Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og fung. leiar Tage Pettersen, frå Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen og Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy Lie, og frå Venstre, Naomi Ichihara Røkkum, viser til representantforslaget om styrking av språklova.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, støttar forslaget om ein ny bokstav e i § 3 andre ledd som slår fast at språklova §§ 12 til 18 ikkje gjeld for intern sakshandsaming.

Fleirtalet støttar vidare forslaget om å oppheve noverande tredje ledd: «Lova gjeld ikkje for intern sakshandsaming.» Dette unntaket er etter intensjonen ei vidareføring av unntaket i § 2 b i mållova for: «internt saksarbeid». Det verkar derfor ikkje i tråd med intensjonen å unnta intern sakshandsaming frå reglane i §§ 1 til 11. Fleirtalet meiner det er viktig å rette opp dette, slik at t.d. reglane i § 4 om at norsk er nasjonalt hovud-språk også gjeld intern sakshandsaming.

Fleirtalet viser til at statsråden støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a. kommunane

  • b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  • e. intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.»

Fleirtalet støttar forslaget om å vidareføre regelen som no står i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta) § 5 tredje ledd tredje punktum, om at sentrale statsorgan i skriv til eit regionalt statsorgan skal nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet. Fleirtalet viser til at denne forskrifta på sikt vil bli oppheva når departementet fastset ei ny språkforskrift.

Fleirtalet meiner det er i tråd med føremålet med lova at sentrale statsorgan, for eksempel eit departement, skriv til underordna organ eller regionale statsorgan som har nynorsk som fleirtalsspråk, på nynorsk.

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.»

Fleirtalet støttar forslaget om å endre ordlyden i § 16. Regelen i dag om at statsorgan «skal kunne» er ein kan-regel meir enn ein skal-regel. Fleirtalet vil presisere at formuleringa i forslagets andre ledd: «Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet.» ikkje inneber ei personleg plikt etter lova for den enkelte tilsette til å bruke både nynorsk og bokmål i arbeidet, slik regelen om tjenesteplikt i den gamle mållova la opp til, og som departementet i arbeidet med språklova gjekk bort frå. «Tilsette» står i ubestemt fleirtal i forslaget og peikar ikkje ut «alle» tilsette. Føresegna vil likevel gi leiinga i organet eit ansvar for og mynde til å organisere arbeidet i organet på ein slik måte at lova blir etterlevd, jf. også § 16 første ledd. Det er dessutan framleis unntak frå denne regelen, slik at dei som ikkje har hatt sidemålsopplæring, kan unntakast frå å bli stilt slike krav til. Kravet om at dei tilsette skal skrive bokmål og nynorsk i arbeidet, hindrar ikkje den tilsette eller arbeidsplassen i å bruke omsetjingsteknologi innanfor dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for forsvarleg saksbehandling. Dessutan vil reglane i §§ 9 og 10, som stiller krav om klarspråk og bruk av offisiell rettskriving, gjelde. Fleirtalet legg til grunn at det med formuleringa «arbeid» er forstått skriftleg arbeid, slik som i den gamle mållova, og altså at munnleg bruk av språk ikkje er omfatta av reglane.

Fleirtalet støttar også formuleringa i forslaget til § 16 andre ledd: «Fylkeskommunar kan krevje det same».

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.»

Fleirtalet støttar forslaget til endring av § 17. Det er eit vanleg prinsipp i forvaltninga at ein part kan la seg representere i klagesaker av ein organisasjon som personen er medlem av, t.d. dersom ein ikkje heilt vågar å føre si eiga sak. Fleirtalet vil framheve at det er viktig at regelen blir avgrensa til dei situasjonane der ein part blir representert av ein organisasjon denne parten er medlem av. Fleirtalet merkar seg at departementet viser til at § 18 gir språkorganisasjonar høve til å ta opp saker, også klagesaker, men dette er ikkje regulert som klagerett, nettopp fordi organisasjonen ikkje er part i saka.

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 17 skal lyde:

§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.»

Fleirtalet meiner at lovendringane skal gjelde frå 1. juli 2025, og fremjar følgjande forslag:

«Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at språklova som ble lagt frem av regjeringen Solberg i 2020, var historisk da den kom. Den nye loven trådte i kraft 1. januar 2022.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at i formålsparagrafen er det slått fast at det offentlige aktivt skal fremme nynorsk som det minst brukte av de to norske skriftspråkene. Det offentlige skal særskilt styrke nynorsken og utjevne de skeive forholdene mellom nynorsk og bokmål.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at regjeringspartiene, ved behandlingen av språklova, stemte mot de endringsforslagene de rød-grønne partiene foreslo. Dette representantforslaget inneholder de samme fem forslagene, samt to nye. Disse medlemmer mener dette er en ren omkamp, og vil stemme imot forslagene som er fremmet.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre støttar hovuddelen av forslaget og meiner det er viktig å sikre at nynorsk får ein meir aktiv og forpliktande plass i offentleg sektor. Desse medlemene meiner at også fylkeskommunane er viktige aktørar med eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar, og at Språkrådet difor bør føre tilsyn med dei på lik linje med andre statsorgan. Desse medlemene er likevel samde med statsråden i at dei økonomiske og administrative konsekvensane av ei slik lovendring først bør greiast ut.

Desse medlemene fremjar difor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna måte.»