Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsframlegg frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad, Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa om endring i § 25 (om forbod mot atomvåpen på norsk jord)

Dette dokument

Til Stortinget

Innleiing

Grunnlovsframlegg 31 (2023–2024) frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad, Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa gjeld forbod mot atomvåpen på norsk jord. Forslagsstillarane viser til at bruk av atomvåpen vil ha katastrofale humanitære konsekvensar, og den einaste garantien mot bruk av atomvåpen er fullstendig avskaffing av desse våpena. Dette vart i 2010 slått fast av statspartane til Ikkjespreiingsavtalen, avtalen som vert omtala som hjørnesteinen i norsk nedrustingsarbeid. I avtalen står det:

«All States need to make special efforts to establish the necessary framework to achieve and maintain a world without nuclear weapons.»

Sluttdokumentet frå den nemnde tilsynskonferansen legg vekt på at det er avgjerande at statar medverkar til rettsleggjering av atomnedrustingspolitikk, slik dette grunnlovsforslaget tek sikte på.

Noreg deler målet om ei verd utan atomvåpen med Nato og FN. Målet er nedfelt i Nato sitt strategiske dokument, seinast i 2022, og i september 2024 forplikta medlemslanda i FN seg igjen til målet om total avskaffing av atomvåpen i framtidspakta vedtatt på Framtidas toppmøte i FN i New York.

Det langsiktige målet om avskaffing av atomvåpen samsvarer med den lange norske tradisjonen med å halda Noreg fritt for desse masseøydeleggingsvåpena. Allereie på Nato-toppmøtet i Paris i 1957 proklamerte Einar Gerhardsen: «ingen atomvåpen på norsk jord i fredstid». Trass i at dette ikkje er lovfesta, har det hatt unison politisk støtte i Noreg og tydeleg aksept blant Noreg sine allierte. Dagens tilstand er derimot ingen garanti for framtida.

Derfor er det synet til forslagsstillarane at det verdigrunnlaget som vert representert gjennom at Noreg er atomvåpenfritt territorium, bør grunnlovfestast.

Om rustingskontroll og forslaget

Eit grunnlovsforslag om å forby produksjon, innførsel, bruk og utplassering av atomvåpen er i tråd med lange linjer i norsk forsvars- og tryggingspolitikk. Det er brei politisk semje om at Noreg framleis skal spela ei pådrivarrolle for ikkje-spreiing og nedrusting. Eit samrøystes storting støtta opp om dette i 2016 i behandlinga av stortingsmeldinga Globale sikkerhetsutfordringer i utenrikspolitikken – Terrorisme, organisert kriminalitet, piratvirksomhet og sikkerhetsutfordringer i det digitale rom (vedtak nr. 623 av 26. april 2016 frå behandlinga av Meld. St. 37 (2014–2015), jf. Innst. 199 S (2015–2016)), og igjen under behandlinga av Forsvarsløftet – for Norges trygghet. Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 (Prop. 87 S (2023–2024), jf. Innst. 426 S (2023–2024)) i 2024.

Å nå målet om ei verd utan atomvåpen vil krevja ein samla internasjonal innsats på fleire arenaer, men også at nokon går føre og viser korleis dette kan gjerast i praksis.

Noreg har tradisjonelt vore mellom dei leiande statane på nedrustingsfeltet. Forslagsstillarane meiner at dette grunnlovsforslaget styrkjer den tradisjonen. Å introdusera nasjonal grunnlovgiving som forbyr bruk, produksjon, utplassering og introduksjon av atomvåpen i Noreg, er ein naturleg del av norsk innsats for ei verd utan atomvåpen. Forslaget er også ei oppfølging av Noreg sine internasjonale forpliktingar ved at Noreg med dette yter ein ekstra innsats for å leggja til rette for ei verd utan atomvåpen i eige lovverk.

Ei grunnlovfesting av forbod mot atomvåpen i Noreg vil vera eit verdimessig og politisk fundament for andre internasjonale politiske verkemiddel og initiativ med same mål. Forslagsstillarane meiner at ei slik grunnlov er i tråd med Noreg sine konstitusjonelle tradisjonar ved at heilt sentrale verdiar og interesser for landet vert grunnlovfesta.

