne kystnære område er blant dei biologisk mest produktive naturtypane i verda. Kystsona femner om mellom anna korallrev, elvemunningar, gruntvassområde og ulike våtmarker som utgjer produksjonsområde og oppvekstområde for viktige bestandar av fiskeslag og andre marine organismar. Lenger ut er Norskehavet eit djuphav med djup ned mot 3 000–4 000 meter, men med grunnare område nær fastlandet. Barentshavet og Nordsjøen–Skagerrak er grunnare havområde. Naturmangfaldet og den biologiske produksjonen er særleg stor i enkelte område på grunn av gunstige miljøforhold, til dømes knytt til typar av havbotn.

Område i kystsona

Kystsona, områda frå land og ut til dei opne kyststrekningane, inneheld eit stort mangfald av naturtypar, økosystem og artar.

Delar av kysten har eit redusert naturmangfald samanlikna med det som har vore her tidlegare. Nokre artar, bestandar og naturtypar har behov for å bli bygde opp igjen. Dynamikken i kystøkosystema, og spesielt tareskogane, har stor betydning for fisk og krepsdyr og næringstilbodet til kystnære sjøfuglar som ærfugl, måker, terner og skarv. Særleg i Nordsjøen og Skagerrak er påverknadene tydelege. Store delar av Oslofjorden er sterkt negativt påverka av næringsstoff. Prosjektet Krafttak for kysttorsken leidd av Havforskingsinstituttet, med rapport publisert i 2021, har gått inn i problematikken med fiskebestandane og tilstanden i Oslofjorden. Rapporten peikar på dei nemnde miljøutfordringane, men viser samstundes til at det er livsgrunnlag for torsk og andre sterkt reduserte fiskebestandar i Ytre Oslofjord. Det er difor mogleg å betre tilstanden i økosystemet ved å dempe påverknadene.

Opprydding i forureina sjøbotnar er gjennomført ei rekkje stader. På sikt vil oppryddinga føre til nyetablering av friskt og sunt naturmangfald slik det ein gong var. I St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø blei det utarbeidd ein handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn med særleg merksemd på å ta miljøgifter ut av biologisk sirkulasjon i 17 prioriterte område. Dei siste 15 åra er det rydda opp i ei rekkje av områda. Resultata viser fleire stader at det nyttar å rydde opp.

Område i Barentshavet

Barentshavet er eit grunt hav med store bankeområde. Barentshavet er det viktigaste oppvekst- og beiteområdet for fleire av dei store fiskebestandane som er fundamentet for fiskerinæringa i Noreg. Sild, lodde, torsk, hyse, uer og blåkveite bruker store areal her i heile eller delar av livssyklusen sin. Egg og larver frå gyteområde langs norskekysten og dei vestlege delane av Barentshavet driv nordover langs kysten og inn i dei sentrale, nordlege og austlege delane av Barentshavet, der dei veks opp. Barentshavet har nokre av dei største og mest produktive bestandane i verda av botnfisk i torsk og hyse og er oppvekstområde for norsk vårgytande sild, som er ei av dei største pelagiske bestandane i verda. Barentshavet har elles ein av dei høgaste tettleikane i verda av sjøfugl. Nordlege delar av Barentshavet er i tillegg eit viktig leveområde for fleire sjøpattedyr- og sjøfuglartar som berre finst i område med is. Fleire av desse har stor nasjonal og internasjonal verdi.

Område i Norskehavet, Nordsjøen og Skagerak

Norskehavet har i hovudsak tre vassmassar: atlanterhavsvatn, arktisk vatn og kystvatn. Kvart sekund strøymer om lag 8 millionar tonn varmt og salt vatn inn i Norskehavet frå det nordlege Atlanterhavet. Denne blandinga av vassmassar med ulik temperatur og saltinnhald har stor betydning for utbreiinga av plankton og fisk i området. Dyreplankton som raudåte og krepsdyr som kril finst i store mengder og er viktig næring for fiskebestandar som norsk vårgytande sild (NVG-sild), kolmule og makrell. Lengst nord i Norskehavet ligg Molloydjupet, med det største målte havdjupet i Nord-Atlanteren (5 569 meter).

