Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I dokumentet fremmes følgende forslag:
Stortinget ber regjeringa legge fram ein plan for kva rolle og kva funksjonar mindre sjukehus skal ha i framtida. Stortinget ber om at regjeringa ser på å auke poliklinisk aktivitet på lokalsjukehusa innan alle relevante spesialitetar, med mål om at ein kan få så mykje som råd av polikliniske tenester nær der ein bur. Ei utgreiing bør vere fagleg tung, med fagfolk frå små og mellomstore sjukehus, og sjå til arbeidet som vert gjort i helsereformutvalet.
Stortinget ber regjeringa greie ut om det kan vere aktuelt å opprette ein ny kategori sjukehus under nemninga «nærsjukehus», der ein har avgrensa akuttberedskap, til dømes i samarbeid mellom kommunehelsetenesta og indremedisinarar, og med velutvikla poliklinisk tilbod innan mange spesialitetar, til dømes der det i dag er kommunalt akutt døgntilbod, sjukestove eller små sjukehus. Det skal òg greiast ut kva kompenserande tiltak som bør vere tilgjengelege der ein ikkje har full kirurgisk beredskap, til dømes auka tilgjenge på blodprodukt.
Stortinget ber regjeringa greie ut korleis ambulansetenesta bør organiserast i distrikta, mellom anna sjå på heimevakt, møteordning og kombinasjon med kommunale tenester som brann, og kome tilbake til Stortinget med ei sak og om nødvendig forslag til lov- og forskriftsendringar.
Stortinget ber regjeringa greie ut endringar i fordelingsnøkkelen for helseføretaka som sikrar at dei mindre sjukehusa og ambulansetenesta har ressursar til å løyse dei oppgåvene dei får, i planen for dei mindre sjukehusa.»
Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.