Odelstinget - Møte fredag den 18.mars 2005 kl. 11.20

Dato: 18.03.2005

Dokumenter: (Innst. O. nr. 59 (2004-2005), jf. Ot.prp. nr. 42 (2004-2005))

Sak nr. 2

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Talere

Votering i sak nr. 2

Eli Sollied Øveraas (Sp) [11:23:53] (ordførar for saka): Stadnamnlova skal ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

I den framlagde proposisjonen frå Regjeringa er det lagt vekt på å endre lova slik at saksbehandlinga vert enklare, og at det vert gitt klarare og meir høvelege og funksjonelle føresegner.

Komiteen støttar intensjonane i proposisjonen om ei forenkling og forbetring av stadnamnlova. Det er viktig å ta vare på den delen av kulturarven som stadnamna utgjer. Dette gjeld som grunnlagsmateriale for kultur- og busetjingshistorisk gransking, og det er også viktig at stadnamn på kart, skilt, i register og i andre offentlege samanhengar får ein formålstenleg skrivemåte. Skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk har ofte skapt engasjement og debatt.

Det er gjennom mange år samla inn mange stadnamn. Komiteen støttar departementet i at før ein vurderer behovet for innsamling av stadnamn, må ein få ei oversikt over dei stadnamna som alt er innsamla. Det er ein god idé å vurdere om det nye kompetansesenteret for norsk språk kan koordinere oppgåvene med å utgreie behovet for innsamling og organisering av stadnamnarbeidet.

Frå vi fekk stadnamnlova har 25 pst. av klagesakene dreia seg om bruk av bunden eller ubunden form. Denne regelen har vore praktisert strengt, og fleirtalet støttar forslaget om ei oppmjuking av regelverket på dette punktet.

Fleirtalet støttar òg presiseringa i proposisjonen om at bunden form skal gjennomførast i alle naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet. Bunden eller ubunden form kan nyttast i gards- og bruksnamn, tettstadnamn, administrasjonsnamn og kommunikasjonsnamn. Bunden form skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag. Den ubundne forma skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag og dessutan godt innarbeidd i skrift. Er det usemje, skal ein leggje stor vekt på fråsegn frå eigaren av privat eigedom eller kommunen.

Komiteen gir vidare tilslutning til at det skal takast inn ein formålsparagraf i lova, og at det geografiske verkeområdet ikkje skal endrast.

Vidare støttar komiteen forslaget til nye reglar for namnevern og namnsetjing.

Komiteen støttar ikkje forslaget om å endre § 4 slik at «den nedervde lokale uttalen» vert endra til «den lokale talemålsforma» av namnet. Ein samrøystes komite meiner dette kan opne for ei rad tolkingar, og at påstand vil kunne stå mot påstand, noko som igjen kan føre til fleire konfliktar.

Komiteen meiner at formuleringa i dagens lov på ein betre måte tek omsyn til stadnamn som verneverdige kulturminne. Dessutan er «nedervd lokal uttale» godt innarbeidd og er ein eintydig term i stadnamngransking og normering.

Ein samla komite står bak innstillinga om å behalde dagens § 4.

Alle i komiteen, utanom SV, støttar departementets framlegg om å endre § 6. Endringa vil føre til at talet på vedtaksorgan vert redusert til kommune, fylkeskommune, Statens kartverk og dei som etter lov eller forskrift skal fastsetje skriftnormer. Fleirtalet meiner dette vil kunne føre til ei forenkling og ei betre samordning. Ein skal leggje særleg vekt på synet til eigar eller festar ved normeringa av stadnamn. I gjeldande regelverk er det ikkje føresegner om å ta opp att saker. Komiteen gir tilslutning til forslaget frå departementet om å ta inn ein slik regel for å gi enklare tilgang til ny behandling av ei sak dersom det ligg føre nye opplysningar.

Komiteen støttar også forslaget til ny § 9, som vil medføre at alle organ for stat, fylkeskommune, kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, skal ta i bruk fastsette skriftnormer.

