Stortinget - Møte onsdag den 8. desember 1993

Dato: 08.12.1993

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Børre Rognlien (H): Jeg skal få stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Mange innbyggere i Oslo, spesielt blant de 100.000 i Groruddalen, er svært opptatt av hvordan innflygningstraseene til den nye hovedflyplassen på Gardermoen vil bli lagt. Samferdselsdepartementet opplyste sommeren 1992, at endelig flymønster først ville bli fastlagt med bakgrunn i luftromssimuleringer etter et utbyggingsvedtak.

Kan samferdselsministeren nå bekrefte at hovedinnflygningstraseen ikke vil bli lagt over Norges tettest befolkede område?

Statsråd Kjell Opseth: Trafikkreguleringssystemet for Gardermoen vil bli simulert for å få lagt opp dei beste inn- og utflygingstraseane både med omsyn til kapasitet og støy. Det vil bli lagt stor vekt på å unngå overflygingar over store busetnadskonsentrasjonar. Luftfartsverket opplyser at ein simuleringsmodell vil bli utarbeidd innan juli 1994, og at simuleringa vil bli utført våren 1995. Først når resultata av simuleringa ligg føre og desse er drøfta, er det mogleg å stadfeste innflygingstraseane.

For å førebu dette arbeidet som skal gjerast, er det no etablert samarbeid mellom Oslo Hovedflyplass AS og dei aktuelle kommunane og Akershus fylkeskommune for å finne fram til område det skal takast omsyn til når dei endelege inn- og utflygingsprosedyrane blir fastlagde. Også Oslo kommune deltar i dette samarbeidet. Resultata av arbeidet vil bli lagde til grunn ved utarbeiding av trafikkreguleringssystemet. Tilrådinga vil òg bli send på høyring før ein gjer endeleg vedtak.

Når det gjeld flystøy i Groruddalen og dei nordaustlege delane av Oslo, vil eg streke under at det er fly som er på veg til å lande på Gardermoen det her er tale om, ikkje fly som er på veg opp og som støyar mykje meir.

Som departementet har opplyst tidlegare, vil flya ved innflyging til Gardermoen liggje i ei høgd på 1200-16000 meter over havet når dei passerer dei nordaustlege delane av Oslo. Dette er ei høgd som er større enn det flya har når dei passerer dette området ved innflyging til Fornebu i dag.

Børre Rognlien (H): Jeg takker statsråden for svaret, som jeg oppfatter som positivt og forhåpentligvis et bidrag som kan berolige mange som er svært opptatt av dette.

Jeg oppfattet det slik at statsråden viste til dagens situasjon, hvor det også er overflygning over Oslo. Jeg har da lyst til å legge til at man hadde vel håpet - når man bygger ny hovedflyplass - at overflygningssituasjonen over Oslo skulle bedres, at man ikke bare skulle flytte på et problem.

Statsråden viste spesielt til støy. Det er viktig. Men saken har selvfølgelig svært mange andre sider, hvorav forurensning og kanskje ikke minst den psykologiske siden ved overflygning også teller med. Jeg har derfor lyst til å stille statsråden et tilleggsspørsmål hvor vi snur problemstillingen på hodet: Hvis det ikke er tvingende nødvendig av hensyn til flysikkerheten, mener da statsråden at det vil være riktig å legge hovedinnflygningsleden et annet sted enn over Oslo?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne få lov til å slå fast at det er ikkje særleg tvil om at støyforholda i Oslo vil bli langt betre etter ei flytting til Gardermoen enn i dag i forhold til Fornebu. Det trur eg ikkje det herskar noko usemje om mellom representanten Rognlien og meg.

Så til det psykologiske: Det er klart at det å ha flytrafikk over tettfolka område, er noko vi ikkje ønsker. Difor er det, som eg sa i mitt hovudsvar, ei målsetjing å få ein innflygingstrase som tar omsyn til dette, slik at ein legg trafikken i korridorar over område med låg busetnad. Men det er no ein gong slik at når ein skal byggje ein flyplass i tilknyting til det området i landet som har tettast busetnad, skal det mykje til at det ikkje blir nokon som dette på ein eller annan måte vil gå ut over.