Nordsjøen har generelt høg produksjon av planteplankton (primærproduksjon). Dette er i stor grad på grunn av små djup og den effektive omrøringa av vassmassar som bring næringsrikt botnvatn opp i lyset i dei andre vasslaga. Havsil er ein nøkkelart og blir beitt av sjøfugl, større fisk og sjøpattedyr. Denne er ein viktig kommersiell fiskebestand òg. Vidare er områda i Nordsjøen viktige overvintringsområde for mellom anna sjøfuglarten lomvi.

Viktige område med naturtypar for karbonlagring

Havet er det største lageret i verda av organisk karbon (karbon som stammar frå nedbryting av levande organismar). Ifølgje Klimapanelet (IPCC) er hovudmengda av karbonet i havet lagra som oppløyst uorganisk karbon i vassøyla. I tillegg er ein stor del lagra i overflatesediment på havbotnen og som oppløyst organisk karbon i vassøyla, medan ein mindre del er lagra i marin biota. Viktige marine naturtypar for karbonlagring knytte til kysten er område med tareskog, tang, ålegrasenger, marin våtmark («saltmarshes») og blautbotn i tidevassona.

I det faglege arbeidet under Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi er det berekna moglege bidrag frå havbaserte tiltak for å redusere CO2-utslepp innan 2050, som vist i figur 2.14 i meldinga, der moglege bidrag frå naturtypar som karbonlager blir sette i samanheng med andre marine bidrag.

Det er i nyare forskingsarbeid også retta merksemd mot betydninga av botntråling for frigjering av karbon som er lagra i sediment på havbotnen. Forsking peikar på at marine bevaringsområde kan ha nytte på tre måtar – ved å beskytte biologisk mangfald, auke utbyttet av fiskeri og sikre marine karbonlager som er trua av menneskelege aktivitetar.

Kartlegging av og kunnskap om område med viktig marin natur

Noreg gjer ein betydeleg innsats for å byggje opp kunnskap om havområda. Å utvikle vidare forståinga av havmiljøet er grunnleggjande for ei berekraftig forvaltning av dei marine økosystema.

Mareano-programmet blei starta i 2005 på grunn av betydeleg kunnskapsmangel om botnforholda i norske havområde. Programmet har gitt verdifull ny kunnskap gjennom å kartleggje djup, botnforhold, artsmangfald, naturtypar, kjemiske forhold og forureining i sedimenta og geologiske formasjonar på havbotnen i norske havområde. I arbeidet med det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane for havområda har kunnskapen om miljøverdiane i dei særleg verdifulle og sårbare områda blitt bekrefta og styrkt gjennom Mareano.

Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald – marint kartla og verdsette i perioden 2003–2019 kystnær natur som er viktig for høgt biologisk mangfald. Programmet har gitt meir kunnskap om naturtypar som er viktige, og som inngår som saksgrunnlag for planar, utbyggingssaker og andre vedtak for aktivitet i kystsona. Vidare kartlegging av marine naturtypar i kystsona er no i gang, i første omgang i Oslofjorden.

Kartverket, Noregs geologiske undersøking (NGU) og Havforskingsinstituttet har gått saman om eit prosjekt kalla Marine grunnkart i kystsona. Prosjektet skal kartleggje havbotnen langs kysten av Noreg og samle inn geologiske, kjemiske og biologiske data. Dataa frå prosjektet skal gjerast tilgjengelege for alle, og hensikta er å gi ei meir kunnskapsbasert forvaltning og berekraftig utnytting av Noregs sjøareal.

SEAPOP-programmet blei starta i 2005 og er eit heilskapleg og langsiktig overvakings- og kartleggingsprogram for norske sjøfuglar. SEAPOP tek sikte på å kartleggje fordelinga av hekkande, mytande, rastande og overvintrande sjøfugl i tal, tid og rom langs alle kystar av fastlands-Noreg og Svalbard innanfor ein programmert periode på ti år.