Vidare støttar komiteen også forslaget om at samiske og kvenske namn skal nyttast av det offentlege dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden eller har næringsmessig tilknyting til han.

Departementet foreslår i proposisjonen at det vert teke inn ein heimel i § 12, slik at departementet i forskrift kan gi reglar om betaling for informasjon frå det sentrale stadnamnregistret ved Statens kartverk. Komiteen avviser dette og innstiller på at siste ledd i forslaget til § 12 vert stroke.

Elles anbefaler eg innstillinga.

Karin S. Woldseth (FrP) [11:29:51]: Dette blir nok en stemmeforklaring.

Med bakgrunn i det jeg sa i mitt innlegg i forrige sak, at man ikke trenger noen særordninger i forhold til lovgivning for norske samer, kan ikke Fremskrittspartiet støtte § 1 andre ledd og heller ikke § 9 andre ledd. Dette er bare for å forklare hvorfor vi stemmer imot disse.

Ola T. Lånke (KrF) [11:30:34]: Det har lenge vært behov for forenklinger og et mer funksjonelt regelverk på det området som omfattes av stadnamnlova.

Regjeringen har i stor grad fått flertall for sine forslag. Saksordføreren har gjort et grundig arbeid som hun har redegjort godt for, og det er ikke så veldig mye å tilføye. Derfor er det fra min side bare to korte bemerkninger til de punktene vi fra Kristelig Folkepartis side kom til at det var riktig å slutte oss til i saksordførerens endringsframlegg.

Det ene gjelder hva som skal være utgangspunktet for skrivemåten av stedsnavn. Her var det opprinnelige forslaget å gå ut fra «den lokale talemålsforma». Saksordføreren gikk inn for å beholde eksisterende lovformulering, som sier at det skal tas utgangspunkt i «den nedervde lokale uttalen».

Fra Kristelig Folkepartis side er det viktig å understreke at språket er et bindeledd også til dem som levde før oss. Språket er forbindelsen til våre historiske røtter og er således også å forstå som et viktig kulturminne, og stedsnavn hører hjemme i denne sammenhengen. Det er med og former vår identitet og skaper tilhørighet.

I en globalisert tid hvor folk flytter mer enn før, folk reiser fra stedet og nye kommer til, blir tradisjonene lett bytte for moderniteten. Derfor er det viktig at det i det minste finnes noe som knytter an til stedet. Av og til føler vi også behov for å forklare opprinnelsen til de ulike stedsnavnene. Fra vår side tror vi at den eksisterende formuleringen, den som brukes i nåværende lov, nemlig den «nedervde uttalen», derfor er bedre egnet til å sikre denne forbindelsen bakover til selve opprinnelsen, altså sikre at stedsnavnene uttrykker det de en gang skulle uttrykke eller betegne.

Det andre punktet hvor vi også gir saksordføreren vår støtte, er der vi ønsker å markere at innhenting av informasjon fra Sentralt stadnamnregister fortsatt skal være gratis. Vi kan forstå behovet for å kunne ta seg betalt i tilfeller der det dreier seg om større arbeid som krever uthenting av omfattende materiale. Så langt vi imidlertid erfarer, er det i stor grad studenter som er brukere av disse tjenestene, og i de fleste tilfeller dreier det seg ikke om store mengder materiale. Derfor er vi kommet til at vi ønsker å beholde gratisprinsippet også i denne sammenhengen.

Jeg vil bare til slutt si at denne loven er et viktig kulturpolitisk instrument, og det området loven regulerer, er en viktig del av vår kulturarv, som vi skal stelle omhyggelig med.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, se side 425)

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

I

I lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn vert det gjort følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

§ 1 Formål og verkeområde

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Videre var innstillet:

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Presidenten: Fremskrittspartiet har varslet at de går imot.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 59 mot 11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.38.27)Videre var innstillet:

Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Departementet kan i særskilte tilfelle gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, skal bruke stadnamn.

Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

§ 2 skal lyde:

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder:

  • a) stadnamn, namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast

  • b)gardsnamn, namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til

  • c)bruksnamn, namn på eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

  • d)nedervd stadnamn, stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar

  • e)lokal talemålsform, den uttaleforma som er i allmenn bruk av folk som har tradisjonell tilknyting til staden, gjennom busetjing eller årviss næringsverksemd

  • f)rettskrivingsprinsipp, allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift

§ 3 skal lyde:

§ 3 Namnevern og namnsetjing

Eit stadnamn kan som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime, når det

  • a)er i bruk som etternamn og er verna, eller

  • b)på annan måte er eit særeige namn, eller

  • c)av andre grunnar bør vernast

Eit nedervd stadnamn kan ikkje bytast ut med eit namn utan tradisjon på staden dersom ikkje særlege grunnar talar for det.

§ 4 skal lyde:

§ 4 Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk. Finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. To eller fleire skriftformer av same namn på same namneobjekt kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

  • a)det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde

  • b)to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde

  • c)det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

§ 5 skal lyde:

§ 5 Fastsetjing av skrivemåten

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av

  • a) offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd,

  • b) eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under § 8 andre ledd,

  • c) lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn,

  • d) stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område.

Kommunen gjer vedtak om skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.

Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor same administrative område.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Videre var innstillet:

§ 6 skal lyde:

§ 6 Nærmare om saksbehandlinga

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Eigar eller festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Eigar eller festar har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt. Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. Før vedtak om skrivemåte blir gjort, skal namnekonsulentane gi tilråding om skrivemåten.

Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller festar få tilsendt direkte. Saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal dessutan sendast til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til saka. I tillegg skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden, eller gjerast kjend på annan høveleg måte. Saker som gjeld andre namn, skal kunngjerast på same måten.

Namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk. Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

§ 7 skal lyde:

§ 7 Gjenopptaking

Ei sak kan takast opp av dei som er nemnde i § 5 bokstav a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak skal gjerast etter reglane i denne lova.

Presidenten: Sosialistisk Venstreparti har varslet at de vil gå imot.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 60 mot 10 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.39.12)Videre var innstillet:

§ 8 skal lyde:

§ 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk. Eigar eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd, dersom ikkje særlege grunnar talar for det.

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervdestadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.

For andre bruksnamn fastset eigar eller festar skrivemåten.

§ 9 skal lyde:

§ 9 Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Videre var innstillet:

Samiske og kvenske stadnamn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal til vanleg brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register saman med eventuelt norsk namn.

Presidenten: Fremskrittspartiet har varslet at de vil stemme imot.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 58 mot 11 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.39.51)Videre var innstillet:

Offentlege organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, skal halde fram med å bruke dei skriftformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak.

§ 10 skal lyde:

§ 10 Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Offentleg organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast. Feilbruk eller manglande bruk av stadnamn etter § 9 kan påklagast til overordna departement. Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Norsk språkråd, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

Departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i § 6 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

§ 11 skal lyde:

§ 11 Stadnamnkonsulentar

Departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn.

Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn.

§ 12 skal lyde:

§ 12 Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege.

§ 13 skal lyde:

§ 13 Forskrift og unntak

Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av lova.

Når særlege grunner talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta.

Noverande § 13 blir ny § 14.

II

I lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn skal § 4 nr. 8 lyde:

navn på et gårdsbruk som vedkommende eller en av dennes foreldre eier og har eid i minst 10 år, eller som vedkommende eller en av foreldrene bruker og har brukt i minst 20 år eller har brukt i minst 10 år og har en bruksrett til som er fastsatt for en av foreldrenes eller vedkommendes livstid. Dette gjelder ikke dersom navnet på gårdsbruket er valgt etter 1. januar 1947 og strider mot lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn § 3 bokstav a.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.