Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Årsmelding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) for 2020

Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Utvalets mandat og samansetjing

EOS-utvalet er eit permanent, stortingsoppnemnt organ som kontrollerer norske verksemder som utøver etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste). Kontrollen gjeld berre EOS-teneste som blir utøvd, styrt eller sett i gang av offentleg forvalting.

Føremålet med kontrollen er etter EOS-kontrolloven § 2 fyrste ledd å:

  1. klarlegge om og forebygge at noens rettigheter krenkes, herunder påse at det ikke nyttes mer inngripende midler enn det som er nødvendig etter forholdene, og at tjenestene respekterer menneskerettighetene,

  2. påse at virksomheten ikke utilbørlig skader samfunnets interesser, og

  3. påse at virksomheten holdes innen rammen av lov, administrative eller militære direktiver og ulovfestet rett.»

Utvalet skal ikkje søke eit meir omfattande innsyn i tryggingsgraderte opplysningar enn det som er nødvendig ut frå kontrollføremålet. Utvalet skal i tillegg så vidt mogleg ta omsyn til kjeldevernet og vern av informasjon motteke frå utlandet. Kontrollen med enkeltsaker og operasjonar skal vere etterfølgande, men vi har rett til å bli informerte om og uttale oss om den løpande verksemda til tenestene. Utvalet kan ikkje instruere EOS-tenestene eller bli nytta til konsultasjonar eller «førehandsgodkjenning» av metodar, operasjonar eller liknande. Kontrollen skal vere til minst mogleg ulempe for den operative verksemda til tenestene, og utvalet skal i sin kontroll ta omsyn til rikets tryggleik og forholdet til framande makter.

Utvalet utfører legalitetskontroll. Det vil seie at vi til dømes ikkje vurderer kor effektive tenestene er eller korleis dei prioriterer ressursane sine.

Det er sju medlemmar i utvalet. Medlemmane blir valde for inntil fem år av Stortinget i plenum etter innstilling frå Stortingets presidentskap. Varamedlemmar blir ikkje oppnemnde. Utvalet er uavhengig av både regjeringa og Stortinget. Vi kan derfor ikkje bli instruerte av regjeringa, og medlemmar av utvalet kan ikkje på same tid vera stortingsrepresentantar. EOS-utvalet sine medlemmar og tilsette i sekretariatet må ha tryggingsklarering og autorisasjon for høgste nivå både nasjonalt og etter traktat Noreg er tilslutta. Det vil seie tryggingsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG og COSMIC TOP SECRET.

Av dei sju medlemmane har fem ulik partipolitisk bakgrunn. Dei to andre har juridisk og teknologisk fagleg bakgrunn.

Utvalet er støtta av eit sekretariat. Ved utgangen av 2020 hadde sekretariatet 16 personar i fulltidsstillingar – sekretariatsleiar (jurist), seks juridiske saksbehandlarar, fem teknologar, ein tryggingsleiar, ein informasjonsrådgivar og to tilsette med ansvar for økonomi, HR, arkiv og kontordrift.

Utvalet sine utgifter i 2020 har vore på kr 23 257 049 mot budsjett, inkludert overførte midlar, på kr 26 497 000. Av dei ubrukte midlane på kr 3 239 951 er kr 1 300 000 søkt overført til budsjettet for 2021.

I 2019 fekk utvalet kr 29 000 000 til nytt lokale. Per 31. desember 2020 er kr 2 308 669 ubrukt i flytteprosjektet. Dei vil bli overført til 2021 for å dekke resterande kostnadar knytt til prosjektet.

1.2 Oversikt over utvalets verksemd i 2020

1.2.1 Samandrag – hovudpunkt i kontrollen

Politiets tryggingsteneste (PST):

Utvalet har kritisert PST i ei sak som gjeld utveksling av informasjon om ein norsk borgar til ei teneste i eit land der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte. I ein gjennomgang av korleis PST utvekslar informasjon med utanlandske tenester såg utvalet på informasjonsutveksling om ein nordmann som sat fengsla i utlandet. Utvalet uttalte at PST hadde gjort ei mangelfull vurdering av risikoen ved å utlevere opplysningar om vedkommande til PSTs samarbeidspartnar i det aktuelle landet.

Etterretningstenesta:

Utvalet har fullstendig innsynsrett i løpande saker i alle EOS-tenester – med eitt unntak – saker som blir definerte som «særlig sensitiv informasjon» hos Etterretningstenesta. I 2019 og 2020 har vi gått gjennom 19 saker/operasjonar frå fleire år tilbake i tid som ikkje lenger er definerte som «særlig sensitiv informasjon». Utvalet har ikkje funne teikn på at Etterretningstenesta har gått ut over sine fullmakter eller at nokon har fått rettane sine krenka.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Forsvarets Tryggingsavdeling (FSA):

  • I ei klagesak har utvalet konkludert med at ein klagar fekk rettane sine krenka då NSM på feil grunnlag gjorde om ei klareringsavgjerd frå KONFIDENSIELT til inga klarering.

  • Både FSA og NSM fekk kritikk frå utvalet i ei klagesak for uforholdsmessig lang saksbehandlingstid. Det gjekk meir enn fire år frå klagaren sende inn personleg informasjon som grunnlag for klarering til NSM fatta si endelege avgjerd om nekting av tryggingsklarering.

  • Både NSM og FSA fekk kritikk i ei klagesak som gjaldt innsyn i klareringssak. Klagaren blei nekta innsyn i faktiske opplysningar som var skrivne ned i eit internt dokument. Klagaren blei i tillegg pålagd teieplikt under straffansvar for opplysningar klagaren sjølv hadde levert til klareringsorganet.

1.2.2 Utført kontrollverksemd

I 2020 har utvalet gjennomført 16 inspeksjonar og vore alle stader som lova krev. Politiets tryggingsteneste (PST) er inspisert seks gonger, Etterretningstenesta fire gonger, Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) to gonger og Forsvarets tryggingsavdeling (FSA) to gonger. Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrkar er inspisert ein gong kvar.

I 2020 oppretta utvalet 16 saker av eige tiltak, mot 24 i 2019. Sakene vi har teke opp av eige tiltak er hovudsakleg oppfølging av funn frå våre inspeksjonar. Utvalet avslutta 10 saker i 2020 som var teke opp av eige tiltak, mot 17 saker i 2019.

Utvalet undersøker klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. Utvalet tok imot 29 klager på EOS-tenestene i 2020, mot 26 klager i 2019. Klager som fell inn under utvalet sitt kontrollområde blir undersøkt i den eller dei tenestene som klaga rettar seg mot, og utvalet har ein låg terskel for å ta klagesaker til behandling.

EOS-utvalets medlemmar møtast normalt fleire dagar kvar månad, med unntak av juli. Vervet som leiar svarar til omkring 30 prosent stilling og medlemsvervet omkring 20 prosent stilling. Utvalet har i 2020 hatt ni interne heildagsmøte på utvalet sitt kontor, eit ekstraordinært digitalt møte om ugraderte problemstillingar i vår og interne arbeidsmøte på staden i tilknyting til inspeksjonane. I dei interne møta drøftar utvalet planlagde og gjennomførte inspeksjonar, klagesaker, saker teke opp av eige tiltak, meldingar til Stortinget og administrative forhold.

1.2.3 Om EOS-utvalet sine inspeksjonar

Utvalet deler inspeksjonane i ein orienteringsdel og ein inspeksjonsdel. Orienteringane frå tenestene er nyttige for å få tenestene sitt syn på oppgåvene, vurderingane og utfordringane deira. Orienteringstema er i hovudsak valt av utvalet sjølv, men tenesta blir også beden om å orientere om forhold dei meiner er relevante for kontrollen til utvalet. Under inspeksjonane blir utvalet orienterte om mellom anna den løpande verksemda til tenesta, korleis tenesta samarbeider nasjonalt og internasjonalt og saker det har vore offentleg debatt om. Utvalet stiller munnlege spørsmål på staden og skriftlege spørsmål i etterkant. Utvalet har også høve til å kalle inn tilsette i tenestene og andre som er relevante for kontrollen til samtalar eller avhøyr.

I inspeksjonsdelen søker utvalet direkte i dei elektroniske systema til tenestene. Tenestene blir ikkje varsla om kva for søk utvalet gjer. Det gjer at inspeksjonsdelen inneheld rikeleg med umelde element. Sekretariatet førebur inspeksjonane grundig. Det set utvalet i stand til å gjennomføre målretta inspeksjonar.

1.2.4 Kontrollmodellen

EOS-utvalet blei evaluert i 2016 av Solbakken-utvalet. Det blei gjort nokre endringar som følge av evalueringa, men hovudmodellen med at utvalet kontrollerer all EOS-teneste, og at utvalet har sju medlemmar med variert bakgrunn, bestod.

Med innføringa av ny lov om Etterretningstenesta og eventuelt metoden tilrettelagt innhenting av grenseoverskridande kommunikasjon (TI) vil utvalet få mange nye oppgåver. Utvalet vil få pengar til å opprette fleire stillingar i sekretariatet, men det påverkar også arbeidet til sjølve utvalet. I innstillinga til ny lov om Etterretningstenesta skreiv utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget:

«Komiteen har merket seg innspill fra EOS-utvalget der det påpekes at den eventuelle nye kontrolloppgaven vil gjøre det nødvendig med en gjennomgang av utvalgets kontrollvirksomhet og prioriteringer, og at utvalget ved behov vil komme tilbake til Stortinget etter å ha høstet erfaringer med den nye kontrolloppgaven.»

Innspelet komiteen viser til er eit brev utvalet sende utanriks- og forsvarskomiteen i samband med Stortinget si behandling av ny lov om E-tenesta. Kontroll- og konstitusjonskomiteen og presidentskapet fekk kopi av brevet.

I brevet gav utvalet uttrykk for ei forventing om at ein løpande kontroll av tilrettelagt innhenting «vil gjøre det nødvendig med en gjennomgang av utvalgets kontrollvirksomhet og prioriteringer».

Hausten 2020 har utvalet begynt på eigne vurderingar av korleis kontrollmodellen kan bli vidareutvikla innanfor gjeldande rammevilkår for medlemmane i utvalet.

