Stortinget - Møte onsdag den 17. januar 1996

Dato: 17.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Arne Haukvik (Sp): « Eggemoen er mellom anna peika ut som ny småflyplass, men kommunane i distriktet ønskjer ikkje den auka trafikken. Småflydrivarane ønskjer heller ikkje å flytte til Eggemoen.

Kvifor kan ikkje den eldste delen av Fornebu framleis brukast som småflyplass? »

Statsråd Kjell Opseth: Ved handsaminga av St.prp.nr.90 (1991-1992) og Innst.S.nr.1 (1992-1993) om ny hovudflyplass på Gardermoen vedtok Stortinget at staten sin del av verdiane på Fornebu skulle tilførast utbyggingsselskapet og nyttast til utbygginga av ny hovudflyplass på Gardermoen. Verdien av arealet og bygga på Fornebu vurderte Luftfartsverket til 2.000 mill. 1992-kroner. Som omtala i St.prp.nr.1 Tl.09 (1994-1995) og i St.prp.nr.1 (1994-1995), ønskjer staten som grunneigar å sjå utviklinga av Fornebuområdet i eit lengre perspektiv. Regjeringa har diford overført ansvaret for etterbruken av Fornebu frå Luftfartsverket til Statsbygg frå 1. januar 1995. Dei økonomiske krava for denne overføringa framgår av nemnde proposisjon.

Ein småflyplass på den eldste delen av Fornebu vil med støysoner og hinderavgrensingar leggje direkte og indirekte beslag på eit område på meir enn 1.000 daa - indirekte fordi ein vil få restriksjonar på bruken av areala. Dette vil vere i strid med Stortingets føresetnad om at arealet skal nyttast til bustader, rekreasjon og næringsverksemd.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Statsråden seier at ein småflyplass på Fornebu vil legge beslag på 1.000 daa. Eg har sjølv funne ut at det som trengst til sjølve flyplassen, med administrasjonsbygg, er 300 daa eller 9 % av Fornebu sitt nåverande areal. Eg trur nok at me må kunne be Statsbygg vurdere differansen mellom 300 og 1.000 daa når det gjeld arealbehovet. Det kan ikkje vere så gale som det høyrest ut for.

Dessutan: Allmennflyging, som òg har ei viktig oppgåve, rekrutterer flygarar og anna personell. Drifta er på Fornebu. Det er positivt ungdomsarbeid og haldningskapande, noko samfunnet har bruk for. Bruk av allmennfly er viktig til redningsteneste/søk, skogbrannvakt, anna overvaking og i Forsvarets teneste, flyambulanse og transport av transplantasjonsorgan, og bruk av allmennfly til eigentransport er effektiv bruk av tid. Dette er allmennfly som er nyttige å ha for samfunnet. Eg kan ikkje skjøne at me skal jage dei langt vekk frå der det er behov for dei. Kva meiner statsråden om det?

Statsråd Kjell Opseth: Det er faktisk slik at når det gjeld vurdering av areal i tilknyting til ein flyplass, også ein flyplass for allmennflyging, er det Luftfartsverket som har kompetanse. Og det er støysonene rundt ein flyplass som gjer at dette blir særleg arealkrevjande. Eg ser difor ingen grunn til å dra i tvil at det er eit arealbehov på 1.000 daa som her er ført opp.

Det er klårt at den flyginga som skal gå føre seg på ein småflyplass, er viktig ut frå ulike omsyn. Difor kan ein gjerne seie seg lei for at det ikkje har vore mogleg å finne areal til ein slik flyplass nærare Oslo, men det har det altså ikkje vore.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Me kan alle vere einige om at det er synd at det er så vanskeleg å finne ein plass som passar til dette føremålet. Det er klart eg ser at Fornebu er ei verdfull tomt som kan gi betre økonomisk utteljing på annan måte. Samtidig er dette eit samfunnsnyttig føremål som me skulle ha råd til, for me har bruk for denne småflyplassen.

Eg tillèt meg å be statsråden vurdere om dei iallfall kan utsette avgjerda til ein finn ein laglegare plass, som brukarane kan dra nytte av. Det tar trass i alt ein del år før Fornebu kan byggast ut. Det er ennå ikkje planlagt kva arealet skal nyttast til, så eg vil be om at småflydrivarane kan få vere der i fleire år til ein finn fram til ein annan plass som dei kan bruke.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre streke under at Stortinget har slått fast at Fornebu skal stengjast for flytrafikk når den nye flyplassen på Gardermoen står ferdig. Eg har tenkt å halde meg til det. Difor er det ikkje aktuelt å forlengje drifta på Fornebu lenger enn til trafikken er flytta til Gardermoen.