Nærings- og fiskeridepartementet har lagt fram forslag
til ny lov om aktiviteter i verdensrommet (romloven). Lova vil avløyse
lov 13. juni 1969 nr. 38 om oppskyting av gjenstander fra norsk
territorium m.m. ut i verdensrommet.
Lovframlegget tar utgangspunkt i ei rammelov
som skal dekke dagens reguleringsbehov og samstundes oppnå tilstrekkeleg
med smidigheit slik at ho opnar for utvikling av framtidige romaktiviteter.
Det vil vere behov for å presisere krav i lova gjennom utfyllande
forskrifter.
Føremålet med lova er å legge til rette for
ein sikker og berekraftig bruk av verdsrommet. Romaktivitetar innanfor
Noregs jurisdiksjon skal utøvast på ein måte som varetek nasjonale
tryggleiksinteresser og er i tråd med våre internasjonale forpliktingar.
Lovframlegget er delt inn i åtte kapittel og
inneheld 29 paragrafar.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på stortinget.no.