Søk

Sammendrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar:

  • 1. Lønsregulering frå 1. mai 2023 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.

  • 2. Endringar i statsbudsjettet for 2023.

I punkt 2 i proposisjonen vert lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2023 m.m. omtalt med følgjande tema:

  • Lønsforhandlingane m.m. per 1. mai 2023 omtalt med omtale av forhandlingane og om den økonomiske ramma.

  • Nærare omtale av avtalane med Akademikerne og Unio og avtalane med LO Stat og YS Stat – med omtale av økonomisk profil i avtalane og om anna.

  • Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

I punkt 3 i proposisjonen vert endringar på statsbudsjettet for 2023 på følgjande kapittel og postar omtalte:

  • Kap. 2315 (Nytt) Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 (Ny) Driftsutgifter

  • Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar m.m., post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

  • Kap. 2309 Tilfeldige utgifter, post 1 Driftsutgifter.