Stortinget - Møte onsdag den 18. januar 1995

Dato: 18.01.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg har følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Postverket har foretatt ei postpakkeomlegging som medfører at alle pakkene skal sendast til Oslo for sortering.

Er det teke miljøomsyn til den auken det vil medføre i transporten?

Statsråd Kjell Opseth: I det opplegget for handsaming av postpakker som vart gjennomført frå 9. januar i år, skal pakker, unntatt pakker til eige lokalområde, frå stader i Sør-Noreg sendast til Oslo for sortering.

Postverket opplyser at opplegget totalt sett ikkje fører til auka transport. I mange høve blir trafikkbehovet mindre. Ein del transport blir ført over frå bil til bane.

Hovudmengda av postpakkene vart også tidlegare send om Oslo. Posten vart då transportert til dei einskilde sorteringskontora, noko som i mange høve førte til dårleg utnytting av transporteiningane. Behovet for biltransport på kyststrekninga mellom Stavanger, Bergen og Trondheim er redusert med det nye opplegget, då ein god del av posten no blir send med jernbane om Oslo. Omlegginga av pakkehandsaminga gjev difor også miljøfordelar.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg takkar statsråden for svaret, men det verkar noko underleg at det ikkje skal føre til auka transport når alle postpakker mellom to postdistrikt sør for Trondheim skal om Oslo. Har det vore så stor ledig kapasitet i transportbilane og postcontainarane tidlegare at ein no kan ta alle postpakkene med utan at det er behov for meir transport? Kva då med høgsesongen for posten: julerushet?

Det verkar også som om det ligg sentralisering bak i forhold til at det no er investert i og bygt ut terminal i Oslo, for så deretter å få all post hit. Det verkar som om det er noko unødvendig bruk av transport og tid. Kundane tapar tidsmessig, men pakkene får « interrailbillett » i Noreg, noko som mottakarane av pakkene ikkje har glede av.

Eg ser at statsråden nemner auka bruk av jernbane, og det kan vere positivt. Men det er ikkje alle stader det er jernbane.

Er det verkeleg slik at miljøomsyna er tilstrekkeleg ivaretatt?

Statsråd Kjell Opseth: Det er verken god miljøpolitikk eller god økonomisk politikk å køyre ruter på kryss og tvers mellom alle sorteringskontora med meir eller mindre halvfulle køyretøy. Det er ein del av det opplegget ein må få bort. Difor blir dette både ein økonomisk gevinst og ein miljøgevinst. Ja, det blir faktisk for dei aller fleste også ein tidsgevinst i forhold til det systemet ein hadde før 9. januar når det gjeld å framføre pakkepost.