Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
(Votering, sjå side 76)
Votering i sak nr. 3
Komiteen hadde rådd Odelstinget
til å gjere slikt vedtak til
lov
om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m.
(kosmetikklova)
Kapittel I. Formål, verkeområde og definisjonar
§ 1. Formål
Formålet med lova er å medverke
til at kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt
som er omfatta av lova er helsemessig sikre
for menneske og dyr.
Lova skal òg fremje forbrukarinteresser, ærlegdom, dyrevelferd,
etikk, miljø, mattryggleik og kvalitet.
§ 2. Sakleg
verkeområde
Lova omfattar alle forhold
i samband med utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon,
eksport og omsetning av
a) kosmetikk og kroppspleieprodukt,
som er alle stoff eller blandingar av stoff
som er bestemte til å kome
i kontakt med kroppsoverflata til menneske, tennene eller
slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i
hovudsak å reinse eller parfymere desse delane
av kroppen, endre utsjånaden deira, påverke
kroppslukter, verne dei eller halde dei i god stand
b) kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, som er alle stoff eller
blandingar av stoff som er bestemte til å kome
i kontakt med kroppsoverflata til dyr, tennene eller slimhinnene
i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse eller
parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden
deira, påverke kroppslukter, verne dei eller
halde dei i god stand
c) lækjemiddelnære kroppspleieprodukt,
som er alle stoff eller blandingar av stoff
som er bestemte til å kome
i kontakt med kroppsoverflata til menneske eller dyr,
tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola
for berre eller i hovudsak å førebyggje, lindre eller
behandle helseplager som ikkje kjem av sjukdom
d) tatoveringsprodukt, som er alle stoff eller
blandingar av stoff som er bestemte til å bli
førte inn i huda til menneske eller
dyr for å oppnå permanente eller langvarige
mønster, teikningar, strekar, felt eller fargar
på huda, medrekna tatoveringsvæske og permanent sminke
e) injeksjonsprodukt, som er alle stoff eller
blandingar av stoff som er bestemte til å bli
førte inn i huda til menneske eller
dyr for å endre utsjånaden til huda
på andre måtar enn dei som er nemnde
i bokstav d.
Lova omfattar også alle
forhold i samband med produksjon av materiale
og gjenstandar som er bestemte til å kome
i kontakt med eller kan ha innverknad på produkta, jf. § 4
bokstav a.
Lova omfattar ikkje stoff,
blandingar av stoff eller utstyr som kjem inn under lov
4. desember 1992 nr. 132 om legemidler mv. eller lov 12.
januar 1995 nr. 6 om medisinsk utstyr. Lova omfattar ikkje
næringsmiddel som kjem inn under lov 19. desember 2003
nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv.
§ 3. Stadleg
verkeområde
Lova gjeld for norsk land- og sjøterritorium,
norske luft- og sjøfartøy og innretningar
på norsk kontinentalsokkel.
Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova
på Svalbard, på Jan Mayen, i bilanda, i norsk økonomisk sone
og på utanlandsregistrerte skip i rute på norske
hamner. Kongen kan fastsetje særlege reglar med omsyn til
forholda på staden.
§ 4. Definisjonar
I denne lova forstår ein
med
a) produkt: kosmetikk og kroppspleieprodukt,
kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, lækjemiddelnære kroppspleieprodukt,
tatoveringsprodukt og injeksjonsprodukt
b) verksemd: privat eller offentlege føretak eller
privatpersonar som utfører ein aktivitet som er nemnd i § 2 første
ledd, bortsett frå aktivitet med privat og ikkje-kommersielt
formål
c) omsetning: innehav med sikte på sal, frambod
for sal, distribusjon, sjølve salet og alle andre
former for overdraging, med eller utan vederlag.
Kapittel II. Forbod og påbod
§ 5. Forbod
mot produkt som ikkje er helsemessig sikre
Det er forbode å utvikle, produsere,
importere, tilarbeide, distribuere, eksportere og omsetje produkt
som ved normal bruk eller bruk som det er rimeleg å tenkje
seg, ikkje er helsemessig sikre for menneske eller
dyr.
Departementet kan gi nærmare forskrifter
om når produkt skal reknast som ikkje helsemessig
sikre for menneske eller dyr.