Tilsvarande lovgiving i andre land

Fleire statar har innført tilsvarande og strengare lovgiving for å forby atomvåpen nasjonalt enn det som vert føreslått her. Nokre eksempel er:

New Zealand sementerte antiatomvåpenpolitikken sin i New Zealand Nuclear Free Zone, Disarmament, and Arms Control Act i 1987, som forbyr produksjon, introduksjon og oppbevaring av atomvåpen i landet. Lovgivinga gjer det også ulovleg for borgarane i landet å medverka til at andre personar gjer dette, inkludert transport av atomvåpen på land eller i internasjonalt farvatn og dertil oppbevaring i landet sine hamner. Statsministeren har rett til å nekta internasjonale fly å landa i New Zealand dersom dei ber atomvåpen.

I 1987 vedtok Filippinane eit grunnlovstillegg som konstaterer at landet innfører og vil forfølgja ein politikk for eit atomvåpenfritt Filippinane (Article II seksjon 8 i grunnlova av 1987). Denne grunnlovfesta politikken inneber at regjeringa ikkje kan lagra, eller tillata andre å introdusera, atomvåpen på filippinsk territorium. Vidare forbyr grunnlova fly, skip og køyretøy som ber atomvåpen, å koma til landet.

I 1999 vedtok parlamentet i Austerrike samrøystes Federal Constitutional Act for a Nonnuclear Austria, som slår fast at atomvåpen ikkje skal produserast, lagrast, transporterast, testast eller brukast i Austerrike, og at infrastruktur for å lagra atomvåpen ikkje skal settjast opp.

I tillegg til nasjonalt lovverk har mange statar konsolidert innsatsen mot atomvåpen gjennom å inngå i atomvåpenfrie soner. Gjennom Tlatelolco-traktaten (Treaty for the Prohibition of Nuclear Weapons in Latin America and the Caribbean), Rarotonga-traktaten (The South Pacific Nuclear Free Zone Treaty), Bangkok-traktaten (Treaty on the Southeast Asia Nuclear Weapon-Free Zone), Pelindaba-traktaten (African Nuclear-Weapon-Free Zone Treaty) og Treaty on a Nuclear-Weapon-Free Zone in Central Asia er store område erklært atomvåpenfrie.

Også alle statane som har ratifisert FNs atomvåpenforbod, har implementert forbodet i traktaten i eige lovverk. Det store fleirtalet av statane i verda reknar atomvåpen som uakseptabelt og fastset dette gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar.

Forslagsstillarane fremjar følgande forslag:

«Alternativ 1:

§ 25 nytt fjerde ledd skal lyda:

Atomvåpen må ikke produseres, innføres, brukes eller utplasseres i riket.

Atomvåpen må ikkje produserast, førast inn, brukast eller setjast ut i riket.

Alternativ 2:

§ 25 nytt femte ledd skal lyda:

[Som alternativ 1]

Alternativ 3:

§ 25 nytt sjette ledd skal lyda:

[Som alternativ 1]

Alternativ 4:

Ny § 25 a skal lyda:

[Som alternativ 1]»

Meknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ronny Aukrust, Sverre Myrli, Kari Baadstrand Sandnes og Lise Selnes, frå Framstegspartiet, leiaren Per-Willy Amundsen, Pål Morten Borgli, Lars Rem og Aina Stenersen, frå Høgre, Ove Trellevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Senterpartiet, Geir Pollestad, frå Raudt, Hege Bae Nyholt, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Julie E. Stuestøl, og frå Kristeleg Folkeparti, Jonas Andersen Sayed, viser til Grunnlovsframlegg 31 (2023–2024) om endring i § 25 (om forbod mot atomvåpen på norsk jord).

Komiteen viser til at det heilt sidan 1950-talet har vore etablert norsk sikkerheitspolitikk at ein ikkje tillét utplassering av atomvåpen eller etablering av utanlandske basar på norsk territorium i fredstid. Denne politikken har hatt ei stabil og brei politisk oppslutning og har stått seg gjennom ulike sikkerheitspolitiske epokar i snart 70 år.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at likelydande forslag har vore framsett to gonger tidlegare, høvesvis i 2018 og 2022. Begge gongene vart forslaget nedstemt.