Modulen SEATRACK kartlegg arealbruken utanfor hekkesesongen for norske sjøfuglbestandar og bestandar frå nabolanda våre som kjem inn i norske havområde. I fase II er det geografiske området utvida til å omfatte heile Nord-Atlanteren.

Særleg verdifulle og sårbare område (SVO) er område som blir vurderte å ha vesentleg betydning for det biologiske mangfaldet og den biologiske produksjonen i havområdet, også utanfor sjølve områda. Sårbarheit blir definert som evna eit område har til å tole og eventuelt restituere seg etter menneskelege aktivitetar eller endringar i miljøforholda. I det marine miljøet finst slike viktige område ofte der det er spesielle topografiske eller oseanografiske forhold, til dømes havstraumar, botntopografi, djupneforhold og overgangssoner mellom sjø og fast grunn (land eller is).

Betydninga av å ta vare på område med marin natur

Både FNs klimapanel og Det internasjonale naturpanelet (IPBES) konkluderer med at forvaltninga må tilpassast dei akselererande endringane i klima- og miljøforholda. Begge har peika på betydninga av godt utforma nettverk av verneområde og beskyttelse av nøkkelområde for marint naturmangfald.

Det internasjonale naturpanelet har anslått at over 40 pst. av verdshava allereie er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet, og at den samla påverknaden aukar i to tredelar av havområda i verda. Det er store variasjonar mellom ulike havområde. Kystnære marine økosystem i tett folkesette område og i tropiske farvatn er under sterkast press. Men også dei polare havområda er sterkt påverka som ei følgje av klimaendringane.

Ifølgje Naturpanelet er det globalt fire hovudpåverkingar på dei marine økosystema. Den viktigaste påverkinga i global samanheng kjem frå fiskeria og anna hausting av marine organismar. Dernest kjem endringar i arealbruken på land og i havet, inkludert at det blir utvikla infrastruktur og akvakultur i kystsona. Så kjem klimaendringar og deretter tilførsel av forureining og avfall. Forholdet mellom desse påverkingsfaktorane varierer mellom ulike delar av verdshava. Klimaendringar blir løfta fram som ein faktor som i aukande grad forsterkar effektane av andre påverknadsfaktorar.

Klimaendringar gir tydelege utslag i tilstanden i økosystema både i Nordsjøen og i Barentshavet. Bevaringstiltak er verkemiddel for å ta vare på marin natur og økologiske funksjonar også under endra tilhøve i havet.

Ifølgje Naturpanelet trengst det ein kombinasjon av verkemiddel og tiltak på land, i ferskvatn og i havet for å bevare fiskebestandar og marine artar og økosystem, og i tillegg koordinering på tvers av sektorar og brukarinteresser i ope hav. Å utvide og styrkje representative nettverk av verneområde er eit av verkemidla som blir framheva som effektive.

FNs klimapanel understrekar at klimatilpassing av havforvaltninga i stor grad dreier seg om å redusere eller avgrense andre typar påverknad på det marine miljøet og miljøet i kystsona. Bevaring av økosystem gjennom marine verneområde, inkludert nettverk av marine verneområde, og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, blir framheva spesielt. Slike tiltak kan både bidra til å minske den samla påverknaden på dei områda og økosystema som får særskild beskyttelse, og til å sikre moglegheitene artar og økosystem har til å halde ved lag livskraftige og produktive bestandar når desse forskyver seg mot polane i takt med klimaendringane.

1.3 Utviklingstrekk og bevaring av marine område for framtida

Noreg har over tid arbeidd mykje med ei heilskapleg og berekraftig forvaltning av alle norske havområde. Dei norske forvaltningsplanane har vore ein modell for Havpanelet sitt arbeid. Vern og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak er, side om side med verkemiddel for berekraftig bruk, sentrale innanfor ei heilskapleg og berekraftig havforvaltning. Ei auka vektlegging av bevaringstiltak vil styrkje Noregs heilskaplege havforvaltning og følgje opp konklusjonane frå Havpanelet.