§ 6. Godkjenningsplikt
Departementet kan gi forskrifter om godkjenningsplikt og
meldeplikt for bestemte typar produkt.
§ 7. Merking,
presentasjon og reklame
Merking og presentasjon av, reklame for og anna marknadsføring
av produkt skal vere korrekt, gi mottakaren tilstrekkeleg
informasjon og ikkje vere eigna til å vill-leie.
Departementet kan gi nærmare forskrifter
om plikta etter første ledd, til dømes
forskrifter om helsepåstandar og frivillige ordningar for
merking.
Departementet kan gi forskrifter om plikt til å dokumentere
dei påstandane som er brukte i marknadsføringa av
eit produkt, og om krav til denne typen dokumentasjon.
§ 8. Produksjon,
innhald, samansetjing og kvalitet
Departementet kan i forskrifter stille krav
til produksjonen, ingrediensane og det andre innhaldet
i, samansetjinga av og kvaliteten på produkt og materiale
og gjenstandar som er bestemte til å kome
i kontakt med eller kan ha innverknad på produkt.
§ 9. Testing
på dyr
Departementet kan gi forskrifter om forbod
mot utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, eksport
og omsetning av produkt som er testa på dyr, eller
som inneheld ein eller fleire ingrediensar som er testa
på dyr.
§ 10. Antibiotikaresistensgen
Departementet kan gi forskrifter om forbod
mot produkt som inneheld gen frå prosessert genmodifisert
materiale der gena kodar for antibiotikaresistens.
§ 11. Etablering,
utforming og drift
Plassering, utforming og drift av aktivitetar
knytte til produkt skal vere hygienisk forsvarleg.
Departementet kan i forskrifter stille utfyllande
krav til etablering, plassering, utforming og drift av aktivitetar
i verksemder med tilknyting til produkt, til dømes krav
om melding, registrering, godkjenning og bortfall av godkjenning,
og om helsa og hygienen til personalet.
§ 12. Etterlevingsplikt
og systematiske kontrolltiltak
Verksemda skal syte for
at føresegner gitt i eller i medhald av denne lova
blir etterlevde. Departementet kan gi forskrifter om kven som er
ansvarleg i verksemda, og om plikt til å gi melding om
dette til tilsynsorganet.
Departementet kan gi forskrifter om plikt til å etablere og
gjennomføre systematiske kontrolltiltak.
Departementet kan gi forskrifter om den faglege
kompetansen til personalet.
§ 13. Tilgjenge
til stad, bistandsplikt m.m.
Verksemda skal gi tilsynet uhindra
tilgjenge til stad eller lokale der det går føre
seg aktivitet omfatta av lova, slik at tilsynet kan gjere nødvendige
undersøkingar. Utanlandske inspektørar kan vere
med på inspeksjonar osv. når det er nødvendig
for å oppfylle dei internasjonale pliktene Noreg
har.
Verksemda skal vederlagsfritt stille
nødvendige lokale, inventar, arbeidshjelp og reiskapar
til disposisjon for utøving av tilsyn og elles
yte hjelp og leggje til rette for tilsyn.
Departementet kan gi nærmare forskrifter
om tilgjenge til stad, bistandsplikt, prøveuttak osv.
§ 14. Varslings-
og opplysningsplikt
Verksemda skal straks varsle
tilsynsorganet ved mistanke om produkt som ikkje er helsemessig
sikre for menneske eller dyr.
Verksemda skal, når tilsynet
krev det, vederlagsfritt gi eller sende inn nødvendige
opplysningar, prøvemateriale og resultat av gjennomførte
analysar. Tilsynsorganet kan bestemme korleis
opplysningane skal bli gitt, mellom anna når
det gjeld form, detaljeringsgrad osv.
Departementet kan gi nærmare forskrifter
om opplysnings- og rapporteringsplikt for helsepersonell og andre.
Departementet kan gi nærmare forskrifter
om plikt til å offentleggjere resultat av utført
tilsyn.
§ 15. Dokumentasjon
m.m.
Departementet kan gi forskrifter om dokumentasjon, til
dømes stille krav om utskriving av og plikt til å skaffe og
oppbevare dokumentasjon og plikt til å leggje ved attestar,
sertifikat eller annan dokumentasjon ved transport og
omsetning.
