Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, leiaren Sverre Myrli, Terje Sørvik, Solveig Vestenfor
og Agnes Nærland Viljugrein, frå Høgre, Mudassar Kapur og Anne Kristine
Linnestad, frå Senterpartiet, Heidi Greni og Kathrine Kleveland,
frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen og Erlend Wiborg, frå Sosialistisk
Venstreparti, Birgit Oline Kjerstad, og frå Raudt, Tobias Drevland
Lund, viser til forslaget fremja i Representantforslag 86
S (2024–2025) om å ta lokalbefolkninga på alvor ved justering av
kommunegrenser.
Komiteen viser til
statsråden si vurdering av saka, datert 28. februar 2025.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet viser
til at Kommunal- og distriktsdepartementet i brev 7. februar 2025
vedtok å ikke gjennomføre en grensejustering mellom Ålesund og Aukra
kommuner, for øyene Ona-Husøya, Sandøya og Gåsøya. Flertallet viser
til at det tilligger departementet ved delegert myndighet å fatte
vedtak i saker om justering av grenser mellom kommuner, jf. inndelingslova
§ 6, første setning, jf. delegeringsvedtak 30. august 2019 nr. 1094.
For tilfellet Ona-Sandøya, Husøya og Gåsøya
bemerker flertallet at saken nå har
fått en endelig avgjørelse. Flertallet mener
derfor spørsmålet om grensejustering nå må legges i bero, slik at
innbyggerne på de nevnte øyene gis forutsigbarhet for sin kommunetilhørighet,
samtidig som Ålesund kommune gis forutsigbarhet for den videre utviklingen
av kommunen og tjenestetilbudet til sine innbyggere.
Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser
til representantforslaget. Desse medlemene viser
til at 6. oktober 2022 blei det fremja eit innbyggjarinitiativ om
grensejustering mellom kommunane Ålesund og Aukra, med forslag om
å overføre øyane Ona-Husøya og Sandøya i Ålesund kommune til Aukra
kommune. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kom før jul med ei tilråding
om grensejustering, slik at øyane Ona-Husøya og Sandøya som har
busetjing, blir ein del av Aukra kommune.
Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet og Raudt viser til at øyane ikkje
grensar til resten av Ålesund kommune, men har vesentleg kortare
reiseavstand til Aukra kommune. Som fleire av høyringsinnspela viser
til, er det opptil fleire timar reiseveg til Ålesund.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet viser til at det er feil at øyene ikke
grenser til resten av Ålesund kommune. Øyene grenser til Ålesund kommune
ved Finnøya, Harøya, Gåsøya og Seterøya (det som tidligere utgjorde
Sandøy kommune sammen med Ona-Husøya og Sandøy).
Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt er
bekymra for innbyggjarane si reelle moglegheit til deltaking i lokaldemokratiet
i Ålesund, og dermed til å kunne vere med og påverke sitt tenestetilbod
– dette på grunn av svært lang reiseveg målt i tid. Det vil i praksis vere
eit hinder for deltaking i folkevalde organ som kommunestyre og
formannskap. Desse medlemene vil også
trekke fram at det vil krevje minimalt med administrative og økonomiske
ressursar å gjennomføre denne grensejusteringa. Innbyggjarane utgjer
under éin promille av innbyggjarane i Ålesund. Det er heller ikkje snakk
om at Ålesund mister kraftinntekter eller inntekter frå havbruk.
Desse medlemene viser
til høyringsinnspelet til Aukra næringsforum, som vil at Ona og
Sandøy blir ein del av Aukra kommune, og at dei er klare til å drive næringsutvikling
på øyane. Molde er næraste by, og desse medlemene legg
vekt på at innbyggjarane føler ei tilknyting til Romsdal i form
av handel, språk, kultur og tradisjonar og nyttar seg av tenester
og næringsliv i Aukra og Romsdal. Eit stort fleirtal av innbyggjarane, på
75 pst., har i ei innbyggjarundersøking svart at dei ønskjer å bli
ein del av Aukra kommune.
Desse medlemene viser
til at naboøya Orten blei grensejustert til Aukra kommune i 2020,
og at det den gongen blei vektlagt identitet, tilhøyring og at søkjarane
såg Aukra og Molde som sin kvardagsregion.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet viser til at øya Orten ble grensejustert
til Aukra kommune i 2020, i forbindelse med utredning av grensejustering
av øyene Ona, Sandøya og Orten fra tidligere Sandøy kommune til
Aukra kommune. I vedtaksbrevet fra departementet av 2. juli 2018
fremgår det blant annet følgende:
«Etter departementets vurdering er øyane
i dag i liten grad knytt til Aukra kommune gjennom det kommunale
tenestetilbodet, og i tilvarande stor grad knytt til Sandøy kommune.
Med unntak av for Orten er det ikkje synleggjort at grensejusteringa
vil føre til forenklingar i tilgangen på kommunale tenester for
innbyggarane.»
Medlemene i komiteen frå
Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt understrekar
at dette er snakk om ei grensejustering. Hensikta med grensejusteringa
er blant anna at endringa vil føre til kortare reiseveg og demokratisk
påverking av tenestetilbodet innbyggjarane nyttar.
Desse medlemene meiner
at ei grensejustering av Ona-Husøya og Sandøya i Ålesund kommune
til Aukra kommune oppfyller dette. Desse medlemene fremjar
derfor følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa syte for
at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejusterte over til Aukra kommune,
i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 6. desember
2024.»
Komiteens medlemmer
fra Høyre viser til Høyres merknader i forbindelse med behandlingen
av deling av fylker og Ålesund kommune, jf. Prop. 113 LS (2021–2022)
og Dokument 8:29 S (2021–2022). Disse medlemmer mener
fortsatt at det er bedre å bruke samfunnets ressurser på omstilling
og utvikling enn reverseringer. Disse medlemmer mener
videre at regjeringen Støre ikke burde ha gjennomført opprettelse av
syv nye fylkeskommuner, deling av Ålesund kommune, eller forsøkt
å tvangsoppløse Kristiansand kommune.
Medlemen i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner at regjeringa
Solberg si regionreform med tvangssamanslåing av fylke og kommunar førte
til store ueinsarta einingar, meir byråkrati og meir sentralisering
av makt. Denne medlemen meiner at framtida
til tenestetilbodet i utkantane vil vere avhengig av Stortinget
sin vilje til å finansiere kommunane og lokalpolitiske val, ikkje
mindre grensejusteringar.