1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet foreslår i proposisjonen endringar i lov 4. juni 2010 nr. 21 om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova). Lovforslaget gjeld prosessen fram mot søknad om tildeling av konsesjon for produksjonsanlegg innanfor eit område som er opna for utvikling av fornybar energiproduksjon til havs. Dei foreslegne endringane gir departementet heimel til å lyse ut og invitere til konkurranse om tildeling av område som er opna etter havenergilova § 2-2.

Departementet foreslår at det som hovudregel skal haldast ein konkurranse om areal for fornybar energiproduksjon. Departementet legg opp til at ein konkurranse om areal normalt vil gjennomførast som auksjon. Departementet foreslår vidare at departementet kan bestemme at eit område skal tildelast på grunnlag av andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, og at departementet då kan fastsette storleiken på vederlaget. Lovforslaget seier også at departementet, i særlege tilfelle, kan tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det er gitt føresetnader for dette i kap. 6.

Lovforslaget handlar også om at ved ei tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. Det er vidare forslag om at departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal, skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.

Lovforslaget har vore på høyring. Det er gjort grundig greie for høyringssvara i proposisjonen.

1.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget vil innebere ei tydeleg og meir detaljert regulering av prosessen for tildeling av areal og påfølgande konsesjon i område som er opna for fornybar energiproduksjon til havs. Departementet skriv i proposisjonen at dette vil bidra til klarare og meir føreseielege reglar for aktørane som vil søke om konsesjon, og for andre som vil bli påverka og følger prosessen for tildeling av konsesjon. Forslaget gjer det mellom anna rettsleg klarare kva kriterium som kan bli sett for ei prekvalifisering. Forslaget gir også heimel til å tildele område gjennom auksjon eller på grunnlag av kvalitative kriterium.

Dersom eit område blir tildelt ved auksjon, vil staten få inntekter som reflekterer verdien av området som blir tildelt for fornybar energiproduksjon til havs. Dersom tildelinga skjer på ein annan måte enn ved auksjon, vil det vere opp til departementet å fastsette storleiken på vederlaget. Eit vederlag kan til dømes vere ei årleg arealavgift som skal gå til staten. Det er for tidleg å fastslå kor store kostnader dette kan medføre for aktøren som blir tildelt areal.

Lovforslaget vil føre med seg auka administrative kostnader i samband med utarbeiding av tildelingsmodell, utlysing og tildeling av areal. Dette er oppgåver som allereie ligg hos energistyresmaktene i dag. Kostnadene til sakshandsaming m.m. blir dekte innanfor energistyresmaktene sine budsjett.