Fleirtalet meiner at eit eksplisitt og detaljert forbod mot produksjon, innføring, bruk og utplassering av ein spesiell våpentype, vil utgjere eit brot med norsk konstitusjonell praksis. Det ville òg reise spørsmål om presedens gjennom grunnlovfesting av forbod mot andre typar masseøydeleggingsvåpen og våpentypar som må oppfattast som spesielt inhumane eller skadelege for sivilbefolkninga. Fleirtalet meiner at det ikkje bør herske tvil om at norsk politikk på dette feltet ligg fast, og at det derfor er unødvendig å opprette rettslege rammer gjennom ei grunnlovsendring. På dette grunnlag vil fleirtalet tilrå at forslaget – samtlege alternativ – ikkje vert vedteke.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne viser til tidligere behandling av grunnlovsforslag om at atomvåpen ikke må produseres, innføres, brukes eller utplasseres i Norge, jf. Innst. 285 S (2015–2016), Innst. 250 S (2017–2018) og Innst. 409 S (2021–2022).

Disse medlemmer understreker at atomvåpen er et masseødeleggelsesvåpen og at bruk av atomvåpen vil ha katastrofale humanitære konsekvenser. Den eneste garantien mot slik bruk er en fullstendig avskaffing av atomvåpen.

Disse medlemmer viser til at USA slapp den første atombomben over Hiroshima 6. august 1945. Sprengkraften, tilsvarende omtrent 15 tusen tonn TNT, kom fra kjernefysisk fisjon av litt under en kilo uran. Bomben førte til at rundt 70 000 mennesker omkom umiddelbart, et antall som økte til rundt 100 000 ved årets utgang. Den andre, en plutoniumsbombe, ble sluppet over Nagasaki 9. august. Sprengkraften, tilsvarende omtrent 21 tusen tonn TNT, forårsaket 60 til 80 000 dødsfall ved utgangen av 1945.

Disse medlemmer viser til utviklingen av hydrogenbomber med sprengkraft som er hundre til tusen ganger større enn uran- eller plutoniumsbomber. I 1961 testet Sovjetunionen en hydrogenbombe med en sprengkraft som antas å ha vært på 50 mill. tonn TNT, en sprengkraft større enn 3 000 Hiroshima-bomber.

Disse medlemmer viser til at Federation of American Scientists anslår at ni land har et samlet atomvåpenarsenal på omtrent 12 000 stridshoder, hvorav omtrent 10 000 kan tas i bruk. Russland antas å ha omtrent 5 400 stridshoder, hvorav 4 400 av dem kan tas i bruk, mens tilsvarende tall for USA er 5 000 og 3 600.

Disse medlemmer viser til at USAs kraftigste ikke-nukleære våpen, GBU-43/B Massive Ordnance Air Blast, har en sprengkraft på 11 tonn TNT. Denne sprengkraften er under en tusendel av bomben som ble sluppet over Hiroshima, og under en milliondel av sprengkraften til en hydrogenbombe.

Disse medlemmer viser til at Norge tradisjonelt har vært en av de ledende stater i arbeidet for atomvåpennedrustning, et arbeid som krever langsiktig nasjonal og internasjonal innsats. Norge deler også FNs mål om en verden uten atomvåpen, noe som etter disse medlemmers mening krever at innsatsen styrkes.

Disse medlemmer viser til norsk basepolitikk, nedfelt i regjeringens baseerklæring fra 1. februar 1949, innebar at Norge «avviste stasjonering av allierte kampstyrker i landet i fredstid» (Skogrand, Kjetil og Rolf Tamnes: Fryktens likevekt, Atombomben, Norge og verden 1945–1970, side 78). Denne basepolitikken innebar at Norge ikke kunne motta atomvåpen i fredstid og «[k]jernen i atompolitikken var med dette lik basepolitikken», selv om de fremsto som to separate selvpålagte begrensninger (Skogrand, Kjetil og Rolf Tamnes: Fryktens likevekt, Atombomben, Norge og verden 1945–1970, side 127).

Disse medlemmer viser til at Nato-toppmøtet i Paris i desember 1957 drøftet utplassering av mellomdistanseraketter med atomvåpen og lagring at atomammunisjon i Europa, og at statsminister Einar Gerhardsen på møtet gjorde det klart at Norge ikke ville motta atomvåpen.

