Stortinget - Møte onsdag den 17. januar 1996

Dato: 17.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til samferdselsministeren som gjeld trafikktryggleik:

Det har vore mange alvorlege ulykker der vogntog har vore blanda inn.

Kva vil bli gjort for å redusere talet på vogntog og risikoen slike køyretøy utgjer i trafikken?

Statsråd Kjell Opseth: Etter at personskade- og dødsulukker der vogntog var involverte, hadde hatt eit stabilt nivå på ca 200 i åra 1991-93, gjekk talet opp til 231 i 1994. I månadene februar-mars 1995 hadde vi ein urovekkjande auke av slike ulukker.

På bakgrunn av dette tok eg initiativ til ein nærare gjennomgang og vurdering av årsakene til desse ulukkene og av eventuelle tiltak som kunne setjast inn for å snu ei negativ utvikling. Sentrale organisasjonar innan transportnæringa, både på arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida, har medverka.

Vegdirektoratet har gjennomført ei nærare utgreiing av dei einskilde ulukkene. Dei konkluderer med at det i hovudsak dreier seg om ein tilfeldig statistisk variasjon, men at auken i nokon grad òg kjem av trafikkveksten. Det er likevel urovekkjande at talet på ulukker kan synast å ha stabilisert seg på eit noko høgare nivå i 1994-95 enn i åra før. Estimert anslag for 1995 er 225 ulukker.

På bakgrunn av dette, etter møte og høyringar, utarbeidde Vegdirektoratet i byrjinga av november eit framlegg til ei rekkje moglege tiltak for å redusere talet på og omfanget av tungtrafikkulukker. Desse tiltaka vart drøfta i møte i departementet med organisasjonane 23. november 1995.

Av dei viktigaste tiltaka som direktoratet foreslår, kan nemnast prosjekt som går på undersøking av den innverknaden mobiltelefonar og anna teknisk utstyr har på trafikktryggleiken, samspelet mellom tunge og lette køyretøy i trafikken, sambandet mellom arbeidsmiljø og ulukker m.m.

Saka er no til slutthandsaming i departementet. Vi vil om kort tid ta stilling til kva for tiltak som bør prioriterast for å få redusert talet på ulukker med vogntok og redusere risikoen for tunge køyretøy i trafikken.

Erling Folkvord (RV): Eg takkar for svaret, som gav eit visst oversyn over kva som er tenkt. I Samferdsel nr. 1 for 1994 skriv forskingsleiaren for Transportøkonomisk institutt at « trafikkmengden forklarer 72 prosent av forskjellene i personskadeulykker og 52 prosent av forskjellene i dødsulykker ».

Departementet sjølv skriv i heftet Trafikksikkerhet mot år 2000 at vogntog har fem gonger så høg risiko som personbilar når det gjeld faren for å bli innblanda i dødsulykker.

Eg lurer da på om ikkje den drastiske reduksjonen av dei samla avgiftene for vogntog sidan 1993 eigentleg er utslag både av ein politikk for at vogntog skal få større del av godstransporten og ein politikk for at det skal bli auka fare for dødsulykker på norske vegar.

Eg vil difor spørje statsråden om han nå ut frå dei store avgiftsendringane som har skjedd dei siste to-tre åra, vil prøve å bruke avgiftspolitikken for å redusere vogntoga sin del av godstransporten.

Statsråd Kjell Opseth: Sjølv om det er slik at talet på tungtrafikkulukker er større, og at det også er slik at vi har hatt vekst i trafikken med tyngre køyretøy, skal ein ikkje berre sjå det negative i det. Det fortel oss også at det er vekst i norsk næringsliv, som er positivt. Men det er ei felles oppgåve for oss alle å medverke til at dei kryssande interessene som ein har på dette feltet, blir handtert slik at det fører til færrast mogleg ulukker og sjølvsagt færrast mogleg ulukker med tragisk utfall. Så det er ikkje slik at ein kan rekne med at ein berre kan bruke avgiftspolitikken for å få redusert talet på ulukker; det må nok fleire tiltak til enn berre eitt.

Erling Folkvord (RV): Eg er hjartans einig med statsråden i det. Men spørsmålet mitt gjeld om han i tillegg til dei tinga han sa han ville vurdere, også vil sjå på korleis avgiftspolitikken kan brukast. I tida frå 1993 og utover, då samla avgifter for vogntog har gått drastisk ned, har ulykkestala hatt ein skremmande auke, som han sjølv nemner.

Det er som statsråden sa, ei felles oppgåve å medverke til færrast mogleg ulykker. Vi har alle her ei felles oppgåve, men statsråden har ei spesiell oppgåve fordi han er statsråd. Han må vurdere korleis avgifts- og konsesjonspolitikken kan brukast for å få ned talet på vogntog, og dermed talet på ulykker. Så eg gjentar spørsmålet om statsråden vil bruke det verkemiddelet som avgiftspolitikken er, og dermed oppnå færre vogntogulykker, og dermed også unngå at han sjølv etter kvart blir heitande « trafikkulykkesminister » i staden for samferdselsminister.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vedkjenner meg sjølvsagt det ansvaret eg har for det som skjer på den sektoren eg har ansvaret for. Det er slik at det er litt meir komplisert enn at ein berre kan ta enkeltbitar og seie at dette løyser vi på den og den måten. Det er faktisk slik at tungtrafikken er internasjonal. Dersom vi vil ha ei slik næring i landet vårt - og det trur eg representanten Folkvord vil ha - er vi nøydde til å ha omtrent det same avgiftsnivået hos oss som det våre konkurrentar, ikkje minst i våre naboland, men også elles i Europa, har, for elles vil det bli slik at våre tungtransportørar blir utkonkurrerte, og kanskje vi får inn vogntog som har ein langt dårlegare standard enn vogntoga her heime, noko som fører til at vi kanskje oppnår det motsette, nemleg fleire tungtrafikkulukker.