Søk

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa sikra nasjonal kontroll over etterretningstenesta, mellom anna ved at all finansiering kjem over det norske statsbudsjettet, og at innhenta informasjon blir vurdert før eventuell vidaresending til andre statar.

  2. Stortinget ber regjeringa setja all byggeverksemd på USA-basane på pause og ta nødvendige steg for å seia opp tilleggsavtalen mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid og sikra full nasjonal råderett på norsk jord.

  3. Stortinget ber regjeringa redusera den våpenteknologiske avhengigheita av USA ved å sikra at nye innkjøp av forsvarsmateriell blir gjort frå nordiske og nord-europeiske land.

  4. Stortinget ber regjeringa redusera den våpenteknologiske avhengigheita av USA ved å planlegga for framtidig ombygging og oppgradering av våpensystema ved hjelp av leverandørar frå nordiske og nord-europeiske land.

  5. Stortinget ber regjeringa styrka den nasjonale forsvarsberedskapen ved å avlysa det norske bidraget med fregatt og andre styrkebidrag til Indo-Stillehavet i 2025.

  6. Stortinget ber regjeringa fremma ei justert utdanningsordning i Forsvaret, både i innretning og omgang, som gjer rekrutteringsmåla i Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 realistiske.

  7. Stortinget ber regjeringa greia ut ei sivil beredskapsretning i førstegongstenesta.

  8. Stortinget ber regjeringa sørga for at all drift og vedlikehald av Forsvarets graderte og ugraderte system skal utførast av Forsvarets eigne tilsette.

  9. Stortinget ber regjeringa sørga for at alle Forsvarets data blir lagra på serverar som er under statleg kontroll og fysisk plassert i Noreg.

  10. Stortinget ber regjeringa styrka vedlikehald og sikring av kritisk infrastruktur som jernbane, kraftforsyning, vatn, avløp og digital infrastruktur for å styrka totalberedskapen.

  11. Stortinget ber regjeringa etablera ei forsvarsindustriell klynge i Nord-Noreg for å styrka totalforsvaret.

  12. Stortinget ber regjeringa arbeida for ein gjensidig nordisk sikkerheitsgaranti, uavhengig av NATO.

  13. Stortinget ber regjeringa styrka det praktiske samarbeidet med nordiske, baltiske og nord-europeiske land om øving og trening, produksjon av forsvarsmateriell, forsyningslinjer og forsvarsplanlegging.

  14. Stortinget ber regjeringa vidareutvikla det nordiske beredskapssamarbeidet gjennom eit nordisk totalforsvarskonsept som inkluderer avtalar om produksjon, lagring og leveransar av kritiske varer.

  15. Stortinget ber regjeringa styrka infrastruktur og kapasitet til forflytting av styrkar og forsvarsmateriell mellom Noreg, Sverige og Finland.

  16. Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at Norden skal vera ei atomvåpenfri sone.

  17. Stortinget ber regjeringa halda på dagens politikk og sørga for at Svalbard ikkje blir militarisert.

  18. Stortinget ber regjeringa sørga for at det framleis ikkje skal vera alliert trening i Aust-Finnmark, med mogleg unntak for nordiske allierte.

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.

Sakens dokumenter er tilgjengelige på sakssiden på stortinget.no.