Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa sikra nasjonal kontroll over
etterretningstenesta, mellom anna ved at all finansiering kjem over
det norske statsbudsjettet, og at innhenta informasjon blir vurdert
før eventuell vidaresending til andre statar.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa setja all byggeverksemd
på USA-basane på pause og ta nødvendige steg for å seia opp tilleggsavtalen
mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid og sikra full nasjonal
råderett på norsk jord.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa redusera den våpenteknologiske
avhengigheita av USA ved å sikra at nye innkjøp av forsvarsmateriell
blir gjort frå nordiske og nord-europeiske land.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa redusera den våpenteknologiske
avhengigheita av USA ved å planlegga for framtidig ombygging og
oppgradering av våpensystema ved hjelp av leverandørar frå nordiske
og nord-europeiske land.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa styrka den nasjonale
forsvarsberedskapen ved å henta heim det norske bidraget med fregatt
og andre styrkebidrag i Indo-Stillehavet i 2025.
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa fremma ei justert
utdanningsordning i Forsvaret, både i innretning og omfang, som
gjer rekrutteringsmåla i Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036
realistiske.
Forslag 7
Stortinget ber regjeringa greia ut ei forsterka
sivil beredskapsretning i førstegongstenesta.
Forslag 8
Stortinget ber regjeringa sørga for at all drift
og vedlikehald av Forsvarets graderte og ugraderte system skal utførast
av Forsvarets eigne tilsette.
Forslag 9
Stortinget ber regjeringa sørga for at alle
Forsvarets data blir lagra på serverar som er under statleg kontroll og
fysisk plassert i Noreg.
Forslag 10
Stortinget ber regjeringa styrka vedlikehald
og sikring av kritisk infrastruktur som jernbane, kraftforsyning,
vatn, avløp og digital infrastruktur for å styrka totalberedskapen.
Forslag 11
Stortinget ber regjeringa etablera ei forsvarsindustriell
klynge i Nord-Noreg for å styrka totalforsvaret.
Forslag 12
Stortinget ber regjeringa arbeida for ein gjensidig nordisk
sikkerheitsgaranti, uavhengig av NATO.
Forslag 13
Stortinget ber regjeringa styrka det praktiske
samarbeidet med nordiske, baltiske og nord-europeiske land om øving
og trening, produksjon av forsvarsmateriell, forsyningslinjer og
forsvarsplanlegging.
Forslag 14
Stortinget ber regjeringa vidareutvikla det
nordiske beredskapssamarbeidet gjennom eit nordisk totalforsvarskonsept
som inkluderer avtalar om produksjon, lagring og leveransar av kritiske
varer.
Forslag 15
Stortinget ber regjeringa styrka infrastruktur
og kapasitet til forflytting av styrkar og forsvarsmateriell mellom
Noreg, Sverige og Finland.
Forslag 16
Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at
Norden skal vera ei atomvåpenfri sone.
Forslag 17
Stortinget ber regjeringa halda på dagens politikk og
sørga for at Svalbard ikkje blir militarisert.
Forslag 18
Stortinget ber regjeringa sørga for at det framleis ikkje
skal vera alliert trening i Aust-Finnmark, med mogleg unntak for
nordiske allierte.