Regjeringa legg i proposisjonen fram følgjande saker
under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege
tariffområdet og kap. 1560 Tariffavtalte avsetjingar:
I punkt 2 i proposisjonen vert lønsregulering
for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå
1. mai 2025 m.m. omtalt med følgjande tema:
-
Nærare om lønsforhandlingane,
med omtale av forhandlingane, den økonomiske ramma og forhandlingsstader.
-
Nærare omtale av den økonomiske profilen
i avtalane med Akademikerne og Unio i avtalane med LO Stat og YS
Stat.
-
Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn
og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på sakssida på stortinget.no.