I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:
«Vedtak til lov
om endringar i lov om språk (språklova)
I
I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse
endringane gjerast:
§ 3 andre ledd skal lyde:
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
-
a. kommunane
-
b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
-
c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
-
d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
-
e. intern sakshandsaming.
Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
§ 11 første ledd skal lyde:
Eit kommunestyre eller
eit fylkesting kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal
bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med
kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen
skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune
skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko
slikt vedtak.
§ 13 fjerde ledd skal lyde:
Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt
statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale
statsorganet.
Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.
§ 16 andre ledd skal lyde:
Statsorgan skal krevje at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i
arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld
likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring
i grunnopplæringa.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klagerett
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller
organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at
dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35
gjeld for saker etter første punktum.
§ 19 tredje ledd skal lyde:
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og
fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12
til 17.
§ 20 skal lyde:
§ 20 Opplysningsplikt
overfor Språkrådet
Statsorgan og fylkeskommunar skal
gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om
som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»
Ein viser til dokumentet for nærare
utgreiing av forslaget.