Søk

Kostnadsramme for utbygging av prosjektet E45 Kløfta i Finnmark

Komiteen viser til at strekninga er skredutsett og utgjer ein flaskehals for tungbiltrafikken på grunn av høg stigning og stadvis dårleg standard på vegen. Komiteen merkjer seg at prosjektet tek sikte på å byggje om delar av E45 slik at eit rasfarleg parti blir erstatta med 4,2 km tunnel og 2,2 km veg i dagen samt 1,5 km veg på Alta-sida av Kløfta. Det skal òg byggjast 150 meter bru over Eibyelva, noko som samla vil gi ein trygg, føreseieleg og god heilårsveg med ni meters breidd langs den nye 7,6 km lange strekninga.

Komiteen merkjer seg at det blir foreslått ei kostnadsramme på 2,059 mrd. 2025-kroner.

Komiteen merkjer seg at proposisjonen legg opp til anleggsstart i 2026 og opning av ny vegstrekning i 2029.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, understrekar at E45 også i eit sikkerheitspolitisk perspektiv vil vere ein viktig korridor inn til Finland. Etter at Finland og Sverige er blitt medlem av NATO, må Norge i langt større grad sikre at desse korridorane innehar kapasitet både i fred og kriser. Denne korridoren inngår som ein viktig del av det overordna transportnettet i Norden.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at E45 Kløfta er et av de viktigste samferdselsprosjektene i Finnmark de siste årene. Fylkets samferdselsbehov har over tid blitt neglisjert, og disse medlemmer er glade for at Senterpartiet i regjering fikk sikret prioritering av prosjektet. Disse medlemmer mener at det nå er viktig at myndighetene legger til rette for at oppstart kan skje så raskt som mulig, slik at en av de mest krevende strekningene i Finnmark endelig kan få det løftet den trenger.