Kapittel III. Avsluttande føresegner
§ 16. Tilsyn
og vedtak
Tilsynsorganet fører tilsyn og kan
gjere nødvendige vedtak om å forby utvikling,
produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon, eksport
og omsetning av produkt, og om beslaglegging, destruksjon
og stenging av verksemda.
Tilsynsorganet kan påleggje den som
er ansvarleg for verksemda, å dekkje faktiske kostnader
i samband med beslaglegging, destruksjon og
stenging av verksemda.
Dersom pålegga ikkje blir
følgde, dersom det er ukjent kven som er ansvarleg, eller
dersom det er nødvendig å få gjennomført
tiltak raskt, kan tilsynet sjølv gjennomføre tiltak
som er nemnde i første ledd. Tiltak kan gjennomførast
på kostnad av den ansvarlege. Skuldige beløp er tvangsgrunnlag
for utlegg.
Tilsynsorganet kan, dersom viktige samfunnsinteresser
tilseier det, eller av omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg
har, fastsetje, endre eller oppheve tidsavgrensa forskrifter utan
føregåande høyring og kunngjere
forskrifter på særskild måte.
Offentlege styresmakter pliktar på førespurnad
frå tilsynet å gi nødvendige opplysningar utan
hinder av teieplikta. Politi, tollverk, kystvakt og kommunar skal
på førespurnad yte
hjelp til tilsynet.
Departementet bestemmer kva for eit forvaltningsorgan
som skal vere tilsynsorgan etter lova.
§ 17. Personregister
For å sikre at føresegner
gitt i eller i medhald av denne lova blir etterlevde,
kan tilsynsorganet opprette personregister med nødvendige
opplysningar om verksemder det fører tilsyn med.
For å sikre at føresegnene
i denne lova blir følgde, kan tilsynsorganet
innhente informasjon til register som nemnt i første
ledd, også informasjon frå eksisterande
register.
Departementet kan gi forskrifter om nærmare
reglar for slike register, mellom anna krav
til konfidensialitet og utlevering av opplysningar.
§ 18. Avgift
og gebyr
Departementet kan i forskrift påleggje
verksemder å betale gebyr for å dekkje kostnader
ved tilsyn, kontroll og særskilde ytingar, til dømes
utskriving av attestar og godkjenningar etter denne lova.
Departementet kan i forskrift påleggje
verksemder å betale ei avgift for å dekkje kostnader
ved tilsyn og kontroll etter denne lova som
ikkje er dekte ved gebyr i medhald av første
ledd.
Departementet kan gi nærmare føresegner
om utrekning, innkrevjing og innbetaling av avgiftene og gebyra.
Ved forseinka betaling av gebyr skal det betalast
rente i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved
forsinket betaling m.m.
Gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 19. Dispensasjon
Departementet kan i særlege tilfelle
dispensere frå føresegnene gitt i eller
i medhald av denne lova, under føresetnad av at det ikkje
strir mot dei internasjonale pliktene Noreg har.
§ 20. Tvangsmulkt
Ei verksemd som ikkje held
fristen for oppfylling av pålegg gitt i medhald av denne
lova, kan påleggjast tvangsmulkt av tilsynsorganet i form
av eingongsmulkt eller løpande dagmulkt.
Tvangsmulkt kan fastsetjast allereie i samband
med at pålegget blir gitt, når det er nødvendig
at fristen blir halden.
Pålegg om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag
for utlegg.
Departementet kan gi nærmare føresegner
om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
§ 21. Straff
Forsettleg eller aktlaust brot på føresegner eller
vedtak gitt i eller i medhald av denne lova
blir straffa med bøter eller fengsel inntil eitt år eller
begge delar. Forsøk og medverknad blir straffa på same
måten.
§ 22. Iverksetjing
og overgangsreglar
Denne lova gjeld frå den
tid Kongen fastset.
Lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med kosmetikk
og kroppspleieprodukter mv. blir oppheva frå same
tidspunkt. Forskrifter eller enkeltvedtak gitt i medhald
av den oppheva lova gjeld til dei blir oppheva.
Votering:
Tilrådinga frå komiteen
blei samrøystes vedteken.Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova
i det heile.
Votering:
Overskrifta til lova og lova i det
heile blei samrøystes vedtekne.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.