Stortinget - Møte onsdag den 18. januar 1995

Dato: 18.01.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg har følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Det har vorte varsla at om lag 300 postkontor skal leggast ned dei næraste åra, og dette har statsråden kalt god distriktspolitikk.

Kor mange postkontor meiner statsråden vi skal sitte igjen med når rasjonaliseringsarbeidet i Posten er over?

Statsråd Kjell Opseth: Postverket opplyser at dei har planar om å leggje ned 50 postkontor i 1995, og at det utover dette ikkje er lagt konkrete planar for seinare år. Talet 300 har difor ikkje forankring i noko framlegg frå Postverket si side.

Den teknologiske utviklinga, betre kommunikasjonar og datanett, endra bruksvanar hos kundane og behov for tilpassing av kostnadene i nettet i forhold til inntektene frå trafikken er nokre av hovudgrunnane til strukturendringar i postkontornettet.

Stadig auke i konkurransen innafor Postverket sine tenester gjer at Postverket må redusere kostnadene for å sikre sin posisjon som ei sterk infrastrukturbedrift også i framtida. Eit sterkt postverk vil vere den sikraste garantien for tenestetilbodet og arbeidsplassane i distrikta i framtida.

Den teknologiske utviklinga medfører mindre behov for ekspedisjonstenester. Berre i 1995 reknar Postverket med at skranketrafikken vil gå ned med 6 pst., noko som fører til ein inntektssvikt på om lag 80 millioner kr.

Det sentrale i styringa av Postverket si verksemd må no vere å sikre servicenivået med godt tilgjenge for befolkninga i heile landet gjennom eit samla tilbod av postkontor, kontraktspostkontor, landpostbod, elektroniske nett m.m. Det er dette som er god distriktspolitikk. Nektar ein å ta inn over seg endringar i tida, vil ein verkeleg setje postservicen og arbeidsplassane i fare.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg takkar statsråden for svaret, sjølv om han ikkje gav noko svar på kor mange postkontor vi kjem til å sitte igjen med etter at rasjonaliseringsarbeidet i Posten er over. Talet 300 postkontor har vore i mediesøkjelyset i veldig lang tid, utan at nokon har vore ute og avvist dette. Det verkar som om statsråden prøver å gje ei bedøvingssprøyte der doseringa blir kalla god distriktspolitikk, i håp om å få legge ned postkontor i ro og fred. Kristeleg Folkeparti synest ikkje det er god distriktspolitikk å sørgje for at det blir stadig færre postkontor. Postkontora er ein sentral del i eit levande lokalsamfunn og vil vere viktige for å halde oppe eit likeverdig servicetilbod i alle delar av landet. Arbeidarpartiet har vore samd i dette, men det verkar no som om sentraliseringsbølgja har teke overhand i partiet.

Kristeleg Folkeparti er ikkje imot alle nedleggingar av postkontor. Å opprette kontraktskontor i den lokale butikken kan vere eit alternativ, også landpostbod. (Presidenten klubber.) Men er ikkje statsråden uroa over den store nedlegginga, og ser ikkje statsråden kva postkontora kan ha å seie for busettinga i distrikta?

Presidenten: Presidenten vil bemerke at tiden for tilleggsspørsmål er 1 minutt, inklusive tilleggssetninger og spørsmål.

Statsråd Kjell Opseth: Eg avviser bestemt at ei strukturendring av korleis ein utøver servicen overfor postkundane, er sentralisering. Det er faktisk slik at ein i mange tilfelle får betre service ved å leggje ned postkontor. Og så kan ein stille spørsmålet: Kor store beløp skal Postverket og staten nytte til å halde oppe det som er sosiale tenester i ulike lokalsamfunn? I dag nyttar Postverket og staten til saman over 700 millioner kr, nærare eksakt 760 millioner kr, til å halde oppe postkontor som er ulønsame. Dette beløpet vil auke år for år dersom ein ikkje er villig til å ta inn over seg endringar i tida og yte tilbodet på rimelegaste vis.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Statsråden ser kanskje det opprøret som er ute i ein del distrikt, med sterk reaksjon på at postkontor blir lagde ned. At nedlegging av postkontor vil føre til eit betre tilbod, har eg svært vanskeleg for å forstå. Informasjonsdirektør Petter Skjelstad avviste ikkje i eit innslag i Dagsrevyen at vi ein gong i framtida kan sitte att med under 1000 postkontor, medan vi i dag har 2450. Det kan vere interessant å høyre: Korleis ser samferdselsministeren sitt scenario for postnettet i framtida ut, og avviser statsråden at det finst konkrete rasjonaliseringsplanar i Posten?

Vi veit at det kostar å halde ved lag eit ulønsamt postnett - ja. Men vi veit også at statsråden har teke ut fleire hundre millionar kroner i inntekter frå Posten førre året.

Statsråd Kjell Opseth: Vi er fullstendig klar over at det er sterke kjensler ute og går når det gjeld å leggje ned postkontor, dvs. å yte tilbodet slik ein er vand med, skal ein halde fram med i framtida òg. Men det blir ikkje mindre av dette opprøret når sentrale politiske parti støttar opp om dette og gjer det vanskelegare å føreta heilt nødvendige effektiviseringar i Posten dersom ein ønskjer å ha eit tilbod av posttenester i alle delar av landet. Viss ein ikkje gjer dette, er det Distrikts-Noreg som får svi, ved at ein på eit gjeve tidspunkt verkeleg må gå dramatisk til verks. Landpostbod er eit betre tilbod for dei aller fleste enn eit postkontor som er ope nokre timar for dagen.