Utvalet ser mellom anna på om det er mogleg å auke utvalet sin inspeksjonskapasitet ved å dele utvalet og utvikle nye måtar å gjennomføre inspeksjonar på. Tilgang til tenestene sine system frå kontoret til utvalet vil også kunne auke kapasiteten. I tillegg er utvalet i gang med i større grad å gjere risikovurderingar av kor og kva for tema vi skal inspisere. Utvalet kjem tilbake til eventuelle behov for lovendringar og budsjettmessige konsekvensar av det vidare arbeidet med kontrollmodellen.

1.2.5 Behov for fleire juristar til sekretariatet

Dei siste åra har PST fått ei rekke nye overvakingsheimlar. Tenesta har i tillegg fått utvida åtgang til bruk av eksisterande heimlar til avverjande og førebyggande føremål. Og i eit innlegg på regjeringen.no i februar 2021 skreiv forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justis- og beredskapsminister Monica Mæland at «Vi jobber i dag med å utrede og oppdatere PSTs hjemler. Utvalet er enige i at PST ikke kan være en analog tjeneste i en digital tid og ser også på hvordan tjenestens rolle som innenlands etterretningstjeneste bør styrkes».

Ny etterretningstenestelov (2020) og den nye sikkerhetsloven (2018) fører også til at det blir stilt auka krav til utvalet sin kontroll. Det same gjer eit stadig tettare og meir organisert samarbeid mellom EOS-tenestene. Samla sett gir dette utvalet fleire og meir kompliserte juridiske spørsmål å vurdere. Det er ei betydeleg bør for utvalet å bere at kontrollmekanismar i aukande grad blir sett på som føresetnadar for at overvakingsheimlane er lovlege.

Utvalet kan ikkje møte desse krava på ein tilfredsstillande måte med den juridiske kapasiteten i sekretariatet i dag, og utvalet meiner det er nødvendig med ei ytterlegare styrking av sekretariatet fram til 2025.

Med jamne mellomrom får utvalet store og særs arbeidskrevjande saker å arbeide med. I arbeidet med desse sakene er det for utvalet maktpåliggande å ha nok juristar til både å kunne ta seg av den ordinære kontrollen og arbeide med slike særlege undersøkingar. Det har utvalet ikkje i dag. Slik situasjonen er no, er det ikkje juridisk kapasitet i sekretariatet til å undersøke saker i EOS-tenestene i den utstrekning som utvalet ønsker.

Utvalet vil i samband med budsjettarbeidet for 2022 presentere ei oversikt over det forventa budsjettbehovet fram til 2025.

1.2.6 Koronapandemien og kontrollverksemda i 2020

Smitteverntiltak som følge av koronapandemien har ført til at kontrollverksemda blei meir avgrensa enn planlagt i 2020. Frå mars til mai 2020 gjennomførte utvalet eit digitalt, ugradert møte og to inspeksjonar med færre utvalsmedlemmar enn vanleg til stades. Frå juni 2020 har utvalet si verksemd vore tilnærma normal, men med noko redusert deltaking på inspeksjonar av smittevernomsyn.

Utvalet har hatt ein god dialog med EOS-tenestene om tilrettelegging for inspeksjonane og førebuingane til sekretariatet, i lys av tilrådingar, tiltak og pålegg frå styresmaktene. Som det kjem fram av punkt 2.2 har EOS-utvalet oppfylt minstekrava til inspeksjonsverksemda i 2020.

Saksbehandlingskapasiteten til sekretariatet blei kraftig redusert i perioden mars til mai 2020. Hausten 2020 har dei fleste arbeidd på kontoret, fordi berre eit mindretal av dei tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene sine heimanfrå. Alle tilsette har eige cellekontor, og det har vore lagt til rette for at tilsette i sekretariatet kunne komme seg til og frå jobb utan å bruka kollektivtransport.

Pandemien har ført til auka saksbehandlingstid i klagesaker og i saker utvalet har teke opp av eige tiltak. Utvalet har også teke opp færre saker av eige tiltak enn vi ville gjort i eit normalår.

1.3 25 år med EOS-utvalet

1.3.1 Kontrollutviklinga dei siste 25 åra

Både tenestene og utvalet sin kontroll har gått gjennom ei rivande utvikling sidan midten av 90-talet og fram til i dag. Budsjetta til tenestene har auka kraftig, og utvalet sitt sekretariat har mangedobla seg.

Inspeksjonane på 90-talet og tidleg 2000-tal var dominert av papirmapper og hyppige besøk i arkiva til tenestene. I dag har EOS-utvalet, med støtte frå sekretariatets teknologar, tilgang til dei same digitale verktøya som tenestene sjølv nyttar. Det gjer at sjølv om tenestene i dag har mykje meir informasjon som skal bli kontrollert, er føresetnadane for ein effektiv kontroll langt betre no enn i 1996.

Ikkje berre har verda, tenestene og utvalet opplevd ei enorm teknologisk utvikling. Hendingar både i Noreg og utlandet har gjort at tenestene sine lovverk og prioriteringar har blitt endra. Særleg PST har fått lov til å bruke mange fleire metodar – også i førebyggande saker. Og ny lov om E-tenesta tredde i kraft 1. januar 2021. Alt dette skal bli kontrollert av utvalet med støtte frå sekretariatet. På 90-talet var det eit par personar som støtta dei sju medlemmane i utvalet.

I løpet av 2021 vil sekretariatet passere 20 tilsette. Nesten ein tredjedel av dei vil vera teknologar, noko som gjer at moglegheitene for utvalet til å føre kontroll med kompliserte datasystem og store datamengder i tenestene no er ein heilt annan enn for berre få år sidan.

Men det er ein viktig ting som ikkje har endra seg dei siste 25 åra – EOS-utvalet sitt mandat. Vår hovudoppgåve er framleis å klarlegge om og førebygge at enkeltpersonar sine rettar blir krenka, at EOS-tenestene si verksemd ikkje utilbørleg skader samfunnet sine interesser, og at våre hemmelege tenester held seg innanfor lov og regelverk.

Sjølv om mandatet til utvalet i sin kjerne har vore uendra, har kontrollmetodane vore i stadig utvikling. EOS-kontrolloven har særleg vist seg effektiv i møte med tenester som ikkje alltid har vore velvillig innstilte overfor innsynskrava frå utvalet. Innsynsretten er ein heilt grunnleggande føresetnad for kontrollen – og for tilliten til han. I lys av endringar i både regelverk og tekniske moglegheiter, er det ei løpande oppgåve for utvalet å sjå til at EOS-tenestene legg til rette for kontrollen.

1.3.2 Tal og fakta frå 25 år med demokratisk kontroll av Noreg sine hemmelege tenester

Når denne årsmeldinga blir overlevert til Stortinget i mars 2021 er det ganske nøyaktig 25 år sidan EOS-utvalet hadde sitt fyrste møte. Sidan det har utvalet hatt hundrevis av møte, levert 25 årsmeldingar og 11 særskilde meldingar:

  • Særskilt melding om graderte opplysninger i Frode Berg-saken (2021)

  • Om PSTs ulovlige innhenting og lagring av flypassasjeropplysninger (2019)

  • Om ulik praksis for sikkerhetsklarering av personer med tilknytning til andre stater (2019)

  • Rettsgrunnlaget for Etterretningstjenestens overvåkingsvirksomhet (2016)

  • Utvalgets taushetsplikt overfor evalueringsutvalget (2014)

  • Undersøkelse av påstander om politisk overvåking og PSTs bruk av Christian Høibø som kilde (2014)

  • Undersøkelse av opplysninger om norske kilder mv. i Etterretningstjenesten (2013)

  • PSTs registering av personer tilknyttet to muslimske miljøer (2013)

  • Overvåking av norske borgere i Norge foretatt av SDU (2011)

  • Undersøkelse av POTs metodebruk i Treholt-saken (2011)

  • Undersøkelse av Overvåkingstjenestens innhenting av opplysninger fra tidligere DDR (1996)

Ei oppteljing frå mars 1996, då utvalet hadde sitt fyrste møtet, til og med desember 2020 viser følgande statistikk: Utvalet har motteke 627 klager, oppretta 474 saker på eige tiltak, gjennomført 591 inspeksjonar og hatt 458 møte.

EOS-utvalets fyrste leiar var Per N. Hagen (1996–1997), før Rikard Olsvik overtok i 1997 og leia utvalet til 1999. Frå 1999 til 2006 var det Leif Mevik som leia utvalet, før Helga Hernes var leiar frå 2006 til 2011. Eldbjørg Løwer er til no den lengst sitjande leiaren for utvalet (2011–2019). Noverande leiar Svein Grønnern går av som leiar sommaren 2021 etter 25 år som EOS-kontrollør.

I samband med 25-årsjubileet gir utvalet ut ein jubileumspamflett som inkluderer bidrag frå både noverande og tidlegare utvalsmedlemmar og eksterne personar som har følgt utvalet over fleire år.

1.4 Politiets tryggingsteneste (PST)

1.4.1 Generelt om kontrollen

I 2020 har utvalet gjennomført fire inspeksjonar i PST si sentrale eining (DSE). I tillegg er PST-einingane i Vest og Troms inspiserte.

I inspeksjonane kontrollerer vi særleg:

  • Innhenting og behandling av personopplysningar.

  • Nye og avslutta førebyggande saker, avverjande etter forskingssaker og etterforskingssaker.

  • Bruken av skjulte tvangsmiddel (til dømes telefon- og romavlytting, dataavlesing og hemmeleg ransaking).

  • PST si utveksling av informasjon med innanlandske og utanlandske samarbeidspartnarar.

1.4.2 Deling av informasjon med statar der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte

1.4.2.1 Innleiing

Utvalet kontrollerer om vilkåra for PST si utlevering av informasjon til utanlandske samarbeidande tenester er oppfylte.

Utvalet har i ei fråsegn til PST hatt merknadar til tenesta si utveksling av informasjon om ein norsk borgar til ei teneste i eit land der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte. I same sak kom utvalet med sitt syn på PST sitt samarbeid med den utanlandske tenesta og PST si innhenting av forsikringar før informasjon blir delt.

