Lagtinget - Møte tirsdag den 14. juni 2005 kl. 23.20

Dato: 14.06.2005

Dokumenter: (Besl. O. nr. 96 (2004-2005), jf. Innst. O. nr. 100 (2004-2005)og Ot.prp. nr. 49 (2004-2005))

Sak nr. 2

Odelstingets vedtak til lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven)

Talere

Presidenten: I denne saka vil presidenten opplyse følgjande: Under Odelstingets handsaming vart det ved ein feil vedteke fem paragrafar i innstillingas framlegg til vedtak som skulle ha vore forkasta. Det gjeld §§ 14-16 til og med 14-20. På grunn av den korte tida som er igjen av stortingssesjonen, blir det ikkje mogleg å rette opp feilen gjennom ein merknad frå Lagtinget om ny handsaming i Odelstinget. Lagtinget må derfor la Odelstingets beslutning passere med denne feilen. Feilen kan så rettast opp til hausten etter initiativ frå Regjeringa i god tid før lova skal tre i kraft.

Reidar Sandal (A) [23:21:50]: Eg viser til Odelstingets vedtak til lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. § 2-4 første ledd:

«Arbeidstaker har rett til å varsle offentligheten om kritikkverdige forhold i virksomheten der dette ikke er i strid med annen lov.»

Denne formuleringa er av enkelte blitt oppfatta som at det berre er offentlegheita som skal varsle om kritikkverdige forhold. Offentlegheita i denne samanhengen inneber sjølvsagt også intern varsling. Eg presiserer dette synspunktet på vegner av dei partia som utgjorde fleirtalet under Odelstingets behandling av denne saka.

Odelstinget har vedteke ein ny lovparagraf om varsling, og dermed slått fast at det er viktig at arbeidstakarane har ein rett til å varsle i offentlegheit om kritikkverdige forhold. Partia som utgjorde fleirtalet i Odelstinget, legg sjølvsagt til grunn at det nemnde vedtaket skal setjast i verk på vanleg måte. Kongen i statsråd vil finne eit naturleg tidspunkt for iverksetjing av avgjerda.

Det er av fleire peikt på at det er mange utfordrande spørsmål knytte til ein rett til å varsle. Odelstingets vedtak har ført til eit klart og viktig steg i rett retning, men det gir ikkje noko endeleg svar.

Eit fleirtal har vist til arbeidet som er starta med å vurdere både lovtekst og andre tiltak for å styrkje retten til å varsle. Fleirtalet meinte under debatten i Odelstinget at det finst visse grenser for varslingsretten, også utover opplysningar som er lovbeskytta. Å få klarlagt kvar grensene går, gjer også varslarvernet sterkare og meir reelt, sidan det vil vere med på å gjere det tydelegare for arbeidstakarar kva som er omfanget av vernet.

Det er utan tvil behov for betre kunnskap om og ei grundig utgreiing av desse spørsmåla. Det er vidare naturleg å sjå endeleg utforming av lova i samanheng med det arbeidet som er sett i gang, og som skal vere ferdig innan årsskiftet.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet.

Vedtaket i Odelstinget er dermed godteke av Lagtinget – med dei merknadene som er framførte av presidenten og representanten Reidar Sandal – og lovvedtaket blir i samsvar med Grunnlova å sende Kongen.