Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1993

Dato: 27.10.1993

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Marit Arnstad (Sp): Jeg har tillatt meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

NSB har vedtatt å nedlegge rutetilbudet for vognlastet godstrafikk fra Namdals-kommunene Grong og Snåsa. Dette vil innebære en reduksjon i godstrafikk i Namdals-regionen og føre til økt trafikk over fra jernbane til vei.

Vil statsråden ta initiativ til å endre dette vedtaket, som vil få uheldige distriktspolitiske og miljømessige konsekvenser?

Statsråd Kjell Opseth: Betre lønsemd i godstrafikken er naudsynt for å nå kravet om bedriftsøkonomisk balanse i godstrafikken. For å nå dette målet har NSB på landsbasis sett i gang prosjektet « Restrukturering av vognlast ». Dette er bakgrunnen for endringa i godstogtilbodet ved stasjonane Snåsa og Grong.

NSB opplyser at med fast dagleg stopp på Snåsa og Grong kan ikkje kravet om « over natta framføring » mellom Namsos og Austlandet imøtekomast, med den konsekvens at ein må rekne med vesentleg bortfall av trafikk. Dette ville i sin tur ha svekt økonomien på Namsosbanen og ført til auka overføringar av gods frå bane til veg. Det nye opplegget vil i Nord-Trøndelag gje ei netto innsparing på 3673000 kr.

Fastsetjing og endring av godsvogntilbod ligg innafor dei fullmakter Stortinget har gitt NSB, og eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å ta initiativ til å endre det vedtaket som er fatta i saka.

Marit Arnstad (Sp): Det var jo ikke noe spesielt oppløftende svar fra statsrådens side.

Nå er det slik at det også er varslet at NSB vil vurdere en nedleggelse av ekspressgodstilbudet og av reisegodstilbudet fra de samme plassene. Hvis dette kommer i tillegg til den vedtatte nedleggelse av godsvogntilbudet, vil det ytterligere svekke NSB som transportalternativ i indre Namdalen. Jeg må derfor spørre statsråden om det negative svaret han gav også innebærer at han ikke vil ha innvendinger mot nedleggelse av reise- og ekspressgodstilbudet, eller om statsråden kan bidra til at disse tilbudene opprettholdes.

Statsråd Kjell Opseth: Eg må vedgå at eg blir litt imponert når enkelte meiner at tiltak som NSB gjer for å styrke økonomien og sitt transportgrunnlag, er gale. Eg meiner at NSB sjølv sjølvsagt har dei beste føresetnadene for å vurdere kva som er best for NSB. Dei som trur at NSB gjennomfører tiltak som vil redusere deira evne til å konkurrere og dermed få større godsmengder, trur eg ikkje kjenner NSBs intensjonar med alt det dei gjer. Men det er no eingong slik at ein ikkje kan sørgje for å bli meir transporteffektiv, og dermed få eit større kundegrunnlag, dersom alt skal vere som det har vore.

Marit Arnstad (Sp): Jeg registrerer at jeg ikke fikk noe svar på det tilleggsspørsmålet jeg stilte når det gjaldt reisegods- og ekspressgodstilbudet. Ellers er det ingen av oss som er imot kostnadsinnsparinger, men det er synd at kostnadsinnsparinger må skje ved nedlegging av rutetilbud spesielt i distriktene. I den sammenheng er dette en sak som befolkningen i Namdalen og i de aktuelle kommunene er svært opptatt av.

Statsråd Kjell Opseth: Eg er samd med representanten Arnstad i at det er synd at ein må endre på det som har vore, for å bli meir tilpassa den tida ein lever i og den konkurransesituasjonen ein lever i, men det er no eingong slik at skal ein bevare NSB som ei framtidsretta transportbedrift, så er ein nøydd til å effektivisere og også rasjonalisere. Diverre går det ut over ein del stoppestader, og ingen treng vere i tvil om at eg veit at dette medfører kjensler der det skjer, og eg er heilt sikker på at eg blir mint på det mange gonger utover hausten også i denne sal.