1.4.2.2 PST si deling av opplysningar om norsk statsborgar til utanlandsk samarbeidande teneste

Utvalet gjekk gjennom PST si informasjonsutveksling med ei utanlandsk teneste om ein nordmann som sat fengsla i utlandet. PST hadde ei etterforskingssak mot vedkommande.

PST blei beden om å gjere greie for sitt samarbeid med den utanlandske tenesta og om utveksling av opplysningar om den norske statsborgaren var nødvendig og forholdsmessig.

Tenesta viste til at dei hadde fylt ut eit internt risikovurderingsskjema før dei fyrste gong delte informasjon om nordmannen med den utanlandske tenesta. PST rekna det som «lite sannsynlig» at informasjonsdelinga ville få negative konsekvensar for personen, i og med at vedkommande allereie sat fengsla då delinga skjedde.

Utvalet hadde eit noko anna syn på dette. Vi kunne ikkje sjå at det utfylte skjemaet i tilstrekkeleg grad synleggjorde at PST hadde gjort ei heilskapleg vurdering av om utleveringa var forholdsmessig. Utvalet uttrykte at nettopp det at personen sat fengsla, gjorde det nødvendig med ei meir grundig vurdering av om vilkåra for deling var til stades. Etter vårt syn hadde PST gjort ei mangelfull vurdering av risikoen ved å utlevere opplysningar om vedkommande.

PST si seinare avgjerd om å dele informasjon frå si eiga etterforskingssak var gjennomarbeida og grundig. Utvalet meiner likevel at PST også burde ha vurdert fleire risikoreduserande tiltak. Tenesta kunne ha henta inn forsikringar frå den aktuelle tenesta om evna og viljen til å etterleve menneskerettane før PST delte opplysningar om den då fengsla norske statsborgaren.

1.4.2.3 PST sitt vidare samarbeid med den utanlandske tenesta

Etter at PST hadde utveksla informasjonen omtalt ovanfor fekk tenesta indikasjonar på at den utanlandske tenesta skal ha brukt opplysningar frå PST i strid med føresetnadane PST hadde sett for bruken av dei. PST informerte utvalet om at det ikkje var noko som tydde på at den utleverte informasjonen blei brukt mot den norske statsborgaren, verken i ei straffesak eller at nordmannen blei utsett for grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

Som følge av desse indikasjonane vurderte PST å stanse deling av opplysningar med den utanlandske tenesta. PST fekk ikkje fullstendig klarlagt om opplysningar frå tenesta var blitt brukt i strid med føresetnadane som dei hadde sett. PST valde likevel å oppretthalde informasjonsdelinga og samarbeidet med den utanlandske tenesta.

At utveksla opplysningar kan ha blitt brukt i strid med PST sine føresetnadar illustrerer kjernen i problemstillinga knytt til deling av personopplysningar med statar der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte. Utvalet uttalte at det er problematisk at PST har halde fram med å dele opplysningar med den aktuelle utanlandske tenesta, utan at det moglege misbruket til den utanlandske samarbeidande tenesta av tidlegare delte opplysningar frå PST var blitt fullstendig klarlagt.

1.4.2.4 Om PST si innhenting av forsikringar før informasjon blir delt

PST har ein rutine for kva tenesta skal gjere før kvar enkelt utlevering av opplysningar til land der det er risiko for brot på menneskerettane. Når utlevering av personopplysningar kan føre til risiko for brot på menneskerettane, skal PST vurdere å hente inn forsikringar om mottakaren sin evne og vilje til å etterleve menneskerettane.

I saka omtalt over, var det ikkje innhenta forsikring frå den utanlandske tenesta. PST meinte at slike forsikringar har «meget begrenset, om noen, verdi», då det er vurderingar og undersøkingar som tenesta sjølve har gjort internt før deling som kan hindre grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling. PST opplyste at delingar tenesta har gjort også inneheld vilkår/klausular om at «informasjonen kun er delt som etterretningsinformasjon og at den ikke kan deles videre med andre myndigheter eller benyttes til påtale eller andre juridiske prosesser, uten etter samtykke fra PST».

Før PST i konkrete tilfelle kjem fram til at tenesta skal utlevere personopplysningar til land der det er risiko for brot på menneskerettane, la utvalet til grunn at tenesta vurderer om innhenting av forsikringar er eit aktuelt tiltak for å avklare om mottakaren har evne og vilje til å etterleve menneskerettane.

Utvalet har merka seg at PST har komme fram til at alle skriv frå PST til samarbeidande tenester, der personopplysningar blir delte, skal ha ei ny og utfyllande klausulering som presiserer allereie gjeldande praksis om å unngå grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling som følge av at opplysningar blir utlevert. Dette meiner utvalet er positivt.

Utvalet la til grunn at PST held seg oppdatert om eventuelle endringar i menneskerettssituasjonen i aktuelle land, inkludert korleis utanlandske samarbeidande tenester etterlever menneskerettane. Utvalet la også til grunn at norske tenester må utvise varsemd når det gjeld informasjonsutveksling om enkeltpersonar med statar der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte.

1.4.3 Oppfølging av særskilt melding om PST si ulovlege innhenting og lagring av flypassasjeropplysningar

Den 5. desember 2019 kom EOS-utvalet med ei særskild melding til Stortinget «Om PSTs ulovlige innhenting og lagring av flypassasjeropplysninger». I meldinga retta utvalet skarp kritikk mot PST for at tenesta hadde samla inn og oppbevart flypassasjeropplysningar ulovleg.

EOS-utvalet har spurt PST korleis tenesta har følgt opp meldinga. PST har svart at dei har gjort ei rekke interne tiltak for å få oversikt over opplysningane og behandla dei i samsvar med det utvalet har peika på og rammene som lova set fast. Det er eit omfattande materiale som er samla inn over fleire år.

I meldinga kritiserte utvalet også at tenesta mangla tilstrekkeleg internkontroll og dokumentasjon av si eiga verksemd med å hente inn opplysningar. PST er no i ferd med å etablere ei ny eining som skal ha ansvar for internkontroll og risikostyring i tenesta.

Utvalet er nøgd med oppfølginga til tenesta så langt, og utvalet vil følge opp vidare.

1.4.4 Avviksmeldingar frå PST

PST har dei siste åra på eige initiativ orientert utvalet om avvik. Utvalet er positiv til at PST rapporterer avvik som tenesta sjølv oppdagar. I år har tenesta orientert om tre forhold.

Eit av avvika var knytt til bruk av falsk basestasjon. Saka var den at eit politidistrikt spurde PST om bistand til å lokalisere ein mobiltelefon i ei alvorleg sak. Spørsmål om bistand kom ikkje skriftleg, slik det normalt skal gjere. Det viste seg at sjølv om politidistriktet hadde fått kjennelse for å kunne bruke kommunikasjonskontroll i saka, var bruk av falsk basestasjon ikkje omfatta av kjennelsen. PST har rapportert saka til Riksadvokaten og skjerpa sine rutinar knytt til spørs mål om bistand frå det ordinære politiet.

Det andre avviket hadde samanheng med innføringa av ny straffelov. Etter at ny lov blei innført, blei heimelsgrunnlaget for nokre av tenesta sine oppgåver uklart. Dette kan ha ført til feilregistreringar i registeret til PST. Tenesta har sett ned ei gruppe som går gjennom dei aktuelle registreringane. Samstundes arbeider PST med å klargjere heimelen.

Til sist har PST orientert om eit mogleg avvik ved overføring av personopplysningar frå eit register og inn i etterretningsregisteret Smart. Tenesta har orientert utvalet om at ho skal gå gjennom heile sitt internkontrollsystem.

1.4.5 Klagesaker mot PST

Utvalet har i 2020 motteke 19 klager retta mot PST, mot 13 i 2019. Fleire av klagene var på same tid retta mot andre EOS-tenester.

Utvalet sine fråsegner til klagarar skal vere ugraderte. Informasjon om at nokon har vore overvakte eller ikkje, er tryggingsgradert om ikkje anna blir bestemt. Det tyder at ein klagar i utgangspunktet ikkje kan få vite om vedkommande er overvakt av PST eller ikkje. Av EOS-kontrolloven kjem det fram at det ved klager mot tenestene om overvakingsverksemd berre skal uttalast om klaga har gitt grunn til kritikk eller ikkje.

Utvalet har i 2020 avslutta 13 klagesaker mot PST. Ingen av klagesakene har ført til kritikk mot tenesta.

1.5 Etterretningstenesta (E-tenesta)

1.5.1 Generelt om kontrollen

Utvalet har i 2020 gjennomført tre inspeksjonar av E-tenesta sentralt, i tillegg til inspeksjon av E-tenesta sin stasjon på Eggemoen i Ringerike, som driv med innsamling mot utvalde satellittar.

I inspeksjonane i E-tenesta fører vi særleg kontroll med:

  • At tenesta ikkje bryt med det lovfesta forbodet mot å overvake eller på annan fordekt måte hente inn informasjon om personar som oppheld seg i Noreg.

  • E-tenestas tekniske informasjonsinnhenting.

  • Behandlinga av opplysningar i datasystema til tenesta.

  • Informasjonsutvekslinga med innanlandske og utanlandske samarbeidande tenester.

  • Nasjonal kontroll med E-tenestas stasjonar, utstyr, metodar og informasjonsdeling.

  • Saker som er særleg viktige og av prinsipiell karakter som er lagt fram for Forsvarsdepartementet («foreleggelsessaker») og interne godkjenningssaker.

Utvalet sin fulle innsynsrett i tenestene har berre eitt unntak – det som er definert som særleg sensitiv informasjon hos E-tenesta. Utvalet får jamleg informasjon om omfanget av informasjon som er i denne kategorien.

1.5.2 Nasjonal kontroll med informasjon som E-tenesta deler med utanlandske partnarar

I årsmeldinga for 2019 omtalte vi vårt tilsyn med korleis E-tenesta sikrar nasjonal kontroll med kva for etterretningsinformasjon som blir gjort kjent for utanlandske samarbeidspartnarar. Utvalet har i 2020 gått gjennom E-tenesta sine sentrale samarbeidsavtalar. Utvalet har vore oppteke av å kontrollere om avtalane er eigna til å sikre at den nasjonale kontrollen med kva for informasjon som blir gjort kjent for utanlandske samarbeidspartnarar, er teke vare på.

