Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1993

Dato: 27.10.1993

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Peter Angelsen (Sp): Mitt spørsmål til samferdselsministeren lyder:

De nye prognosene for trafikkgrunnlaget ved forlenging av Nord-Norgebanen NSB har utført for departementet, er basert på en nedgang i folketallet i Nord-Norge med 10 pst. fram mot år 2025, mens landet som helhet vil få en vekst på 13 pst.

Er denne prognosen i tråd med Regjeringens mål for utviklingen av den nordlige landsdelen, og vil den bli lagt til grunn ved Regjeringens vurdering av forlenging av banen?

Statsråd Kjell Opseth: NSB har ikkje laga eigne prognosar for folketalet i Nord-Noreg, men har nytta framskrivingane som er utarbeidde av Statistisk Sentralbyrå.

Det er grunn til å peike på at ein prognose for folketalsutviklinga ikkje er det same som eit politisk mål.

I den reviderte passasjeranalysen seier NSB at det ikkje er grunnlag for å gå ut frå ein årleg auke i persontrafikken med Nord-Norgebanen, sjølv med stabilt folketal i Nord-Noreg. Trass i at framskrivingane viser nedgang i folketalet i landsdelen, har NSB likevel ikkje gått ut frå årleg nedgang i persontrafikken med Nord-Norgebanen. Såleis har ikkje den nedgangen i folketalet som representanten stiller spørsmål om, hatt nokon konsekvens for passasjertala for Nord-Norgebanen.

I arbeidet med stortingsmeldinga om Nord-Norgebanen vil departementet sjølvsagt nøye vurdere trafikktala og dei føresetnadene dei byggjer på.

Peter Angelsen (Sp): I den hovedrapport som NSB har utarbeidet om forlenging av Nord-Norgebanen, som kom ut i november 1992, var det lagt til grunn en trafikkprognose på passasjersiden på 1,6 millioner. Det man oppfattet her i Stortinget - i hvert fall undertegnede - var at departementet ikke fant denne prognosen godt nok underbygd og derfor bad om en ny beregning av trafikkgrunnlaget. Den nye beregningen viste da en nedgang fra 1,6 millioner til rundt 1 million passasjerer.

Det som da er spørsmålet når det viser seg at grunnlaget for trafikkprognosen er nedgang i folketallet i Nord-Norge, er: Regner også departementet med en slik nedgang i folketallet, og er det i tråd med de politiske målsettingene? Jeg synes ikke jeg fikk noe særlig klart svar fra statsråden på det området, så jeg vil be statsråden svare direkte på dette spørsmålet.

Statsråd Kjell Opseth: La meg få slå fast at departementet ikkje har bede om noka ny utgreiing av passasjergrunnlaget for ein Nord-Norgebane. Det var NSB sjølv som ikkje kunne gå god for denne utgreiinga som synte ein prognose på 1,6 millionar passasjerar, og bad om tid for å gjere ein ny analyse. Det har dei fått, og det er den som no viser eit mindre grunnlag i passasjertalet på Nord-Norgebanen.

Til spørsmålet om politiske målsetjingar for folketalet i ulike landsdelar i dette landet vårt, vil eg seie at eg går ut frå at det er ikkje nokon gitt å ha politiske målsetjingar for kor mange det skal bu totalt i landsdelen eller i dei enkelte kommunar. Det er fritt å forflytte seg i dette landet, og difor er dette prognosar og framskrivingar og ingenting anna. Å framstille det som noko anna er å prøve å føre folk bak lyset.

Peter Angelsen (Sp): Ja, det er jo litt oppsiktsvekkende at NSB ikke kan gå god for en rapport de har lagt fram. Jeg går ut fra at noen har stilt spørsmål ved rapporten - kanskje det er departementet - og at NSB på det grunnlag har måttet foreta en ny vurdering. Men når det gjelder prognosene, er det helt klart at i hvert fall vi i Senterpartiet har et mål med vår politikk: å opprettholde bosettingen noenlunde på dagens nivå. Derfor er det viktig for oss å ha et utgangspunkt når det gjelder den måten vi skal bygge ut landet på, og legger folketallet til grunn. Det er bakgrunnen for de spørsmål jeg har reist til statsråden her i Stortinget. Og jeg må bare si at jeg ikke har fått helt klart svar på hva som er Regjeringens grunnlag når den nå skal vurdere forlengelse av Nord-Norgebanen.

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Angelsen må tru meg på det eg seier, at det var NSB sjølv som ikkje kunne gå god for rapporten om 1,6 millionar passasjerar - som i realiteten hadde eit langt høgre tal, men som vart justert av NSB. Men like fullt bad dei om tid til å få utgreidd ei ny reiselivsundersøking for banen. Det er ein realitet som vi kan dokumentere kva dag som helst, om representanten Angelsen ønskjer det. Så er det vel også brei politisk semje i alle politiske parti om at det er ei målsetjing å oppretthalde busetnaden omtrent på dagens nivå. Dersom det er den målsetjinga representanten Angelsen viser til, trur eg ikkje han får problem med å få tilslutnad til den i noko politisk parti.

Reidar Sandal: hadde her teke over presidentplassen.