10. Forskotteringsloven

10.1 Sammendrag

Det tidlegare særfrådraget for einslege forsørgjarar i skattesystemet vart avvikla med verknad frå 1. mars 2023, samstundes som den utvida barnetrygda etter lov 8. mars 2002 nr. 2 om barnetrygd (barnetrygdloven) auka med eit beløp tilsvarande maksimal skatteverdi av særfrådraget i 2022. Bakgrunnen for omlegginga var å forenkle støtta til einslege forsørgjarar ved å flytte støtta frå skattesystemet til trygdesystemet, sjå Prop. 1 LS (2022–2023), punkt 3.2. Departementet la til grunn for endringa at ingen mottakarar av utvida barnetrygd ville kome dårlegare ut som følgje av omlegginga samanlikna med i 2022, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet, Programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2023 òg å gje ein ekstra auke i utvida barnetrygd på 5 000 kroner i året og å prisjustere alle barnetrygdsatsane. Denne ekstra auken skulle styrkje den økonomiske situasjonen for einslege forsørgjarar i ei tid med høg prisstiging og kostnadsvekst.

Satsen for utvida barnetrygd auka frå 1 054 kroner i månaden til 2 489 kroner i månaden, gjeldande frå mars 2023, som følgje av desse tre endringane.

I samband med at saker med utbetaling av bidragsforskot etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven), vart revurderte i Arbeids- og velferdsetaten (Nav) i mars 2023, vart det klart at ein del mottakarar av den behovsprøvde ytinga bidragsforskot mista retten til forskotet eller fekk forskotet redusert, fordi den samla auken i utvida barnetrygd gjorde at inntekta auka. Utvida barnetrygd er ein del av inntektsgrunnlaget ved behovsprøvinga av forskot, og auken i utvida barnetrygd påverka behovsprøvinga av om, og med kva sats, forskotet skulle utbetalast. I tillegg har verdien av særfrådraget ved ein inkurie over tid ikkje vore teken omsyn til ved behovsprøvinga, noko som òg har gjeve utslag når denne støtta no inngår i den auka utvida barnetrygda. Førebelse tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at auken i den utvida barnetrygda har vore utslagsgjevande i 1 490 saker som råkar 1 810 barn. Av desse 1 490 sakene har 957 barn mista forskotet, og for 843 barn er forskotet redusert.

Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen endringar i forskotteringsloven slik at einslege forsørgjarar ikkje mistar eller får forskotet redusert som følgje av auken i utvida barnetrygd i 2023. Framlegget har ikkje vore på offentleg høyring. Endringane vil tre i kraft frå 1. juli 2023.

Gjeldande rett, Barne- og familiedepartementet si vurdering og framlegg, konsekvensar av forslaget, overgangsreglar og ikraftsetjing og merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget er omtalte i proposisjonen.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.