Etter at det var ringt til votering
i 5 minutter, uttalte
Votering i sak nr. 1
Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre
slike vedtak:
A.
Lov
om supplerande stønad til personar
med
kort butid i Noreg
Kapittel 1. Formål – definisjonar
§ 1
Formålet med lova
Formålet med lova er å garantere
ei minste samla inntekt for personar med liten eller
ingen pensjon frå folketrygda på grunn
av kort butid i Noreg.
§ 2
Definisjonar
Med grunnbeløpet meiner ein i lova
her grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4.
Med ektemake meiner ein i lova her
personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman
i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere
gifte med kvarandre, og registrerte partnarar som bur saman i eitt
hushald.
Kapittel 2. Personkrins – opphald
i utlandet
§ 3
Kven som kan få stønad
Supplerande stønad vert gitt til personar
som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Ein person
vert rekna som busett dersom han eller ho er
registrert i folkeregisteret og har opphaldsløyve
som gir grunnlag for busetjing i riket.
Familiemedlemer i oppstigande linje som har
fått opphaldsløyve av di dei er forsørgde
av personar som oppheld seg her, kan berre få supplerande
stønad for tidsrom etter at dei har fått
løyve til fast busetjing
i Noreg.
§ 4
Opphald i utlandet
Retten til supplerande stønad
fell bort når ein person oppheld seg eller har
tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn tre månader
i samanheng eller i meir enn tre månader i alt
i eit kalenderår.
Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare
i meir enn tre månader i samanheng, fell ytingane bort
frå og med månaden etter den månaden
då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle
fell ytingane bort frå og med månaden etter
den månaden då vedkomande hadde vore
i utlandet i tre månader eller summen av utanlandsopphalda
i eit kalenderår utgjer tre
månader.
I tilfelle som går inn under andre
leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre
tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon
på at han eller ho ikkje kunne vende
attende til Noreg på grunn
av eigen sjukdom.
Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar
§ 5
Full supplerande stønad
Full supplerande stønad skal vere
a) 1,7933 gonger grunnbeløpet
for einslege stønadstakarar
b) 2,2933 gonger grunnbeløpet for personar med
ektemake under 67 år
c) 1,6433 gonger grunnbeløpet for kvar av ektemakane når
begge har fylt 67 år.
Ytingane etter første leddet
bokstavane a til c skal aukast med 40 prosent av grunnbeløpet
per barn under 18 år som personen forsørgjer og
bur saman med i eitt hushald. Dersom begge ektemakane har fylt 67 år,
skal auken gå til den av dei som har lågast inntekt
(sjå § 6 første leddet).
Eit barn vert rekna å forsørgje
seg sjølv dersom det har inntekt som nemnd i § 6
første leddet, og inntekta er høgare enn grunnbeløpet.
Dersom ein ektemake under 67 år oppheld
seg i utlandet i lengre tid enn fastsett i § 4,
skal ytinga til stønadstakaren fastsetjast etter
første leddet bokstav a. Tilsvarande fell retten
til tillegg for forsørgt barn bort når barnet
har utanlandsopphald som nemnd. Reglane i § 4 gjeld tilsvarande
med omsyn til tidspunktet for omrekning av ytingane etter
første og andre punktumet.
§ 6
Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad
Full supplerande stønad skal setjast
ned med
a) arbeidsinntekt
b) pensjon frå folketrygda
c) andre norske offentlege eller
private pensjonar
d) utanlandske offentlege eller private pensjonar
e) kapitalinntekter.
Det skal reknast med slik inntekt hos stønadstakaren sjølv
så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane har fylt
67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken berre
inngå ved prøvinga av ytingane til den andre
ektemaken med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5
første leddet bokstav c.
§ 7
Utmåling av supplerande stønad
Supplerande stønad vert gitt dersom
full supplerande stønad etter § 5 er
høgare enn inntektsgrunnlaget etter § 6. Stønaden
skal utgjere differansen mellom desse beløpa.
§ 8
Formue
Dersom ein søkjar eller
ektemaken har så stor formue at det ville vere
urimeleg å gi supplerande stønad, kan ein gi avslag
på søknaden. Som formue vert ikkje rekna
vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg
bruk.
Departementet kan gi forskrift til
utfylling av reglane i paragrafen her.
§ 9 Låge
stønadsbeløp
Supplerande stønad vert ikkje
gitt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp
enn to prosent av full supplerande stønad etter § 5
første leddet bokstav a utan tillegg
for forsørgde barn.
§ 10
Endringar
Fastsett stønad skal setjast opp eller
ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei
andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga
av stønaden, og dette fører med seg ei endring
av stønaden med minst 10 prosent.
§ 11
Stønadsperiode og utbetaling
Supplerande stønad vert gitt for ein
periode på 12 månader. Stønadstakaren
kan søkje om forlenging av ytingane med 12 månader
om gongen.
Stønad vert gitt frå og med
månaden etter den månaden då vilkåra
for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden
som nemnd i første leddet tidlegast frå og
med månaden etter utløpet av den siste
stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell
bort av andre grunnar enn at stønadsperioden
løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden
då retten fall bort.
Dersom ei endring som nemnd i § 10
fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette
frå og med den månaden då endringa skjedde.
Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad
frå og med månaden etter den månaden
då endringa skjedde.
Supplerande stønad vert ikkje
gitt for lengre tid attende enn tre
månader før den månaden då søknaden
om ytingar vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller
ytingar for tidlegare månader enn tre månader
før søknadsmånaden kan heller ikkje
krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller
i alminnelege erstatningsrettslege reglar.
Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter
sosialtenestelova kapittel 5 i periodar som det vert etterbetalt supplerande
stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga
tilsvarande den økonomiske stønaden.
Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp
før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa
vert avrunda til den næraste heile krona.
§ 12
Opphald i institusjon mv.
Personar som er innlagde i institusjon der
opphaldet vert dekt av det offentlege, har ikkje rett
til supplerande stønad for tidsrom etter at opphaldet
har vara i ein kalendermånad utover den månaden
då han eller ho vart innlagt.
Reglane i første leddet
gjeld tilsvarande ved opphald i fengsel mv.
§ 13
Tilbakekrevjing
Supplerande stønad som er utbetalt utan
at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende
dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha
forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil.
Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag
for utlegg.
Beløp som skal krevjast tilbake etter
første leddet, kan avreknast i framtidige terminar
av supplerande stønad eller andre ytingar
til livsopphald som vert administrerte av trygdeetaten.
Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei
aktuelle terminbeløpa.
Beløp som ikkje vert innkravde etter
andre leddet, kan innkrevjast etter reglane
i bidragsinnkrevjingslova.
§ 14
Finansiering
Utgiftene som trygdeetaten har til supplerande
stønad og til administrasjon
av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning
av utgiftene skal overførast til Rikstrygdeverket på forskot,
og seinast på det tidspunktet utbetaling skal skje. Trygdeetaten
skal føre særskilt rekneskap over pengane
som vert overførte til dekning av supplerande stønad.
Kapittel 4. Saksbehandling mv.
§ 15
Tilhøvet til forvaltningslova
Reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga
av saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram
av lova her.
§ 16
Avgjerd etter lova
Saker om ytingar etter lova
vert avgjorte av Rikstrygdeverket, som kan delegere avgjerda til anna
organ i trygdeetaten.
§ 17
Søknad
Søknad om supplerande stønad
skal setjast fram for trygdekontoret på bustaden til søkjaren
på skjema fastsett av Rikstrygdeverket. Søkjaren
skal møte personleg på trygdekontoret.
Trygdekontoret skal hjelpe søkjar med utfyllinga så langt
dette er naudsynt.
§ 18
Plikt til å gi opplysningar
Ein person som søkjer om supplerande
stønad, har plikt til å gi dei opplysningane og
levere dei dokumenta som trygdeetaten treng for å vurdere
om han eller ho har rett til ytinga. Den som får
supplerande stønad, skal gi melding til trygdeetaten om
endringar i alle tilhøva som verkar inn på retten
til eller storleiken på ytinga.
Trygdeetaten kan krevje at ein person som får
supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei
dokumenta som trygdeetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden eller
om han eller ho framleis har rett til ytinga.
Dersom ein søkjar eller
stønadstakar ikkje legg fram dokumentasjon som
trygdeetaten har bedt om, kan ein søknad om ytingar bli
avslått, og ytingar som er gitt kan haldast attende. Det same
gjeld dersom søkjaren gir uriktige opplysningar som er
viktige for retten til eller storleiken på ytinga eller
let vere å gi slike opplysningar.
§ 19
Henting av opplysningar mv.
Trygdeetaten kan krevje at likningsetaten eller
skattefogdane gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for
ein person som søkjer om eller har fått
supplerande stønad. Dette gjeld òg i høve
til tidlegare likningar.
Ved behandlinga av krav om ytingar etter
lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har trygdeetaten rett
til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta,
politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar,
forsikringsselskap og private pensjonsordningar.
Trygdeetaten kan påleggje helseinstitusjonar,
fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige
meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne.
Dei som vert pålagt å gi
opplysningar, har plikt til gjere dette utan ugrunna opphald
og utan hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje
vederlag for å gi opplysningane.
§ 20
Opplysningar om ektemaken
Ektemaken til ein person som søkjer
om eller får supplerande stønad etter
lova, har plikt til å gi opplysningar om inntekts- eller
formuestilhøva sine etter reglane i § 18. Reglane
i § 19 gjeld tilsvarande i høve til
henting av slike opplysningar.
§ 21
Kontroll
Rikstrygdeverket kan bestemme
at saker om supplerande stønad skal få ei ny vurdering
med fastsette mellomrom, og kan gi reglar om korleis slik etterprøving
skal gjennomførast.
Departementet kan gi forskrift om
tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra
i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar
har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan
bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg
på trygdekontoret inntil to gonger i året og vise pass eller anna
reisedokument.
§ 22 Anke
til Trygderetten
Vedtak om supplerande stønad etter lova
her kan ankast inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12
gjeld tilsvarande så langt dei høver.
§ 23
Andre reglar om saksbehandling
Reglane i folketrygdlova §§ 20-8,
21-9, 21-10, 21-11, 22-1, 22-6 og 22-18 gjeld tilsvarande så langt
dei høver.
Kapittel 5. Ikraftsetjing
§ 24
Når lova tek til å gjelde
Lova tek til å gjelde frå det
tidspunktet Kongen bestemmer.
Presidenten: Fremskrittspartiet har i debatten varslet at
de går imot.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes med 57 mot 11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 21.14.57)Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven
i sin helhet.
Presidenten regner med at Fremskrittspartiet også her vil
gå imot.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes med 58 mot
11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 21.15.25)Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.
Videre var innstillet:
B.
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei vurdering
av følgjene av lov om supplerande stønad to år etter
iverksetjing.
C.
Stortinget ber Regjeringa vurdere om lov om
supplerande stønad skal utvidast til å gjelde
andre grupper enn personar over 67 år.
D.
Stortinget ber Regjeringa iverksetja lov om
supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg utan
uttrekk i rammeoverføringane til kommunane.
Presidenten: B, C og D blir i samsvar med forretningsordenens § 30
fjerde ledd å sende Stortinget.
Voteringen i en sak finnes i slutten av referatet for hver enkelt sak.