Søk

Sammendrag

Etter Grunnlova § 75 bokstav i kan Stortinget mellom anna innvilge pensjonar frå statskassa.

I proposisjonen blir det lagt fram ei liste over pensjonar frå statskassa som mellombels har blitt innvilga i 2022, og som ein ber om Stortingets endelege godkjenning av.

I 2022 blei det utbetalt 15 919 697 kroner i pensjon av statskassa. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvt 16 500 000 kroner på kap. 611 Pensjoner av statskassen.

Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gje ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.

Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider, og skal sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar.

Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa.

Ei eventuell yting frå ei lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.