Forslag fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Rødt og Kristelig
Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa sikre at det ortopediske
tilbodet ved Lærdal sjukehus blir vidareført på minimum dagens nivå.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa sikre at barseltilbodet
på Lærdal og Nordfjord sjukehus blir vidareført.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa sikre at skadepoliklinikken
på Lærdal og Nordfjord sjukehus blir vidareført.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa sikre at det blir
utarbeidd ein klar plan for å desentralisere fleire tenester til
lokalsjukehusa i Helse Førde, og hindre at pasienttilbod blir sentraliserte
til Førde av økonomiske omsyn.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa sikre at responstidmåla
for ambulansetenesta i Helse Førde blir oppfylte i alle kommunar.
Forslag
frå Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Rødt:
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa sikre at eventuelle
vedtak i Helse Førde om endringar i tenestetilbodet, jf. styresak 60/2025,
blir tatt opp i føretaksmøte og endeleg avgjorde av statsråden,
jf. helseforetaksloven § 30, saker av vesentleg betydning.