Noreg legg vekt på at avgjerder om å opprette marine verneområde skal vere godt vitskapeleg grunngitte. Formålet med vernet skal vere godt definert, vernetiltaka skal vere effektive og målretta og eigna til å sikre eit langsiktig vern av naturen og økosystema. Det er ikkje eit krav etter naturmangfaldlova at eit område må vere under press for å etablerast som eit marint verneområde.

1.3.1 Status for arbeidet med marin verneplan frå 2004

St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona la sentrale føringar for vidare arbeid med marint vern. Det blei samstundes bestemt at det skulle setjast ned eit rådgivande utval for arbeidet med ein marin verneplan, sett saman av representantar frå forvaltninga og aktuelle interesseorganisasjonar.

I den endelege tilrådinga si frå 2004 peika utvalet ut 36 område som til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur frå kysten og skjergarden (kandidatområde). 15 av desse er seinare oppretta som marine verneområde etter naturmangfaldlova. Desse områda må likevel supplerast med fleire område for til saman å utgjere eit representativt utval av naturtypane i kystsona, i tillegg til at områda lenger frå kysten i liten grad er omfatta. Vidare er tre av områda, som ligg heilt eller delvis utanfor territorialgrensa, oppretta som marine beskytta område etter havressurslova. For fleire område er det meldt oppstart av verneprosess etter naturmangfaldlova.

Gjennomføringa av den marine verneplanen frå 2004, og førebuinga av ein fase 2 som inkluderer område lenger ut frå kysten, er ei viktig oppgåve framover.

Her er vern av dei marine naturverdiane ein viktig del av formålet med vernet. Vern etter naturmangfaldlova dekkjer til saman om lag 3,6 pst. av territorialfarvatnet ved Fastlands-Noreg.

1.3.2 Vidare arbeid med bevaring, særleg av område utanfor 12 nautiske mil

Vi har generelt eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere miljøverdiar og førekomstar av særleg bevaringsverdig natur i dei kystnære områda.

Når det gjeld havområda lenger ut frå kysten, er kunnskapen om område som er særleg viktige for naturmangfald og økosystemtenester, meir varierande og ofte mindre detaljert. Vurderinga av kunnskapen for å identifisere viktig marin natur skjer i første rekkje i forvaltningsplanane for havområda, spesielt i arbeidet med å identifisere dei særleg verdifulle og sårbare områda (SVO).

Det blir no gjennomført ein fagleg gjennomgang og ei oppdatering av SVO-områda på grunnlag av ny kunnskap. Gjennomgangen skal vere ferdig i byrjinga av 2022 og nyttast i arbeidet med neste forvaltningsplanmelding i 2024. Denne gjennomgangen av SVO-ane vil vere eit godt grunnlag for å utvikle ei meir systematisk tilnærming for å vurdere korleis fleire tiltak bidreg til effektiv bevaring av viktige område for natur i norske havområde.

Marint vern

I havet gjeld naturmangfaldlova i hovudsak i territorialfarvatnet, med unntak for mellom anna overordna prinsipp som også gjeld i 200-milssonene og på kontinentalsokkelen så langt dei passar.

I område der det mellom anna finst særeigne og sjeldne naturverdiar, har vi innanfor territorialgrensa vurdert at det er behov for å kunne verne område på tvers av sektorane, slik at naturverdiane i desse områda blir styrande for kva for aktivitet vi kan tillate. I desse områda der det er fleire aktivitetar samstundes, er det ein fordel med ei regulering der ein ser på korleis alle aktivitetane saman påverkar marin natur.

Systemet med forvaltningsplanane for havområda gir ei samla framstilling av påverknader og reguleringane. I Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene har regjeringa vist til at det er behov for å vurdere vern eller anna bevaring av særeigne og sjeldne naturverdiar i djuphavet utanfor territorialgrensa. Raet nasjonalpark er døme på eit verneområde som er skarpt avgrensa mot territorialgrensa sjølv om verneverdiane og behovet for vern strekkjer seg lenger ut.

