Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Departementet foreslår ei ny føresegn i vareførselsloven som gjeld aktørar i Noreg som må ha eit identifikasjonsnummer. Behovet for eit identifikasjonsnummer følgjer av EU-rettsakter som vert innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. I fyrste omgang gjeld dette CBAM-forordninga ((EU) 2023/956). Det er eit mål at denne forordninga skal gjelde i Noreg frå 1. januar 2027. Framlegget inneber at aktørar med behov for eit identifikasjonsnummer må registrere seg hos tollstyresmaktene. Tollstyresmaktene kan dele den registrerte informasjonen med EU.
EØS-relevant EU-sektorregelverk som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer, har som fellestrekk at aktørane som er omfatta av regelverket, vert identifiserte med eit EORI-nummer (Economic operators registration and Identification number). I EU er EORI verksemdene sin identifikator for tollføremål. EORI er regulert i EUs tollregelverk (The Union Customs Code – UCC). I EU kan ein nytte EORI-nummeret når aktørane skal ha tilgang til ulike IT-system. Dette kan skje gjennom EU sitt system UUM&DS (Uniform user management & digital signatures).
Noreg er ikkje ein del av EUs tollområde og er ikkje omfatta av EUs toll-lovgjeving – og dimed heller ikkje av EORI-ordninga. Når EU-rettsakter som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer, vert innlemma i norsk rett, er det behov for ein eigen identifikator som kan gjelde i staden for EORI. Aktørar omfatta av rettsaktene skal nytte denne identifikatoren når omfatta varer vert innførte til Noreg frå tredjeland. Det vert difor foreslått å etablere ei registreringsordning der aktørar i Noreg får tildelt eit identifikasjonsnummer frå Tolletaten. Ved registrering får aktørane eit identifikasjonsnummer som er basert på aktøren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, med prefikset NO.
Kravet om norsk identifikator vil gjelde sjølv om aktøren allereie er registrert med EORI-nummer for vareførsel til og frå EUs tollområde. Det vil framleis òg vere krav om EORI-nummer for aktørar som må varsle føreåt i ICS2 (EUs system for elektronisk førehandsvarsling).
Framlegget vart sendt på høyring 10. mars 2026, med høyringsfrist 13. april 2026. Det har kome inn 19 høyringssvar. Framlegget i proposisjonen vidarefører i hovudsak framlegget i høyringsnotatet.
Dei økonomiske konsekvensane av framlegget vert vurderte som låge for næringslivet. Kostnadene ved å utvikle og etablere registeret er av Tolletaten talfeste til om lag 19 mill. kroner (eks. mva.). Varige drifts- og forvaltingskostnader er talfeste til om lag 13 mill. kroner (eks. mva.).
Departementet syner til framlegg til vareførselsloven ny § 7-22. Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde 1. juli 2026.
Høyringa, gjeldande rett, vurderingar og framlegg, og økonomiske og administrative konsekvensar er omtala i proposisjonens kapitel 6.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.