Disse medlemmer viser videre til at Natos ledelse, deriblant daværende generalsekretær Paul-Henri Spaak, kritiserte atomvåpenforbudet og ønsket at Norge skulle lagre atomstridshoder. Det samme gjorde fagmilitære i Norge, se Skogrand, Kjetil og Rolf Tamnes: Fryktens likevekt, Atombomben, Norge og verden 1945–1970, side 128–134.

Disse medlemmer understreker viktigheten av at Norge, på tross av betydelig press, opprettholdt atomvåpenforbudet. Samtidig hadde atomvåpenforbudet stor støtte i befolkningen, noe disse medlemmer mener var et viktig bidrag til at forbudet ble opprettholdt.

Disse medlemmer understreker viktigheten av ikkespredningsavtalen, en avtale Norge var en betydelig pådriver for. Ikkespredningsavtalen har til hensikt å hindre spredning av atomvåpen samt bidra til atomvåpennedrustning. Ikkespredningsavtalen er ratifisert av 191 land, men Nord-Korea har senere trukket seg fra avtalen. Norge ratifiserte avtalen i 1969 og avtalen trådte i kraft i 1970.

Disse medlemmer viser videre til at land som ikke har atomvåpen etter avtalen forplikter ter seg til ikke å utvikle atomvåpen, jf. artikkel II i avtalen der det står:

«Each non-nuclear-weapon State Party to the Treaty undertakes not to receive the transfer from any transferor whatsoever of nuclear weapons or other nuclear explosive devices or of control over such weapons or explosive devices directly, or indirectly; not to manufacture or otherwise acquire nuclear weapons or other nuclear explosive devices; and not to seek or receive any assistance in the manufacture of nuclear weapons or other nuclear explosive devices.»

Disse medlemmer mener at spredning av atomvåpen vil øke faren for atomkrig, og at ikkespredningsavtalen er helt sentral i arbeidet for å forhindre at flere stater får atomvåpen. Et forbud mot atomvåpen i Grunnloven vil etter disse medlemmers mening styrke dette arbeidet.

Disse medlemmer viser til land som har hatt atomvåpenforbud i flere år. Noen har innført slike forbud ensidig, som New Zealand, Filippinene og Østerrike. I tillegg har andre land inngått i atomvåpenfrie soner, som Tlatelolco-traktaten (Treaty for the Prohibition of Nuclear Weapons in Latin America and the Caribbean), Rarotonga-traktaten (The South Pacific Nuclear Free Zone Treaty), Bangkok-traktaten (Treaty on the Southeast Asia Nuclear Weapon Free Zone), Pelindaba-traktaten (African Nuclear Weapon-Free Zone Treaty) og Treaty on a Nuclear Weapon-Free Zone in Central Asia, se Dokument 12:31 2023–2024), side 2. Grunnlovfesting av et atomvåpenforbud kan etter disse medlemmers mening dermed også være et steg på veien mot en atomvåpenfri sone i Norden.

Disse medlemmer viser til FNs atomvåpenforbudsavtale (Treaty on the Prohibition of Nuclear Weapons, TPWN). Avtalen forbyr alle former for tilknytning til atomvåpen og ble vedtatt i 2017. I 2021 trådte avtalen i kraft.

Disse medlemmer viser videre til at per 1. juni 2026 har 74 land sluttet seg til avtalen og ytterligere 25 land har underskrevet. Stater som har atomvåpen, har ikke tilsluttet seg avtalen. Medlemsland i Nato som ikke har atomvåpen, deriblant Norge, har heller ikke sluttet seg til avtalen.

Disse medlemmer mener at Norge bør underskrive og ratifisere FNs avtale om forbud mot atomvåpen. Forbudet er et viktig skritt mot målet om en verden uten atomvåpen, et mål Norge har sluttet seg til. FNs atomvåpenforbud vil også hindre spredning av atomvåpen.

Disse medlemmer viser til at det aldri har vært utplassert atomvåpen i Norge, noe disse medlemmer mener har bidratt til avspenning og derigjennom redusert faren for bruk av atomvåpen. Det er derfor viktig at atomvåpenforbudet videreføres, noe en grunnlovfesting vil bidra til.