Andre effektive arealbaserte bevaringstiltak

Andre effektive arealbaserte bevaringstiltak er tiltak med heimel i sektorlovgivinga og som er viktige bidrag til bevaring av område for marin natur. Tiltaka skal vere forvalta slik at dei gir positive og varige effektar for bevaring av naturmangfaldet i eit område. Slike tiltak kan gjennomførast både utanfor og innanfor 12 nautiske mil.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) vedtok i 2018 eit sett av frivillige retningslinjer med kriterium for kva slags arealbaserte reguleringar som kan identifiserast som andre effektive områdebaserte bevaringstiltak. Kriteria er delte inn i desse kategoriane:

  • a. Området skal ikkje vere definert eller rapportert som MPA (marint verneområde).

  • b. Reguleringane er følgde opp av ansvarleg forvaltningsstyresmakt og er geografisk definerte.

  • c. Reguleringa bidreg effektivt til in situ bevaring av biologisk mangfald over tid.

  • d. Tilhøyrande økosystemfunksjonar og -tenester og kulturelle, åndelege, sosioøkonomiske og andre relevante verdiar blir vurderte.

Desse tiltaka skal særleg rettast mot område som er særleg viktige for biodiversitet og økosystemtenester.

I Noreg har vi ikkje i dag ei systematisk tilnærming til korleis både fiskeritiltak og tiltak i andre sektorar, slik som petroleumsverksemda, kan reknast som andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. For å kunne vurdere den samla effekten av bevaringa av viktige område for natur i norske havområde, både marine verneområde og sektortiltak, vil det vere naudsynt med ei slik systematisk tilnærming.

I samband med arbeidet med denne meldinga har Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet, med støtte frå Havforskingsinstituttet, gjort ei første vurdering av i kva grad fleire relevante tiltak under fiskeriregelverket kan reknast som andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. I tillegg til reguleringa for beskyttelse av korallområde omfattar dette mellom anna fredingsområde for hummar, regulering av taretråling og stengde område for fiske ved Svalbard.

Havforskingsinstituttet seier i sin rapport at arealbaserte tiltak som forbyr eller avgrensar bruken av trålreiskap, kan gi eit viktig bidrag til bevaring av biologisk mangfald, og at difor bør forbod mot botntråling som utgangspunkt kunne kategoriserast som andre effektive områdebaserte bevaringstiltak i område der det ikkje er andre signifikante truslar frå menneskeleg aktivitet. Det blir òg framheva at botndyrsamfunn har ein viktig funksjon for heile økosystemet. Mjuke sediment som får liggje uforstyrra, speler også ei positiv rolle for karbonbinding, som er viktig i eit klimaperspektiv.

Den førebelse vurderinga er at bevaringstiltak under fiskeriregelverket isolert sett oppfyller fleire av kriteria for andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Dei nemnde tiltaka dekkjer 44 pst. av norske havområde. Dersom alle arealbaserte fiskeritiltak blei vurderte å oppfylle kriteria for «andre effektive områdebaserte bevaringstiltak», ville dette auke Noreg sin «verneprosent» til om lag 49 pst.

I ei systematisk tilnærming for kva som skal reknast som andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, må også bevaringseffekten av tiltak i andre sektorar enn fiskeria inngå. Nærliggjande døme er område innanfor dei områdespesifikke rammene for petroleumsverksemda som blir fastlagde i forvaltningsplanane. Slike områdespesifikke rammer for petroleumsverksemd er i dag etablerte i om lag 11 pst. av arealet i Barentshavet–Lofoten, i om lag 12 pst. av arealet i Norskehavet og i om lag 2 pst. av arealet i Nordsjøen–Skagerrak.

1.4 Tiltak for bevaring av viktige område for marin natur

Regjeringa legg med denne meldinga fram ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Planen vil sørgje for at bevaringstiltaka er målretta og effektive. Meldinga byggjer vidare på den politikken for bevaring av natur som blei nedfelt i Meld. St. 14 (2014–2015) Natur for livet (naturmangfaldmeldinga).