E-tenesta har gitt tilfredsstillande svar på spørsmåla frå utvalet, og vi har understreka kor viktig den nasjonale kontrollen på dette området er.

Utvalet har vidare vist til at føremålet med vilkåret om nasjonal kontroll mellom anna er å legge til rette for etterhandskontroll, noko som også kjem fram av proposisjonen til ny lov om Etterretningstjenesten.

Utvalet er merksame på at det innanfor enkelte samarbeidsområde vil vere utfordrande for E-tenesta å rekonstruere all informasjon for etterhandskontroll. Utvalet har likevel gått ut frå at det blir lagt best mogleg til rette for utvalet sin etterhandskontroll av innhaldet i utveksla informasjon som kan innehalda opplysningar om norske borgarar. Dette gjeld både eksisterande og nye samarbeidsplattformar.

EOS-utvalet har følgt med i media på utviklinga i Danmark knytt til den såkalla FE-skandalen. Den har bakgrunn i ei særskilt melding om Forsvarets Efterretningstjeneste (FE) frå kontrollorganet Tilsynet med Efterretningstjenesterne og påstandar i dansk media om manglande nasjonal kontroll i Danmark med korleis etterretningsinformasjon blir delt med ein utanlandsk partnar.

Nasjonal kontroll har vore eit viktig kontrollområde i mange år, og det vil vera det framover. I 2020 inspiserte utvalet mellom anna E-tenesta sin stasjon på Ringerike som samlar inn informasjon frå satellittar.

1.5.3 Om forbodet mot fordekt innsamling mot personar i Noreg

Etter e-lova § 4 fyrste ledd er det forbode å overvake eller på annan fordekt måte innhente informasjon om norske personar på norsk territorium.

Utvalet har i 2020 avslutta to saker der vi har vurdert forholdet til dette forbodet. Sakene har det til felles at E-tenesta si verksemd, som skal vera retta mot forhold som er relevante for utanlandsetterretning, gjeld norske personar i Noreg indirekte – altså at nordmenn i utlandet som er under overvaking av E-tenesta har kontakt med nordmenn i Noreg. Ingen av sakene har ført til kritikk av E-tenesta.

I ei av sakene vurderte utvalet om E-tenesta hadde forsøkt å innhente opplysningar om ein nordmann i Noreg via eit mål i utlandet.

På spørsmål frå utvalet, svarte E-tenesta at føremålet med innhentinga mot målet i utlandet ikkje var å innhente «innenlands norsk til norsk kommunikasjon i strid med e-lova § 4» eller noko «aktivt forsøk på å innhente overskuddsinformasjon fra den norske forbindelsen». Tenesta erkjente at nokre av formuleringane i det skriftlege grunnlagsmaterialet var utydelege og «kunne gi rom for tvil om hva som var det egentlige formålet med innhentingen».

Med bakgrunn i dokumenta i saka og svara frå E-tenesta kom utvalet til at E-tenesta ikkje hadde handla i strid med e-lova § 4 fyrste ledd.

Utvalet oppmoda likevel E-tenesta til å formulere grunngivingane for å sette i gang fordekt innhenting mot personar i utlandet på ein tydelegare måte i tilsvarande saker framover. Vidare bad vi E-tenesta om at det må komme klarare fram i det skriftlege grunnlagsmaterialet at det ikkje skal setjast i gang innhenting mot nordmenn i Noreg via ein person i utlandet.

1.5.4 Problemstillingar knytt til eldre database med etterretningsmål

I ei sak om E-tenesta si behandling av personopplysningar i ein eldre database med etterretningsmål spurde utvalet om behandlinga av personopplysningar om enkelte nordmenn i databasen, sidan det i nokre tilfelle var uklart kva som var bakgrunnen for registreringa. Utvalet spurde også korfor enkelte nordmenn var registrerte som «ikkje-norske» i måldatabasen.

E-tenesta svarte at tekniske system i tenesta «historisk sett i liten grad har vært tilrettelagt for sletting». E-tenesta erkjente at ikkje all informasjon i måldatabasen per i dag er etterretningsrelevant informasjon, men at delar av dei registrerte opplysningane har fått meir «historisk karakter».

I utvalets avsluttande brev merka utvalet seg at tenesta opplyste at fleire av personane ville bli sletta frå måldatabasen. Utvalet viste til at nødvendigheitsprinsippet er eit grunnleggande personvernprinsipp som er styrande for kor lenge personopplysningar kan bli behandla. Det vil seie at når føremålet er nådd, eller ikkje lenger er til stades, skal opplysningane bli sletta.

Utvalet uttrykte mellom anna at plikta til å slette personopplysningar som ikkje lenger er nødvendige for føremålet også omfattar personopplysningar som blir behandla i måldatabasen. Slik utvalet ser det, var E-tenesta sin eldre måldatabase dårleg eigna til å sikre sletting av personopplysningar som ikkje lenger er nødvendige å ha. Utvalet uttrykte at dette er uheldig, sjølv om det er historiske årsaker til at systemet i liten grad har vore tilrettelagt for sletting. Dette er ei utfordring som E-tenesta må løyse.

Utvalet peika i denne saka på at det er krevjande ut frå eit kontrollperspektiv når nordmenn i databasen ikkje er merkte som norske. Derfor forventar utvalet at det blir implementert system og rutinar som sikrar at det blir registrert korrekt nasjonalitet.

Til slutt uttalte utvalet:

«Etter utvalgets syn, må E-tjenesten implementere helhetlige rutiner og systemer som sikrer at personopplysninger som behandles av tjenesten blir slettet når opplysningene ikke lenger er nødvendige for formålet. Dette gjelder uavhengig av om EOS-utvalget ber E-tjenesten om å redegjøre for nødvendigheten. Det er E-tjenestens ansvar å sørge for at personopplysninger ikke behandles i strid med nødvendighetskravet. Utvalget skal ikke sørge for, men kontrollere at E-tjenesten følger loven. Tjenesten oppfordres til ev. å gå i dialog med departementet om hvordan dette kan løses rent teknisk.»

Utvalet vil frå og med 2021 kontrollere E-tenesta si behandling av personopplysingar opp mot krava i den nye e-lova.

1.5.5 Gjennomgang av informasjon tidlegare definert som særleg sensitiv

Opplysningar i E-tenesta som er definerte som «særlig sensitiv informasjon» er unnateke innsynet til utvalet. Det er det einaste innsynsunntaket som Stortinget har sett for EOS-utvalet.

«Særlig sensitiv informasjon» er ifølge E-tenesta sin definisjon informasjon der det blir røpt opplysningar om:

  • «1. Identiteten til E-tjenestens og utenlandske partneres menneskelige kilder.

  • 2. Identiteten til utenlandske partneres særskilt beskyttede tjenestemenn.

  • 3. Personer og operative planer i okkupasjonsberedskapen.

  • 4. E-tjenestens og/eller utenlandske partneres særlig sensitive utenlandsoperasjoner som ved kompromittering

    • a) alvorlig kan skade forholdet til fremmed makt grunnet operasjonens politiske risiko,

    • b) eller kan medføre alvorlig skade eller tap av liv for eget personell eller tredjepersoner.»

I samband med inspeksjonane utvalet har i E-tenesta, ber utvalet regelmessig om å bli haldne orientert om omfanget og utviklinga av saker og operasjonar som tenesta definerer som «særlig sensitiv informasjon». E-tenesta gir utvalet ei oversikt over kor mange og kva type slike saker det for tida er. Når informasjonen ikkje lenger er definert som særleg sensitiv, blir informasjonen tilgjengeleg for utvalet.

Utvalet har i 2019 og 2020 gått gjennom 19 saker/operasjonar frå fleire år tilbake i tid som ikkje lenger er definerte som særlig sensitiv informasjon. Utvalet har ikkje funne eikn på at E-tenesta har gått ut over sine fullmakter eller at nokon har fått rettane sine krenka.

1.5.6 Ny e-lov og kontroll av tilrettelagt innhenting

1.5.6.1 Om ny lov om Etterretningstenesta

2020 var det siste året EOS-utvalet kontrollerte E-tenesta etter lova frå 1998. Frå 1. januar 2021 gjeld den nye lova som Stortinget vedtok i 2020. Den har komme mellom anna som følge av at vi i 2016 leverte ei særskild melding til Stortinget om rettsgrunnlaget for E-tenesta si overvakingsverksemd. Der bad utvalet Stortinget om å greie nærare ut om E-tenesta burde få tydelegare heimlar for metodebruken – med bakgrunn i den faktiske, teknologiske og rettslege utviklinga.

EOS-utvalet har ikkje meiningar om kva metodar E-tenesta skal bruke for å utføre sitt oppdrag. Men utvalet er nøgde med at den nye lova er meir detaljert og oppdatert. Vonleg vil det bli lettare for utvalet å kontrollere E-tenesta enn det har vore fram til no.

Utvalet sende i mai 2020 eit innspel til Stortinget si behandling av lova før ho blei vedteken i juni 2020. Brevet er vedlagt årsmeldinga som vedlegg 3.

1.5.6.2 Om metoden tilrettelagt innhenting

Tilrettelagt innhenting av grenseoverskridande elektronisk kommunikasjon, gjerne forkorta TI, er ein av fleire metodar den nye lova om Etterretningstenesta gir heimel for. TI er ein heilt ny metode og er via mykje plass i både lova og forarbeida. Metoden gir E-tenesta tilgang til ein kopi av elektronisk kommunikasjon som kryssar Noregs grenser i kablar.

Søk i metadata og innsamling av innhaldsdata krev godkjenning gjennom ein uavhengig førehandskontroll i Oslo tingrett. EOS-utvalet skal gjere ein løpande kontroll av TI, i tillegg til den ordinære etterfølgande kontrollen av E-tenesta. EOS-utvalet skal også kontrollere at E-tenesta ikkje går ut over dei løyva som tenesta får gjennom førehandskontrollen i Oslo tingrett.

Iverksettinga av TI-kapitla i ny e-lov (kapittel 7 og 8) er utsett på grunn av behovet for ytterlegare rettslege avklaringar opp mot EU-retten og menneskerettane. Samstundes går arbeidet med å førebu TI sin gang i tenesta. EOS-utvalet må på same måte halde fram med sine førebuingar for å følge med på det som blir utvikla i tenesta og få på plass nødvendig kontrollfunksjonalitet i god tid før TI eventuelt blir teke i bruk.

