Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Etter Grunnlova § 75 bokstav i kan Stortinget mellom anna innvilge pensjonar frå statskassa.
I proposisjonen her blir det lagt fram ei liste over pensjonar som departementet mellombels har innvilga i 2025, og som ein ber om Stortingets endelege godkjenning av.
I 2025 blei det utbetalt 16 418 197 kroner i pensjon av statskassa. I statsbudsjettet for 2026 er det løyvt 18 000 000 kroner på kap. 611 Pensjonar frå statskassa.
Pensjon frå statskassa er ei særordning som gir Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift.
Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utan-riksstasjonar. Dei lokalt tilsette er i hovudsak sjølv bor-garar i landet der dei arbeider. Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale trygde- og forsikringsordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg, eller at tilhøve i tenestelandet kan føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa på vegner av vedkomande.
Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetalte månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.