Eitt av dei grunnleggjande prinsippa for havpolitikken frå regjeringa er å fremje berekraftig bruk og bevaring av marine økosystem, jf. Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene. Berekraftig bruk handlar mykje om tiltak og metodar for å sikre at aktivitetane skjer på skånsamt vis og unngår eller avgrensar skadar på naturmangfald og økosystem. Bevaringstiltak set naturen i sentrum og inneber vern eller beskyttelse av eit geografisk avgrensa område med viktig naturmangfald.

Den nasjonale planen for bevaring av viktige område for marin natur er viktig i den vidare utviklinga av ei heilskapleg og berekraftig norsk havforvaltning.

1.4.1 Gjennomføring av marin verneplan frå 2004

Marin verneplan frå 2004 skal halde fram. Av dei 36 kandidatområda som inngår i marin verneplan frå 2004, er så langt 16 verna etter naturmangfaldlova og 3 beskytta etter havressurslova. Nokre av dei resterande områda kan ikkje vernast etter naturmangfaldlova fordi dei ligg utanfor territorialgrensa. For mellom anna å utgjere eit representativt utval av naturtypane i norske havområde må områda i marin verneplan supplerast med fleire område.

Regjeringa vil:

  • Ta sikte på å innan 2024 ha starta opp verneprosessar for dei resterande områda som inngår i verneplanen frå 2004, basert på kunnskapen vi har i dag om naturverdiar og relevant aktivitet.

  • Sørgje for god involvering av sektormyndigheiter, fylkeskommunar, kommunar og andre lokale interesser.

  • Starte ein vidare prosess kopla til forvaltningsplanane for å vurdere korleis vi skal supplere verneplanen frå 2004 med ytterlegare område.

1.4.2 Vern og bevaring utanfor 12 nautiske mil

Det er område med betydelege naturverdiar utanfor territorialgrensa òg. Regjeringa varsla i Meld. St. 20 (2019–2020) ei vurdering av behovet for vern eller beskyttelse av særeigne og sjeldne naturverdiar i djuphavet.

Regjeringa vil:

  • Gjere ein gjennomgang av om og eventuelt korleis dagens lovgiving for vern og bevaring utanfor 12 nautiske mil kan forbetrast.

1.4.3 Effektiv bevaring gjennom arealbaserte sektortiltak

Sektorlovgivinga gir moglegheita for å beskytte marin natur mot skade som følgje av aktivitet i den einskilde sektoren. Fleire sektortiltak er difor, saman med marine verneområde, viktige bidrag til bevaring av marine område med viktig natur. Samstundes har vi i Noreg ikkje ei systematisk tilnærming for å kunne vurdere korleis bevaringstiltak i medhald av ulike sektorregelverk bidreg til effektiv bevaring.

Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet har nyleg gjennomført vurderingar av den arealmessige utbreiinga av relevante fiskeritiltak og betydninga deira for bevaring. Med utgangspunkt i desse vurderingane og arbeidet med SVO-ane legg regjeringa opp til ein systematisk gjennomgang av korleis tiltak i dei enkelte sektorane bidreg til effektiv bevaring. Vurderinga vil i tillegg omfatte korleis bevaringstiltak i ein sektor heng saman med aktivitetar i andre sektorar.

Regjeringa vil:

  • Etablere ei meir systematisk tilnærming til bevaring av viktige område for marin natur gjennom marine verneområde og andre effektive arealbaserte tiltak. Ein slik gjennomgang skal prioritere SVO-ar og inkludere område som er omfatta av dei mest relevante bevaringstiltaka etter sektorlovgivinga.

1.4.4 Noregs rapportering etter internasjonale mål

Når Noreg sluttar seg til nye og høgare globale mål for bevaring av viktige område for marin natur, er det naturleg å gjere ei ny vurdering av den norske praksisen for rapportering.

Samanlikna med andre land har Noreg lagt opp til ein streng praksis for rapportering av bidraget vårt til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring.

Regjeringa vil vurdere korleis fleire andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, slik som i fiskerisektoren, skal kunne kalkulerast inn når Noregs «verneprosent» blir meldt inn internasjonalt til konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Samstundes må vi halde ved lag dei grunnleggjande krava til innhald i og kvalitet på tiltaka i områda som det blir rapportert om. Det skal særleg leggjast vekt på område som er særleg viktig for biologisk mangfald og økosystemtenester, og at tiltaka effektivt beskyttar desse verdiane.

