Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

1.1 Bakgrunn

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei desse lovene oppheva: lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter.

Det blir her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga i 2025. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar, og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2025.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjons- ordninga og hovudtrekk i dei tidlegare pensjonsordningane for stortingsrepresentantar og for statsrådar.

1.2 Utvikling i 2025 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 393 personar fekk ved utgangen av 2025 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, og gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.2.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2025 var det 290 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på 11 personar og tilgang på 19 personar. Per 31. desember 2025 var talet på alderspensjonistar derfor 298 personar.

1.2.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2025 var det fire uførepensjonistar i ordninga. Det har vore éin avgang i løpet av året. Per 31. desember 2025 var det derfor tre uførepensjonistar i ordninga.

Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 7 256 kroner per månad.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2025.

1.2.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2025 var det 92 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på ni personar og tilgang på ni personar. Per 31. desember 2025 var talet på ektefellepensjonistar derfor 92 personar.

I 2025 blei ni personar innvilga ektefellepensjon.

Per 31. desember 2025 var det ingen som tok imot barnepensjon i ordninga.

1.2.4 Rekneskap for 2025

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 75 280 778 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2024. Administrasjonskostnadene var i sum 1 438 822 kroner. Dette er ein liten auke frå 2024.

1.3 Utvikling i 2025 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2025 fekk totalt 106 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, og gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2025 var det 70 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på fem personar og tilgang på fire personar. Per 31. desember 2025 var talet på alderspensjonistar derfor 69 personar.

1.3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2025 var det éin uførepensjonist i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2025 var det derfor éin uførepensjonist i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2025.

1.3.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2025 var det 36 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på tre personar og tilgang på tre personar. Per 31. desember 2025 var talet på ektefellepensjonistar derfor 36 personar.

Ved inngangen til 2025 var det éin person som tok imot barnepensjon. Det har vore éin avgang i løpet av året. Per 31. desember 2025 var det derfor ingen som tok imot barnepensjon i ordninga.

1.3.4 Rekneskap for 2025

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 17 987 025 kroner til pensjonar. Det er ein liten auke frå 2024. Administrasjonskostnadene utgjorde 337 592 kroner. Dette er også ein ein liten auke frå 2024.

1.4 Sentrale hendingar i 2025

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Inntektskontrollen blei ferdig i slutten av 2025 og gjaldt for inntektsåret 2024. Alle som blei kontrollert var innanfor inntektsgrensa.

I løpet av sommaren/hausten 2025 blei det, ut frå skatteoppgjeret for 2024, gjennomført etteroppgjer for alle uførepensjonistar i ordninga. Det blir gjort for å sikre at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig med uførepensjon.

I 2025 blei alderspensjonar under utbetaling, dessutan etterlatnepensjon til etterlatne som er 67 år eller eldre, regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Reguleringa utgjorde 3,71 pst. Uførepensjon og etterlatnepensjon for dei under 67 år blir regulert som veksten i grunnbeløpet som utgjorde 4,94 pt. i 2025.