1.5.6.3 Om kontroll med tilrettelagt innhenting

EOS-utvalet sitt arbeid med TI vil skje i fleire fasar. Fyrste del er å bygge opp kompetanse i både utvalet og sekretariatet.

Dette har allereie starta. Det er sett i gang eit arbeid for å hente inn fleire personar med ny kompetanse til sekretariatet. Vidare må utvalet etter kvart hente inn meir detaljert informasjon frå E-tenesta om kva tenesta planlegg og jobbar med når det gjeld TI. Ein dialog med E-tenesta er viktig for å innarbeide kontrollfunksjonalitet i sjølve TI-systemet. Det er også i gang eit arbeid med å definere sjølve kontrollmetodikken, med ein rimeleg balanse mellom inspeksjonar, rapportar, statistikk, stikkprøvar og andre kontrollmetodar. Arbeidsdelinga mellom utvalet og sekretariatet må avklarast nærare.

I samband med dei nye oppgåvene til EOS-utvalet har Stortinget løyva ekstra pengar. Dermed kan vi i 2021 tilsetje nye juristar, teknologar og ein kontorsjef.

1.5.7 Avvik i den tekniske informasjonsinnsamlinga

Utvalet avdekka mot slutten av 2019 ein feil i den tekniske informasjonsinnhentinga til tenesta. E-tenesta skulle ha avslutta overvakinga etter at det ikkje lenger var ei kopling mellom kommunikasjonsmiddelet som blei overvakt og brukaren av det.

Tenesta erkjente til utvalet i starten av 2020 at feilen utgjorde eit avvik, sjølv om feilen ikkje hadde ført til noko innsamling av informasjon/data. Utvalet har oppretta sak av eige tiltak om avviket. Utvalet vil komme tilbake til resultatet av undersøkingane i årsmeldinga for 2021.

1.5.8 Klagesaker mot E-tenesta

Utvalet har i 2020 motteke åtte klager retta mot E-tenesta, mot tre i 2019. Alle dei åtte klagene var på same tid retta mot andre EOS-tenester.

Utvalet sine fråsegner til klagarar skal vere ugraderte. Informasjon om at nokon har vore overvakt eller ikkje, er tryggingsgradert om ikkje anna blir bestemt. Det tyder at ein klagar i utgangspunktet ikkje kan få vite om vedkommande er overvakt av E-tenesta eller ikkje. Av EOS-kontrolloven kjem det fram at det ved klager mot tenestene om overvakingsverksemd berre skal bli uttalt om klaga har gitt grunn til kritikk eller ikkje.

Utvalet har i 2020 avslutta seks klagesaker mot E-tenesta. Ingen av klagesakene har ført til kritikk av tenesta.

1.6 Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

1.6.1 Generelt om kontrollen

I 2020 har utvalet gjennomført to inspeksjonar i NSM. I den eine inspeksjonen var klareringssaker hovudtemaet. I den andre inspeksjonen var utvalet på inspeksjon hos Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC).

NSM har status som direktorat med overordna ansvar for førebyggande tryggingsteneste etter sikkerhetsloven. NSM klarerer eigne tilsette, i tillegg til å vere klageinstans for klareringsvedtak fatta av andre klareringsorgan.

I inspeksjonane kontrollerer vi særleg:

  • NSM si behandling av saker der klarering er nekta, nedsett eller suspendert av klareringsorganet, og behandling av klager over slike saker.

  • NSM sitt samarbeid med andre EOS-tenester.

  • NSM si behandling av personopplysningar.

  • NSM sine tekniske kapasitetar.

Oppgåva til klareringsorgana er å vurdere om personar er pålitelege, lojale, har god dømmekraft, og om ho eller han er skikka til å behandle tryggingsgradert informasjon. Ei avgjerd om tryggingsklarering kan få avgjerande tyding for karrieren til enkeltpersonar. Derfor er det særs viktig at desse sakene blir behandla på ein rettssikker og rettferdig måte av klareringsorganet. Utvalet har derfor stor merksemd retta mot desse sakene – også fordi saksbehandlinga i klareringssaker er meir lukka enn i andre forvaltingsavgjerder.

1.6.2 Klagesaker mot NSM

1.6.2.1 Innleiing

Utvalet har i 2020 motteke 12 klager mot NSM, mot 9 i 2019. Klagesakene gjaldt både overvaking og spørsmål om tryggingsklarering eller innsyn i ei klareringssak.

I saker der utvalet kritiserer NSM, får klagaren ei grunngiving for utvalet sin konklusjon.

I 2020 avslutta vi 16 klager mot NSM. I seks av klagene har utvalet gitt kritikk. Fire av desse sakene blir omtalt nedanfor. I dei to siste sakene kritiserte utvalet NSM for lang saksbehandlingstid.

1.6.2.2 Klagesak 1 – NSM sitt høve til å gjere om på klareringsavgjerda til skade for klagaren

Klagaren fekk av fyrsteinstansen tryggingsklarering for KONFIDENSIELT på vilkår. Personen klaga avgjerda inn til NSM, som ved behandlinga av klaga skjerpa avgjerda slik at personen blei nekta klarering.

Med heimel i forvaltningsloven §§ 34 og 35 kan eit vedtak berre på nærare vilkår bli gjort om til skade for den som vedtaket rettar seg mot. Mellom anna gjeld det ein frist på tre månader for å gjere om ei avgjerd til skade for parten i ei klagesak. I denne saka tok det over eitt år frå klaga blei sendt inn til klageinstansen fatta si avgjerd som var til skade for klagaren.

På bakgrunn av klaga stilte utvalet spørsmål til NSM og seinare til Justis- og beredskapsdepartementet. Utvalet spurde om NSM sitt høve til å gjere om på ei klareringsavgjerd til skade for hovudpersonen i saker der det har gått meir enn tre månader sidan hovudpersonen klaga over avgjerda.

I svaret til utvalet uttalte Justisdepartementet at fristane i forvaltningsloven §§ 34 og 35 for omgjering til skade for hovudpersonen også gjeld i klareringssaker. Samstundes meinte departementet at omgjering til skade for hovudpersonen kan skje der omsynet til nasjonale tryggleiksinteresser veg tyngre enn omsynet ein person som er bedt klarert.

Utvalet konstaterte at NSM si vurdering av sin eigen kompetanse til å gjere om til skade for hovudpersonen i klagesaka var mangelfull, og utvalet la til grunn at NSM ikkje hadde høve til å gjere om på avgjerda til skade for hovudpersonen i klagesaka. Utvalet uttalte at når NSM er utanfor fristen for endring til skade i forvaltningsloven § 34 tredje ledd, er det av omsyn til klagaren viktig at heimelsgrunnlaget og grunngivinga for endringa går klart fram av avgjerda.

Samstundes la utvalet til grunn at NSM kunne ha makt til å gjere om på avgjerda til skade for hovudpersonen med heimel i forvaltningsloven § 35 femte ledd. Ei slik avgjerd må likevel bli sett på som eit sjølvstendig vedtak som gir hovudpersonen rett til å klage over avgjerda.

Utvalet kom til at rettane til klagaren hadde blitt krenka, og la til grunn at NSM gav klagaren rett til å klage over NSM si avgjerd i saka.

1.6.2.3 Klagesak 2 – Uforholdsmessig lang saksbehandlingstid i klareringssak

Frå klagaren signerte personopplysingsblanketten til NSM fatta si endelege avgjerd om nekting av tryggingsklarering gjekk det meir enn fire år. Det tok nesten tre år frå klagaren klaga på FSAs avgjerd i fyrste instans, til NSM fatta avgjerd om inga klarering.

Utvalet fant grunn til å kritisere NSM og FSA for uforholdsmessig lang saksbehandlingstid i den konkrete saka. Så lang saksbehandlingstid i klareringssaker kan svekke tilliten til klareringsinstituttet. Utvalet merka seg at både FSA og NSM hadde beklaga den lange saksbehandlingstida til klagaren.

Overfor FSA la vi til grunn at det i dag er klare føringar frå NSM, som overordna tryggingsorgan, om forsvarleg saksbehandlingstid i klareringssaker i alle instansar. Dette inkluderer klare rutinar for overføring av klagesaker frå fyrsteinstansen til klageinstansen. Utvalet har inntrykk av at FSA og NSM i dag strevar etter både kortare saksbehandlingstid og høgare kvalitet i saksbehandlinga. Utvalet er blitt informerte om at rutinane for overføring av saker til klageinstansen i dag skal vere endra og kvalitetssikra på ein betre måte. Det er positivt.

1.6.2.4 Klagesak 3 – Om innsyn i korrespondanse mellom NSM og utvalet

Denne saka gjeld ei klagesak om tryggingsklarering som blei avslutta utan kritikk av NSM i 2019. I samband med behandlinga av saka bad vi NSM om å vurdera om delar av korrespondansen mellom utvalet og NSM kunne bli formidla vidare til klagaren. NSM si tilbakemelding var at det var ein stor del av opplysningane som var tryggingsgraderte og måtte bli sladda før klagaren kunne få innsyn.

Utvalet har tidlegare, på generelt grunnlag, vore samd med NSM i at samanstilling av detaljerte tryggingsfaglege vurderingar og metodar vil kunne skade nasjonale tryggleiksinteresser om dei blir kjende for uvedkommande. I denne konkrete saka meinte utvalet det var vanskeleg å sjå grunnlaget for ikkje å gi innsyn i alle dei sladda opplysningane.

Utvalet viste mellom anna til at brorparten av opplysningane som NSM hadde sladda allereie var kjende for klagaren. Utvalet bad igjen NSM om å vurdere grunnlaget for tryggingsgradering av korrespondansen mellom utvalet og NSM.

NSM melde tilbake til utvalet at ei ny vurdering var gjort, som førte til at klagaren blei gitt innsyn i store delar av den aktuelle korrespondansen mellom NSM og utvalet. Det er positivt at NSM gjorde ei ny vurdering og at vurderinga resulterte i større grad av innsyn for klagaren.