Disse medlemmer mener en grunnlovfesting av at atomvåpen ikke må produseres, innføres, brukes eller utplasseres i Norge, vil være i tråd med norsk atomvåpenpolitikk i hele etterkrigstiden. En eventuell endring av denne politikken må være gjenstand for en grundig debatt og ha bred støtte i folket, hensyn en grunnlovfesting vil ivareta.

Disse medlemmer viser til at dagens atomvåpenforbud kan endres ved et vedtak i Stortinget uten at velgere involveres i beslutningen som ved en grunnlovsendring. For å unngå dette er det derfor viktig å føre inn atomvåpenforbudet i Grunnloven.

Disse medlemmer viser til at en enstemmig kontroll- og konstitusjonskomité i forbindelse med ny § 15 i Grunnloven, jf. Innst. S. nr. 94 (2006–2007), side 5 skrev at

«[dette] innebærer at det parlamentariske prinsipp føres inn i Grunnloven og representerer en naturlig fornyelse av denne.»

Disse medlemmer mener en grunnlovfesting av forbudet mot atomvåpen vil kunne ha samme funksjon.

Disse medlemmer viser til Stortingets vedtak nr. 623 av 26. april 2016 i behandlingen av Meld. St. 37 (2014–2015), jf. Innst. 199 S (2015–2016). Vedtaket lyder:

«Stortinget ber regjeringen arbeide aktivt for en verden fri for atomvåpen og bidra til gjennomføring av Ikkespredningsavtalens (NPT) forpliktelser, innta en aktiv rolle som pådriver for ikke-spredning og for nedrustning med sikte på en balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffelse av atomvåpen, og på dette grunnlaget arbeide langsiktig for et rettslig bindende rammeverk for å sikre dette målet.»

Disse medlemmer viser videre til Stortingets behandling av Forsvarsløftet, jf. Innst. 426 S (2023–2024), side 5, der en enstemmig utenriks- og forsvarskomité

«understreker at langtidsplanen skal styrke Forsvarets evne til å sikre norsk suverenitet med konvensjonelle midler, i tråd med Norges langvarige interesse av lavspenning i nord og kjernefysisk deeskalering, samt Stortingets vedtak om å arbeide aktivt for en verden fri for atomvåpen. Norges syn på oppbevaring av kjernefysiske våpen på norsk territorium i fredstid ligger fast.»

Disse medlemmer mener en grunnlovfesting av forbud mot atomvåpen er i tråd med dette.

Disse medlemmer viser til at bruk av atomvåpen har satt dype spor i mer enn 80 år. I den forbindelse minner disse medlemmer om at Nobels fredspris i 2024 gikk til Nihon Hidankyo for innsatsen for en atomvåpenfri verden og for å vitne om hvorfor atomvåpen aldri må brukes igjen.

Disse medlemmer mener grunnlovfesting av forbud mot atomvåpen i Norge vil ivareta grunnleggende interesser til fremtidige generasjoner og være et verdimessig og politisk fundament for andre internasjonale politiske virkemidler og initiativ med samme mål.

Disse medlemmer understreker av grunnlovfesting også er i tråd med Norges konstitusjonelle tradisjoner ved at helt sentrale verdier og interesser for landet føres inn i Grunnloven.

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn tilrå at forslaget, alternativ 4, bifalles, slik at ny § 25 a på bokmål og nynorsk vil lyde:

«Atomvåpen må ikke produseres, innføres, brukes eller utplasseres i riket.

Atomvåpen må ikkje produserast, førast inn, brukast eller setjast ut i riket.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 1

Dokument 12:31 (2023–2024) – Grunnlovsframlegg frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad, Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa om endring i § 25 (om forbod mot atomvåpen på norsk jord) – alternativ 4 – vert vedteke.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til grunnlovsframlegget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 12:31 – Grunnlovsframlegg frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken, Birgit Oline Kjerstad, Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa om endring i § 25 (om forbod mot atomvåpen på norsk jord) – samtlege alternativ – vert ikkje vedteke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 16. juni 2026

Per-Willy Amundsen

Kari Baadstrand Sandnes

leiar

ordførar