Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa setta ned eit breitt samansett offentleg utval som skal gjera ein heilskapleg gjennomgang av det norske eksportkontrollregimet, både regelverket og den forvaltningsmessige sida, for å sikra reell og etterprøvbar etterleving av Stortingets 1959-vedtak og 1997-presisering og av internasjonale forpliktingar. I tillegg skal utvalet vurdera om det er behov for fleire presiseringar, i tråd med norske folkerettslege, humanitærrettslege og menneskerettslege forpliktingar.
Stortinget ber regjeringa gje Stortinget ein garanti for at det ikkje skal eksporterast forsvarsmateriell og fleirbruksvarer til landa som deltar i krigføring i Jemen, på bakgrunn av føre-var-prinsippet om å unngå at norske varer bidreg til brot på folkeretten.
Stortinget ber utenriksministeren redegjøre for hvordan regjeringen vil håndheve norsk eksportregelverk og folkerettslig bindende avtaler for forsvarsmateriell som videreselges til tredjeland.
Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.
Stortinget ber om at sluttbrukardokumentasjon vert integrert i den nye våpenavtalen som vert forhandla fram med USA.
Stortinget ber regjeringen legge frem våpenavtalen med USA for Stortinget i henhold til Grunnloven § 26.