1.6.2.5 Klagesak 4 – FSA og NSM si behandling av krav om innsyn i klareringssak

Les om saka i punkt 7.2.2 i FSA-kapittelet.

1.6.3 Saksbehandlingstid i klareringssaker

Utvalet har i mange år vore oppteke av saksbehandlingstida til klareringsorgana. Statistikken er rekna frå dagen klareringsorganet fekk førespurnaden. Nedanfor følger ein tabell over saksbehandlingstid for 2020 som opplyst av NSM.

Utvalet legg merke til at saksbehandlingstida har gått merkbart ned i klareringssaker der NSM er fyrsteinstans. I saker der NSM behandlar saker som klageinstans, har saksbehandlingstida gått merkbart opp.

NSM peikar mellom anna på pandemien og auka tal på klagesaker som deler av årsaka til at det på enkelte område har vore lang saksbehandlingstid. Utvalet har forståing for det, men meiner likevel at saksbehandlingstida burde vore lågare, især når det gjeld innsynssaker (95 dagar i snitt). Både Sivil klareringsmyndigheit (7 dagar) og Forsvarets tryggingsavdeling (16 dagar) har til samanlikning mykje kortare saksbehandlingstid for innsynskrav.

1.7 Forsvarets tryggingsavdeling (FSA)

1.7.1 Generelt om kontrollen

Utvalet har i 2020 gjennomført to inspeksjonar i FSA.

I inspeksjonane i avdelinga kontrollerer vi særleg:

  • FSA si behandling av saker der klarering er nekta, avgrensa eller suspendert av klareringsinstansen. FSA er Noregs desidert største klareringsorgan.

  • FSA si operative tryggingsteneste.

  • FSA si behandling av personopplysningar som ein del av utøvinga av førebyggande tryggingsteneste.

  • FSA sitt samarbeid med andre EOS-tenester.

1.7.2 Klagesaker mot FSA

1.7.2.1 Innleiing

Utvalet har i 2020 motteke seks klager mot FSA mot ingen i 2019. Fem klagesaker mot FSA blei ferdigbehandla i 2020. I to klagesaker har både FSA og NSM fått kritikk av utvalet.

1.7.2.2 Klagesak 1 – FSA og NSM si behandling av krav om innsyn i klareringssak

På bakgrunn av ei klage over delvis avslag på innsyn i ei klareringssak har utvalet uttalt seg om fleire spørsmål og konkludert med at rettane til klagaren har blitt krenka.

1.7.2.2.1 Innsyn i faktiske opplysningar i interne dokument

Klagaren blei nekta innsyn i faktiske opplysningar som stod i eit internt dokument. Utvalet viste til sikkerhetsloven § 8-14 andre ledd:

«Personen har ikke krav på innsyn i hele eller deler av dokumenter som inneholder opplysninger som nevnt i § 8-13 andre ledd. Personen har heller ikke krav på innsyn i dokumenter som er utarbeidet for den interne saksforberedelsen ved klareringsmyndigheten eller klageinstansen. Unntaket i andre ledd gjelder ikke faktiske opplysninger eller sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum.» (utheving av utvalet)

Det som er utheva, er omtalt slik i forarbeida til lova:

«Det kan ikke nektes innsyn i faktiske opplysninger, jf. andre ledd tredje punktum».

Det er etter utvalets syn ikkje heimel til å nekte innsyn i «faktiske opplysninger eller sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum» som står i eit internt dokument. Tvert om, sikkerhetsloven bestemmer at innsyn i slike opplysningar skal bli gitt.

Det er berre faktiske opplysningar i eit internt dokument som er lista i sikkerhetsloven § 8-13 andre ledd bokstavane a til e, som kan bli unnatekne innsyn. Desse unntaka var ikkje aktuelle i saka til klagaren.

Utvalets la til grunn overfor FSA og NSM at innsyn blei gitt til klagaren i tråd med regelverket. Utvalet føreset at klareringsorgana i framtida gir innsyn i faktiske opplysningar i interne dokumentar i tråd med sikkerhetsloven.

Etter den avsluttande fråsegna har NSM meldt si usemje om vår forståing av regelverket til Justis- og beredskapsdepartementet og bedt om ei avklaring av gjeldande rett.

1.7.2.2.2 Teieplikt om eigne opplysningar i klareringssaka

Klagaren blei av både FSA og NSM pålagd teieplikt under straffansvar om opplysningar som klagaren sjølv hadde levert til klareringsorganet. Forvaltningsloven § 13b var oppgitt som heimel. Klager hadde gitt klareringsorganet informasjon om seg sjølv og formidla ei forklaring frå sin ektefelle. Vi føresette dermed at ektefellen hadde gitt sitt samtykke til at klagar fekk sjå denne forklaringa. Heimelen som klareringsorganet nytta til å pålegge klagar teieplikt under straffansvar gjeld når ein part får innsyn i opplysningar om personlege forhold til andre, utan deira samtykke.

Etter utvalets syn hadde verken FSA eller NSM heimel i forvaltningsloven § 13b andre ledd til å pålegge klagar ei slik teieplikt.

1.7.2.2.3 Lang saksbehandlingstid

Både overfor FSA og NSM peika utvalet på at saksbehandlingstida for behandling av innsynskravet var for lang.

Vi viste til følgande fråsegn frå Sivilombodsmannen om behandling av innsynssaker:

«En rask og hensiktsmessig behandling av innsynsbegjæringer forutsetter interne rutiner som gjør det praktisk gjennomførbart å vurdere innsynssaker fortløpende. Den interne organiseringen bør for eksempel ikke være så sårbar at saksbehandlingstiden blir lang ved at enkeltpersoner har fravær eller andre presserende arbeidsoppgaver. Det er først og fremst egenskaper ved innsynssaken eller de dokumenter det kreves innsyn i som kan begrunne en forlenget saksbehandlingstid, ikke ressursproblemer.»

NSM uttalte til utvalet at dei har eit mål om å behandle innsynssakene vesentleg raskare. Utvalet meiner dette er positivt og legg til grunn at målsetjinga blir følgt opp.

1.7.2.3 Klagesak 2 – Uforholdsmessig lang saksbehandlingstid i klareringssak

Les om saka i punkt 6.2.3 om NSM.

1.7.3 Saksbehandlingstid i klareringssaker

Utvalet har i mange år vore oppteke av saksbehandlingstida til klareringsorgana. Statistikken er rekna frå dagen klareringsorganet fekk førespurnaden. Nedanfor følger ein tabell over saksbehandlingstid for 2020 som opplyst av FSA.

Utvalet ser med ei viss uro på at saksbehandlingstida har gått opp når det gjeld både klareringssaker der FSA er fyrsteinstans og når dei behandlar klagesaker. Samstundes er det positivt at det utvalet peika på i fjor, lang saksbehandlingstid for negative avgjerder i fyrsteinstans, har gått litt ned. FSA peikar på at dei i 2020 har behandla fleire saker med same bemanning som i 2019.

1.8 Kontroll av anna EOS-teneste

1.8.1 Generelt om kontrollen

Utvalet kontroller EOS-teneste, same kva del av offentleg forvalting som står bak. Kontrollområdet er funksjonelt definert og ikkje avgrensa til bestemte organisatoriske einingar.

Utvalet skal gjennomføre ein årleg inspeksjon av Etterretningsbataljonen og ein årleg inspeksjon av Forsvarets spesialstyrkar, jf. EOS-kontrolloven § 7.

Utvalet tok imot tre klager på anna EOS-teneste i 2020. Ei av klagene var også retta mot E-tenesta. Klagene var retta mot høvesvis Forsvarsdepartementet og ulike greiner av Forsvaret. Utvalet har ikkje avslutta nokre klagesaker mot anna EOS-teneste i 2020.

1.8.2 Inspeksjon av Etterretningsbataljonen (Ebn)

I inspeksjonen av Etterretningsbataljonen (Ebn) på Setermoen i Troms blei vi mellom anna orientert om den løpande verksemda i bataljonen sidan førre inspeksjon i 2019. Orienteringa inkluderte oppdatert operasjonskonsept, Ebn sin produksjon av etterretningsrapportar, endringar i informasjonssystem, øvingsaktivitetar og bruk av såkalla frivillige markørar under øving. Utvalet bad også om ei orientering om behandlinga av personopplysningar i informasjonssystema til bataljonen. Utvalet søkte som vanleg på eiga hand i Ebn sitt datasystem.

Utvalet har etter inspeksjonen stilt enkelte oppfølgingsspørsmål. Oppfølginga er ikkje avslutta.

1.8.3 Inspeksjon av Forsvarets spesialstyrkar stab (FSST)

I inspeksjonen av Forsvarets spesialstyrkar stab (FSST) i Oslo blei vi mellom anna orientert om behandlinga av personopplysningar, prosedyrar for innhenting av informasjon, sentrale aktivitetar og øvingar i Forsvarets spesialstyrkar, og samarbeid med andre EOS-tenester. Utvalet gjennomførte også ein inspeksjon av det fysiske arkivet til FSST.

Inspeksjonen gav ikkje grunnlag for oppfølging.

1.8.4 Sivil klareringsmyndigheit (SKM)

1.8.4.1 Planlagt inspeksjon blei utsett

Utvalet planla å inspisere Sivil klareringsmyndigheit i 2020, men grunna korona-pandemien måtte utvalet prioritere tenestene som vi er lovpålagde å kontrollere. Utvalet planlegg å inspisere Sivil klareringsmyndigheit tidleg i 2021.

1.8.4.2 Saksbehandlingstid i klareringssaker

Utvalet har i mange år vore oppteke av saksbehandlingstida til klareringsorgana. Statistikken er rekna frå dagen klareringsorganet fekk førespurnaden.

Utvalet er nøgd med ei endå lågare saksbehandlingstid på innsynssaker i 2020 enn eit allereie relativt lågt tal i 2019. SKM peikar på utfordringar med korona-situasjonen i 2020 som årsak til at saksbehandlingstida i klareringssaker og klager på klareringssaker har gått opp. Det har utvalet forståing for. Likevel synest utvalet det ikkje er heldig at den allereie høge saksbehandlingstida på negative avgjerder i klareringssaker fekk eit endå høgare snitt i 2020.

