Søk

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2023 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

(NY) 1

Driftsutgifter, blir løyvd med

4 164 000 000

502

Tariffavtalte avsetjingar m.m.

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med

11 200 000

frå kr 221 900 000 til kr 233 100 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2023 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne og Unio, i samsvar med protokollen 28. april 2023 mellom staten og Akademikerne og protokollen 29. april 2023 mellom staten og Unio, jf. vedlegg 1 og 2 i Prop. 119 S (2022–2023).

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2023 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat og YS Stat, i samsvar med protokollen 28. april 2023 mellom staten og LO Stat og YS Stat, jf. vedlegg 3 i Prop. 119 S (2022–2023).

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemar av organisasjonar som nemnde i romartal II og III i Innst. 494 S (2022–2023), jf. Prop. 119 S (2022–2023), og derfor ikkje får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II eller III i Innst. 494 S (2022–2023), jf. Prop. 119 S (2022–2023)) som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.