Inga Kvalbukt (Sp):
Jeg vil be
samferdselsministeren besvare følgende spørsmål:
Langs jernbanestrekningene i Norge
blir hvert år et stort antall rein og storvilt skadet eller drept etter
påkjørsel av tog. Dette er et problem først og fremst av dyrevernmessig
art, men også en betydelig belastning for togpersonalet som får oppgaven med
å foreta søk og avliving. Antallet tilfeller tiltar under snørike vintre.
Hva vil statsråden gjøre for å bedre
forholdene?
Statsråd Kjell Opseth:
NSB har i
fleire år arbeidd for å redusere talet på påkøyringar av dyr. Dette har
skjedd i eigen regi og i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning,
miljøvernavdelingane hos fylkesmennene, lokale viltnemnder og einskilde
skogeigarar som eig grunn rundt jarnbanelinene. Ei rad med tiltak har vore
prøvde med ulike resultat.
Det mest effektive botemiddelet så
langt er rydding av skog og annan vegetasjon i eit belte på 20-30 meter på
begge sider av jarnbanesporet. Slik rydding gjer arealet rundt jarnbanen
mindre attraktivt som beiteområde, og fører til at dyra kryssar sporet meir
målretta når dei først kryssar sporet. Dessutan blir utsynet frå
førarplassen i lokomotiva betre. NSB har difor sett i gang hogst på ein del
utvalde strekningar der påkøyringar har vore eit problem.
Det blir også gjort forsøk med såkalla
leiegjerde for elg langs jarnbanen, men verknadene er så langt ikkje
dokumenterte. I samband med OL-trafikken blir det drive forsøk med
luktstimulansar for å påverke elgvandringane.
Når det gjeld rein, er tilhøva mindre
klårlagde, og NSB vil difor ta initiativ til å sette ned eit utval med
mellom anna reineigarar, viltekspertar, grunneigarar og styresmaktene på
området for å få greidd ut dette problemet nærare.
Påkøyring av dyr er eit stort problem
for lokomotivførarane, som ofte blir makteslause tilskodarar til at dyra
fånyttes prøver å flykte frå jarnbanesporet. I den grad dyra ikkje blir
momentant drepne ved samanstøyten, kan også anna togpersonale bli drege inn
i jakta på og avlivinga av skadde dyr. NSB si bedriftshelseteneste har eit
tilbod til tilsette som ønskjer hjelp etter slike opplevingar. NSB vil også
ta opp føresegnene om pliktene til togpersonalet, gjevne i 1974 av
Direktoratet for vilt og ferskvassfisk, til vurdering, i samarbeid med
Direktoratet for naturforvaltning..
NSB vil også ta opp samarbeidet med
dei lokale viltnemndene med sikte på å få effektivisert jaktinga på og
avlivinga av skadde dyr.
Det viktigaste tiltaket er likevel å
få ned talet på påkøyringar. I tillegg til den vanlege overvakinga frå tog,
med melding og saktekøyring som resultat, har NSB i år budd seg ekstra godt
i samband med OL-trafikken. Førebuingane omfattar mellom anna overvaking
frå fly og snøgg utrykking om slike situasjonar oppstår. Røynslene frå
denne ekstraordinære trafikksituasjonen vil bli nytta til å vurdere
generelle vernetiltak mot påkøyring av elg.
Inga Kvalbukt (Sp):
Jeg takker
statsråden for svaret. Jeg er svært glad for å høre at han erkjenner
problemet, og også for å høre at det er satt i gang tiltak på et så bredt
felt. Men når han nevner at det er utvalgte strekninger det blir ryddet
ved, er jeg litt betenkt, for det viser seg at det vil bare forskyve
problemet. Da går elgen videre og beiter der det ikke er ryddet.
Dette er et spørsmål om god
viltforvaltning. Vi skal jo ikke bare være opptatt av rovdyrene våre, og vi
bør forhindre dyretragedier. Jeg vil gjerne stille statsråden spørsmål om
han vil arbeide for økte bevilgninger, slik at vi kan få fullført ryddingen
overalt.
Statsråd Kjell Opseth:
Det er no ein
gong slik at det også på dette området er ei prioritering, mellom å rydde
skog på begge sider av jarnbanelinene for å hindre påkøyring av elg og rein
og andre viktige og presserande tiltak innanfor NSB. Viss det er slik at ein
prioriterer dette området særdeles høgt, er jo den sikraste måten å hindre
den slags tragediar på å sette ned farten på toga. Men det strir da mot
andre sterke politiske interesser, nemleg å få opp farten på toga. Det
viser igjen at det stadig er avvegingar ein må gjere også på dette området.
Reidar Sandal:
hadde her teke over
presidentplassen.
Inga Kvalbukt (Sp):
Jeg takker igjen
statsråden for svaret. Når det gjelder det han nevnte om å sette ned
farten, vet vi at det kanskje er noe som kan være aktuelt langs vei, der
problemet også finnes. Men jeg tror ikke det er så lurt langs banen, der må
en finne andre tiltak.
Og enda en ting: NSB har vel lovet å
holde gjerde langs banen spesielt der det beiter bufe. Det kan bare ha god
virkning om sommeren - en får jo ikke så stor virkning om vinteren. Men
mange steder synes det som om dette er glemt. Det er også en tragedie når
bufe blir påkjørt. Jeg vil derfor stille statsråden et tilleggsspørsmål, om
han vil prøve å opprioritere dette arbeidet, som synes å være glemt.
Statsråd Kjell Opseth:
Eg vil ta
avstand frå at dette spørsmålet er gløymt. Det faktiske forholdet er at den
gjennomgangen vi hadde, viser at det er høgt prioritert fordi det har dei
konsekvensane det har for togpersonalet og sjølvsagt både for bufe og vilt.
Men det er som sagt grenser for kor høgt ein skal prioritere det opp i
forhold til andre viktige ting for NSB. Og den avveginga er det NSB som er
den næraste til å gjere, som møter dei ulike krava frå ulike
interessegrupper.