1.9 Samarbeid mellom EOS-tenestene

1.9.1 Om PST og E-tenesta sitt samarbeid

I årsmeldinga for 2013 skreiv utvalet om samarbeidet mellom E-tenesta og PST. Utvalet sine generelle merknader frå 2013 er også særs relevante i 2021:

«Utgangspunktet for samarbeidet er at PSTs ansvarsområde omfatter det som skjer innenfor rikets grenser, mens E-tjenestens ansvarsområde ligger utenfor rikets grenser. For å ivareta og sikre nasjonale interesser, er tjenestene pålagt å samarbeide. Samarbeidet skal skje innenfor tjenestenes respektive ansvarsområder og rettsgrunnlag, og for øvrig holdes innenfor rammene som fastsettes i instruks 13. oktober 2006 nr. 1151 om samarbeid mellom Etterretningstjenesten og Politiets sikkerhetstjeneste. Formålet med instruksen er blant annet at tjenestene gjennom deres samlede ressurser, informasjonsutveksling, samhandling og arbeidsdeling effektivt skal kunne møte aktuelle trusler og sikkerhetsutfordringer. Instruksen gir videre klare føringer om at det mellom tjenestene skal etableres et nært og tillitsfullt samarbeid både generelt og i konkrete saker. Utvalgets inntrykk er at samarbeidet er stadig økende og at det er tett dialog mellom tjenestene.»

I åra etter 2013 har utvalet særleg vore oppteke av følgande problemstillingar som gjeld samarbeid mellom EOS-tenestene:

  • Verksemda i Felles kontraterrorsenter (FKTS) som blei oppretta i 2013. Utvalet har her vore særleg merksame på at dei to tenestene berre kan innhente informasjon i medhald av sitt eige rettsgrunnlag.

  • Arbeidet for cybertryggleik i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS), der NSM, E-tenesta, PST og Kripos deltek.

Utvalet har konstatert at det blir utarbeidd fleire felles analysar og trugselvurderingar enn tidlegare.

Det ligg ei klar forventing i samarbeidsinstruksen om at tenestene skal samarbeide om kontraterror og cybertryggleik. Den same forventinga blir det gitt uttrykk for med omsyn til kontraetterretning. Begge tenestene har i ei årrekke produsert analysar som peikar på etterretningstrugselen frå framande makter som ein av dei mest alvorlege og høgast prioriterte trugslane frå norsk side.

Utvalet har dei to siste åra følgt spesielt med på korleis kontraetterretningssamarbeidet har utvikla seg i praksis. Utvalet har observert at det i 2019 og 2020 er blitt sjøsett fleire nye samarbeidsprosjekt mellom E-tenesta og PST om kontraetterretning. Det viktigaste synest å vere planer om å etablere eit koordineringssenter og eit konkret pågåande kontraetterretningssamarbeid.

1.10 Undersøkinga av Frode Berg-saka

Utvalet melde i årsmeldinga for 2019 at vi var i gong med ei undersøking om Frode Berg-saka.

Undersøkinga blei oppretta av eige tiltak med bakgrunn i opplysningar som er komme fram i offentlegheita.

Den 14. desember 2020 leverte utvalet ei avsluttande fråsegn til forvaltinga om undersøkinga.

I fleire omgangar spurde så utvalet forvaltinga om opplysningar i fråsegna kunne av- eller nedgraderast. Men forvaltinga vedtok at alle opplysningane var tryggingsgraderte – inkludert konklusjonane og om utvalet kom med kritikk eller ikkje. Forvaltinga si avgjerd er bindande for utvalet.

Den 25. februar 2021 overleverte utvalet ei særskilt melding om graderte opplysningar i Frode Berg-saka til Stortinget. Der skreiv utvalet at Stortinget bør gjere seg kjent med utvalet sine vurderingar og konklusjonar slik dei kjem fram av utvalet sin graderte sluttrapport.

Dagen etter, den 26. februar 2021, bad Stortinget utvalet om å få tilsendt den tryggingsgraderte sluttrapporten. Utvalet sende deretter sluttrapporten til Stortinget.

1.11 Informasjonsarbeid og eksterne relasjonar

1.11.1 Informasjonsarbeid

EOS-utvalet ønsker å få merksemd rundt og debatt om den demokratiske kontrollen med dei hemmelege tenestene. Dette er både for å få kunnskap om utvalet ut til offentlegheita og for at det skal bli meir tillit til den demokratiske kontrollen. I tillegg ønsker utvalet å lære av andre – både innanlands og utanlands – slik at kontrollen med EOS- tenestene kan bli betre.

I 2020 har koronapandemien påverka både kontrollen (sjå punkt 2.4) og informasjonsarbeidet. Ein studietur til London og årskonferansen 2020 blei dessverre avlyst. I 2021 er årskonferansen som pleier å vera på våren i samband med overleveringa av årsmeldinga, flytta til 20. oktober grunna at det i haust vil vera større sjanse for å arrangere ein årskonferanse. Utvalet har same kva prøvd å få ut kontrollbodskapen på best mogleg måte.

Så lenge utvalet har høve og ikkje er avgrensa av teieplikt, stiller vi opp for media, forskarar og andre interesserte. Utvalsleiar heldt eit foredrag om den norske kontrollmodellen for studentar ved Forsvarets høgskole. Det har også vore halde møte med mellom anna Ombodsmannen for Forsvaret og Sivilombodsmannen, og vi fekk delteke på nokre konferansar tidleg i 2020 før pandemien kom til Europa.

I samband med EOS-utvalet sitt 25-årsjubileum publiserer vi i år ein jubileumspamflett som tek utgangspunkt i historia til utvalet.

Utvalet publiserer medieoppsummeringar om EOS-relevante nyheitssaker og rapportar – både på nettsida eos-utvalget.no og via Twitter-kontoen. Eksterne kan få desse oppsummeringane tilsendt per e-post. Det er cirka 50 eksterne som får medieoppsummeringane på e-post og snautt 800 som følger EOS-utvalet på Twitter.

Ei oversikt over møte, besøk og konferansar som utvalet og sekretariatet har delteke på i 2020 ligg som vedlegg 1.

1.11.2 Internasjonalt samarbeid

Utvalet meiner internasjonalt kontrollsamarbeid er viktig, både for å lære av kontrollkollegaer i andre land, men også særleg sidan dei norske EOS-tenestene har mykje samarbeid med utanlandske tenester. Dette inkluderer deling av sensitive personopplysningar om nordmenn.

Utvalet har i mange år hatt kontakt med kontrollkollegaer i utlandet. Dei siste åra har samarbeidet Intelligence Oversight Working Group (IOWG) formalisert seg. Det er kontrollorgan frå Belgia, Nederland, Sveits, Danmark, Storbritannia og Noreg (EOS-utvalet) som er med i gruppa, der metodar og erfaring blir diskutert på eit ugradert nivå. I januar 2020 blei det arrangert eit møte i Oslo – der også representantar frå Sveriges to kontrollorgan deltok. Systembasert kontroll og utvikling av kontrollmetodikk var tema i møtet.

PST har overfor utvalet stadfesta at det er offentleg at Noreg er med i samarbeidet Counter Terrorism Group (CTG). Dette gjer det lettare for oss å delta i diskusjonar om kontroll av multilaterale samarbeid i Europa.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, fra Høyre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, fra Fremskrittspartiet, Solveig Horne, fra Senterpartiet, Nils T. Bjørke, fra Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, fra Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Isak Leirstein, viser til Dokument 7:1 (2020–2021) Årsmelding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget).

Komiteen viser til at EOS-utvalget er Stortingets kontrollorgan for de hemmelige tjenestene i Norge. Hovedformålet med kontrollen er å påse at borgernes rettigheter ikke krenkes, og at lover og regler følges. EOS-utvalget skal påse at de hemmelige tjenestene balanserer hensynet til den enkeltes privatliv opp mot samfunnets og borgernes behov for sikkerhet.

I dette arbeidet kontrollerer EOS-utvalget blant annet om Politiets sikkerhetstjenestes (PST) registrering av personer er i samsvar med loven, at E-tjenesten ikke bryter forbudet mot å overvåke norske personer som oppholder seg i Norge, og om saker om sikkerhetsklarering av Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og Forsvarets sikkerhetsavdeling (FSA) er behandlet på korrekt måte.

Komiteen viser til at EOS-utvalget hvert år skal avgi en melding til Stortinget om resultatet av denne kontrollen. I tillegg kan EOS-utvalget avgi særskilte meldinger dersom dette anses nødvendig.

Kontrollen med Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Komiteen viser til at utvalget har kritisert PST i en sak som gjelder utveksling av informasjon om en norsk borger til en tjeneste i et land der det er risiko for at menneskerettighetene ikke blir respektert. I en gjennomgang av hvordan PST utveksler informasjon med utenlandske tjenester, så utvalget på informasjonsutveksling om en nordmann som satt fengslet i utlandet. Utvalget uttalte at PST hadde gjort en mangelfull vurdering av risikoen ved å utlevere opplysninger om vedkommende til PSTs samarbeidspartner i det aktuelle landet. Komiteen slutter seg til denne kritikken og understreker at det er viktig at slik kritikk følges opp av tjenestene.

Komiteen registrerer at utvalget i 2020 har hatt 20 klager rettet mot PST til behandling, mot 13 i 2019. Utvalget har i 2020 avsluttet 13 klagesaker mot PST. Ingen av klagesakene som ble avsluttet, har ført til kritikk av PST.

Kontrollen med Etterretningstjenesten

Komiteen viser til at utvalget har fullstendig innsynsrett i løpende saker i alle EOS-tjenester – med ett unntak – saker som blir definert som «særlig sensitiv informasjon» hos Etterretningstjenesten. I 2019 og 2020 har utvalget gått gjennom 19 saker/operasjoner fra flere år tilbake i tid som ikke lenger er definert som «særlig sensitiv informasjon». Utvalget har ikke funnet tegn på at Etterretningstjenesten har gått ut over sine fullmakter, eller at noen har fått rettighetene sine krenket. Komiteen er godt fornøyd med denne gjennomgangen og resultatet.