Regjeringa vil:

  • Setje i gang ein eigen prosess for å gjennomgå og vurdere praksisen for rapportering av Noregs bidrag til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring. Det faglege arbeidet vil skje under leiing av Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet, med mellom anna hjelp frå Havforskingsinstituttet.

1.4.5 Marine bevaringsområde som tiltak for karbonbinding

Marint vern og restaurering blir i klimasamanheng omtalte som naturbaserte løysingar på grunn av evna dei ulike økosystema har til å ta opp og lagre karbon.

Regjeringa legg opp til å gjennomføre prosessar med kartlegging og utgreiing av eigna område for bevaring av verdifulle område for naturmangfald og karbonlagring i kystsona i regi av statsforvaltarane, i samarbeid med kommunane. Hensikta er å setje i verk tiltak for å motverke tap av marine naturtypar med særleg verdi for både naturmangfaldet og for binding av karbon, slik som mellom anna våtmark.

Naturmangfaldlova nemner ikkje eksplisitt klimaomsyn som eit aktuelt verneformål, sjølv om klimaendringar kan vere eit relevant moment i vurderinga av kva for område som kan vernast etter naturmangfaldlova § 39. Ved vurderinga av bevaringstiltak i marint miljø med klimaomsyn som del av grunngivinga, bør dette sjåast i samanheng med marine våtmarker, karbonlagring i strandsona og strandenger mv., og produktive og rike forhold på stader der det òg er tilførsel av ferskvatn til sjøen. Det er vidare eit spørsmål om gjeldande regelverk er dekkjande, eller om det er behov for justeringar i verkemidla eller verkemiddelbruken. Regjeringa vil vurdere dette nærare som ein del av det vidare arbeidet med marint vern og anna bevaring.

Regjeringa vil:

  • Kartleggje marine område som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring.

  • Greie ut behov for endringar i lovgivinga for å gi klimaomsyn status som eit sjølvstendig bevaringsomsyn.

1.4.6 Bevaringsprosjekt for naturmangfald og auka biologisk produksjon

Å byggje opp igjen økosystem til god miljøtilstand eller restaurering av område som har vore utsette for stor påverknad, er aktuelt i marine miljø òg. I områda prega av påverknad kan slik naturleg tilbakeføring av artar, sunn aldersstruktur i bestandane og økosystemfunksjonar sikre auka økologisk kvalitet og styrkje naturlege prosessar og den biologiske produksjonen.

Regjeringa vil:

  • Som eit ledd i arbeidet med bevaringstiltak og naturbaserte løysingar etablere eit pilotprosjekt i tilknyting til ein eller fleire av nasjonalparkane i området Skagerrak–Oslofjorden for å byggje opp igjen økosystem og byggje opp kunnskapen om effekt av slike tiltak.

  • Setje i gang arbeid med følgjeforsking og analyse av verknaden av etablering og tiltak for marine verneområde.

  • Leggje til rette for utvikling av kunnskap og teknologi for restaurering av marine økosystem.

  • Gjennomføre ein kunnskapssyntese om verknader av marine verneområde for økosystemfunksjon og potensial for hausting i område som ligg rundt.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

I meldinga blir det lagt opp til å setje i gang utgreiingar og tiltak for å vidareutvikle arbeidet med bevaring innanfor ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av dei norske havområda. Bevaringstiltak i havområda skal vere basert på best mogleg kunnskap.

Tiltak varsla i meldinga vil dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Eventuelle behov utover dette vil fremjast som satsingsforslag i dei ordinære budsjettprosessane. Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil mellom anna vere avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga let seg i ulik grad fastslå nøyaktig. Etter kvart som forslaga blir konkretiserte, vil det som eit ledd i vurderingane av tiltaka vere viktig å greie ut eventuelle konsekvensar for offentlege og private partar vidare på vanleg måte i tråd med utgreiingsinstruksen.