Komiteen registrerer at utvalget i 2020 har hatt 8 klager rettet mot E-tjenesten til behandling, mot 3 i 2019. Utvalget har i 2020 avsluttet 6 klagesaker mot E-tjenesten. Ingen av klagesakene som ble avsluttet, har ført til kritikk av E-tjenesten.

Komiteen vil understreke det ansvaret E-tjenesten har for å opprettholde tilliten i befolkningen som tjenesten er avhengig av. Gjennom den kontrollen som EOS-utvalget gjør av tjenesten, vil det kunne avdekkes forhold som kan være kritikkverdige.

Komiteen vil påpeke at Stortinget forventer at tjenesten følger opp eventuelle kritiske merknader – og sørger for at man til enhver tid har rutiner som medfører at man tar på største alvor eventuelle kritiske merknader og innretter tjenesten slik at den typen kritiske merknader kan unngås.

Komiteen vil også fremheve viktigheten av den jobben som E-tjenesten gjør for å sikre nasjonens innbyggere mot potensielle trusler.

Kontrollen med Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)

Komiteen viser til at utvalget i en klagesak har konkludert med at en klager fikk rettighetene sine krenket da NSM på feil grunnlag gjorde om et klareringsvedtak fra KONFIDENSIELT til ingen klarering.

Komiteen viser til at både NSM og FSA fikk kritikk fra utvalget i en klagesak for uforholdsmessig lang saksbehandlingstid. Det gikk mer enn fire år fra klageren sendte inn personlig informasjon som grunnlag for klarering, til NSM fattet sitt endelige vedtak om nekting av sikkerhetsklarering.

Komiteen registrerer at utvalget i 2020 har hatt 12 klager rettet mot NSM til behandling, mot 9 i 2019. Utvalget har i 2020 avsluttet 16 klagesaker. I 6 av sakene har NSM fått kritikk fra EOS-utvalget.

Kontrollen med Forsvarets sikkerhetsavdeling (FSA)

Komiteen viser til at både FSA og NSM fikk kritikk i en klagesak som gjaldt innsyn i klareringssak. Klageren ble nektet innsyn i faktiske opplysninger som var skrevet ned i et internt dokument. Klageren ble i tillegg pålagt taushetsplikt under straffansvar for opplysninger klageren selv hadde levert til klareringsorganet.

Komiteen registrerer at utvalget i 2020 har hatt 6 klager rettet mot FSA, mot ingen i 2019. Utvalget har i 2019 avsluttet 5 klagesaker, og 2 av disse har medført kritikk av FSA og NSM.

Annen EOS-tjeneste

Komiteen registrerer at utvalget i 2020 har mottatt 3 klager på annen EOS-tjeneste. Ingen av klagesakene er avsluttet.

Undersøkelse av Frode Berg-saken

Utvalget meldte i årsmeldingen for 2019 at de var i gang med en undersøkelse om Frode Berg-saken. Undersøkelsen ble opprettet av eget tiltak med bakgrunn i opplysninger som har kommet frem i offentligheten.

Den 14. desember 2020 leverte utvalget en avsluttende rapport til forvaltningen om undersøkelsen. I flere omganger spurte så utvalget forvaltningen om opplysningene kunne av- eller nedgraderes, men forvaltningen vedtok at alle opplysningene var sikkerhetsgraderte – inkludert konklusjonene og om utvalget kom med kritikk eller ikke. Forvaltningens vedtak er bindende for utvalget.

Den 25. februar 2021 overleverte utvalget en særskilt melding om graderte opplysninger i Frode Berg-saken til Stortinget. Der skrev utvalget at Stortinget bør gjøre seg kjent med utvalgets vurderinger og konklusjoner slik de fremkommer av utvalgets graderte sluttrapport.

Dagen etter, den 26. februar 2021, ba Stortinget utvalget om å få tilsendt den sikkerhetsgraderte sluttrapporten. Utvalget sende deretter sluttrapporten til Stortinget. Komiteen viser til at saken er behandlet av en særskilt komité som er oppnevnt av Stortinget.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at sikkerhetsloven § 1-4 første ledd fastslår at loven gjelder for Stortinget og Stortingets organer så langt Stortinget bestemmer det. Innst. 146 S (2016–2017) om evaluering av EOS-utvalgets kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste omtaler tilfeller der Stortinget bør gjøres kjent med graderte opplysninger i en sak eller et forhold EOS-utvalget har undersøkt. Her vektlegges det at formålet med EOS-utvalget som stortingsoppnevnt kontrollorgan er å legge grunnlaget for Stortingets behandling av kontrollsaker og være et hjelpemiddel for Stortinget til å sikre effektiv parlamentarisk kontroll, i tillegg til å verne enkeltpersoner mot urett. EOS-utvalgets meldinger må derfor gi Stortinget et så helhetlig og forståelig bilde av kontrollvirksomheten som mulig, de funn som er gjort, og den kritikk som er rettet mot EOS-tjenestene. Særlig viktig er det at Stortinget informeres om kritikk mot tjenestene som kan aktualisere statsrådens parlamentariske eller konstitusjonelle ansvar, eller som indikerer generelle, omfattende eller strukturelle problemer i tjenestene.

I Innst. 392 S (2020–2021), jf. Dokument 21 (2020–2021) Rapport til Stortinget fra utvalget til å utrede Stortingets kontrollfunksjon, kap. 6 om Stortingets eksterne organer, vektlegger kontroll- og konstitusjonskomiteen EOS-utvalgets selvstendighet:

«Komiteen understrekar at Stortingets eksterne organ skal vera uavhengige i verksemda si. Sjølvstendet deira gjev tillit til at undersøkingar, vurderingar og utsegner støttar seg på eit objektivt og relevant grunnlag og ikkje på usaklege omsyn. Tillit er avgjerande for at organ som ikkje har mynde til å ta bindande avgjersler skal fungera effektivt.

Komiteen legg vekt på at konsekvensen av sjølvstendet og forankringa i Stortinget er at Stortingets eksterne organ reelt er uavhengige av og har begrensa mynde over dei som vert kontrollerte. Av di organa er oppretta av og ligg under Stortinget, er dei utanfor styringshierarkiet i den utøvande makta og er uavhengige av forvaltninga.»

Disse forholdene tilsier at det er EOS-utvalget selv som kommuniserer graderte opplysninger direkte til Stortinget.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og uavhengig representant viser til evalueringen av EOS-utvalget, avgitt til Stortinget i form av Dokument 16 (2015–2016), der det fremgår at opprettelsen av et stortingsoppnevnt kontrollorgan var en anerkjennelse av at man befinner seg på et område der verken Stortinget selv eller offentligheten kan gis fullt innsyn. Dagens EOS-utvalg, med sin brede sammensetning og rett til innsyn, er en kompensasjon for dette. Evalueringsutvalget understreket at:

«… formålet med EOS-utvalgets meldinger er å informere om kontrollen av EOS-tjenestene, og ikke om tjenestenes virksomhet generelt. EOS-utvalget kan oppfordre tjenestene til å være så åpne som mulig (…). EOS-utvalget plikter likevel å ivareta hensynet til rikets sikkerhet i sin informasjonsformidling, og det er tjenestene selv som har eierskap til og beslutter om informasjon om egen virksomhet kan deles. Eventuelle innvendinger mot tjenestenes praktisering av offentlighet, må dermed adresseres til tjenestene og deres overordnede.»

Disse medlemmer viser til at evalueringsutvalget presiserte at EOS-utvalget har et stort ansvar for å vurdere hvordan utvalgets informasjonsformidling påvirker nasjonale sikkerhetsinteresser. Dersom utvalget er i tvil om graderingen av opplysninger i sine uttalelser eller meldinger, og mener av- eller nedgradering bør skje, skal utvalget forelegge spørsmålet for vedkommende etat eller departement. Evalueringsutvalget slo videre fast at forvaltningens avgjørelse er bindende for utvalget. Disse medlemmer merker seg også at evalueringen viste at forvaltningens rett til å beslutte avgradering av opplysninger ikke har utgjort noe stort hinder i EOS-utvalgets kontrollvirksomhet.

Disse medlemmer merker seg punkt 38-5 i evalueringen, der det fremgår:

«Det er et grunnleggende prinsipp, både nasjonalt og internasjonalt, at den instansen som har eierskap til informasjon, også beslutter om informasjonen kan deles med andre. Dette er nedfelt i forskrift for informasjonssikkerhet, der det heter at informasjon gradert med norsk sikkerhetsgrad bare kan omgraderes av virksomhet som har utstedt informasjonen, av virksomhet overordnet denne, eller av NSM. Overordnet virksomhet kan innenfor sin alminnelige instruksjonsmyndighet også instruere underordnede virksomhet til å omgradere. […] Evalueringsutvalget har vanskelig for å se at dette grunnleggende prinsippet kan avvikes ved at EOS-utvalget gis adgang til å beslutte avgradering av opplysninger i forbindelse med kontrollvirksomheten. I dag må utvalget eventuelt gjøre Stortinget oppmerksom på det dersom det mener Stortinget bør gjøre seg kjent med gradert informasjon eller dersom det er behov for ytterligere undersøkelser om forhold som utvalget selv ikke kan komme videre med. I slike tilfeller vil Stortinget kunne henvende seg til regjeringen og be den vurdere avgradering av opplysningene eller informere Stortinget på annen måte. Dette må, etter Evalueringsutvalgets syn være veien å gå i slike tilfelle. Som nevnt er dette et område der offentlighetens informasjonsbehov ikke vil kunne tilfredsstilles fullt ut.»

EOS-utvalget 25 år

Komiteen registrerer at da denne årsmeldingen ble overlevert til Stortinget i mars 2021, var det ganske nøyaktig 25 år siden EOS-utvalget hadde sitt første møte. Komiteen vil rette en stor takk til EOS-utvalget for godt utført arbeid i disse 25 årene, og komiteen vil understreke viktigheten av EOS-utvalgets arbeid og at utvalget gis økonomiske forutsetninger for å fortsette dette arbeidet.

Komiteen vil også rette en takk til EOS-utvalget for viktig og godt utført arbeid i denne beretningsperioden.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 7:1 (2020–2021) – Årsmelding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) for 2020 – vedlegges protokollen.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 25. mai 2021

Dag Terje Andersen

Ulf Isak Leirstein

leder

ordfører