Stortinget - Møte onsdag den 24. januar 1996

Dato: 24.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Erling Folkvord (RV): Eg må først få gjere merksam på at det har blitt ein trykkfeil i spørsmålet slik som det er gjengitt i sakspapira i dag. « Skolesjefen lover « blod, svette og tårer i forbindelse med elevtrettheten » », står det, men det spørsmålet eg stilte, galdt elevtettheten - sjølv om trykkfeilen nok kan kome til å skildre verkelegheita.

Eg skal altså få stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Oslo kommune er kommet svært kort med å forberede 6-årsreformen. 10.000 flere elever skal inn i grunnskolen fra høsten 1997, men om elevene får noe klasserom å være i, er ennå uvisst. Skolesjefen lover « blod, svette og tårer i forbindelse med elevtettheten ». Utdanningsbyråden har uttalt: « Det blir kjempetøft og et råkjør.

Synes statsråden det er anstendig og pedagogisk forsvarlig å la 6-åringene møte skolen under slike uverdige forhold? »

Statsråd Reidar Sandal: Eg sit ikkje inne med informasjon som dokumenterer at 6-åringane i Oslo vil møte pedagogisk uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg føreset at alle kommunar følgjer det vedtaket som er gjort om innføring av 10-årig grunnskule frå hausten 1997, og at dei tek konsekvensen av dette ved å planleggje nødvendig kapasitetsutviding i 1996 og 1997.

Kommunane har etter grunnskulelova § 10 eit ansvar for å « syte for tenlege skolar ». Departementet vil i løpet av våren 1996, gjennom avklaring av den økonomiske kompensasjonen til den einskilde kommunen, ha lagt til rette for eit pedagogisk forsvarleg tilbod til 6-åringane i alle kommunar. Utdanningsdirektørane følgjer gjennomføringa av reforma og har m.a. eit ansvar for å rettleie kommunane i tilrettelegginga av tilbodet til 6-åringane i skulelokale.

Under behandlinga av statsbudsjettet for 1996 bad Stortinget Regjeringa utarbeide ein detaljert og fullstendig plan for finansieringa av grunnskulereforma, med oversikt over dei statlege overføringane til kommunane når det gjeld investering, drift, skulefritidsordningar og skyss for den einskilde kommunen. Dette vil bli gjort i kommuneøkonomiproposisjonen for 1997, der kompensasjonen for driftsutgifter for den einskilde kommunen vil bli lagd fram.

I kommuneøkonomiproposisjonen for 1996 blei det meldt at staten vil dekkje dei årlege utgiftene til amortisering, dvs. renter og avskrivingar, av dei pårekna investeringskostnadene. Eg vurderer det som svært ønskjeleg å kome ut med informasjon til kommunane om fordelinga av kompensasjonen så tidleg som mogleg. Regjeringa vil derfor, slik det er meldt under behandlinga av statsbudsjettet, leggje fram ein eigen proposisjon for Stortinget i mars, med eventuelt forslag om justering av investeringskostnadene, og med forslag til fordeling av kompensasjonen på den einskilde kommunen.

Den spørjeundersøkinga til kvar einskild kommune som Kostnadsberekningsutvalet - det såkalla Hervik-utvalet - og departementet gjorde i januar 1995 som grunnlag for å fastsetje investeringskostnadene, blir no oppdatert. Departementet har på ny henta inn informasjon frå kommunane, og denne informasjonen vil utgjere ein del av det grunnlaget det blir lagt vekt på ved fordelinga av investeringskompensasjonen til den einskilde kommunen. I dette arbeidet har departementet hatt særskild kontakt med Oslo om kommunen sine investeringar i samband med reforma. Det er mi vurdering at planlegginga i Oslo kommune er godt i gang.

Erling Folkvord (RV): Eg må takke for svaret, sjølv om statsråden starta med å seie noko som kunne tyde « veit ikkje ».

Før var « reform » eit honnørord, ikkje minst i arbeidarrørsla. Men dersom ikkje statsråden no viser ansvar og sørger for utsetting av skolestart for 6-åringar, vil det føre til at Reform 97 blir eit skjellsord.

I dag har 28 av grunnskolane i Oslo fleire enn 450 elevar - grunnskolelovas maksimum. I september 1994 hadde grunnskolen i Oslo 34.905 elevar. Men dei årlege fødselstala har vore over 7.000 sia 1989. Når desse elevane kjem inn i grunnskolen, blir det snakk om elevtal på 70.000. Skolane er overfylte før enda eit årskull skal dyttast inn. Skolebyråden seiere at det er « et glitrende innspill » når ein rektor foreslår å flytte undervisninga « til museer og ut i friluft » i staden for å ha den i klasserom. Parolen blir altså « Skole under kvar busk ».

Innser ikkje statsråden at han no bør ta alvoret i dette innover seg og sette på bremsene nå, slik at han ikkje blir ansvarleg for å skape ein mobbeskole, bl.a. i Oslo?

Statsråd Reidar Sandal: Det er sjølvsagt ikkje grunnlag for å formulere seg slik som representanten Folkvord gjorde. Det er ikkje mi oppgåve å gje signal om utsetjing av skulestart for 6-åringane. Tvert om er det mi oppgåve å syte for at det lovleg fatta vedtaket i denne saka blir effektuert, og eg vil engasjere meg det eg kan for at så skal skje.

Når det gjeld dei konkrete forholda i Oslo, vil eg få vise til at det ved fleire høve har vore kontakt mellom Oslo kommune og departementet om gjennomføringa av grunnskulereforma og kostnadene knytte til dette. Det var slik kontakt i november i fjor, og det har faktisk òg vore kontakt mellom departementet og skulesjefen sitt kontor så seint som 22. januar i år.

Erling Folkvord (RV): I nyttårstalen sin sa statsministeren at utan innsatsen til alle som bryr seg, ville samfunnet vårt bryte saman. Ser vi på skolesamfunnet i Oslo, er det sant. Hadde ikkje elevar, foreldre og lærarar tidlegare brydd seg og forsvart skolane mot lovlege, politikarfatta nedleggingsvedtak, hadde også bl.a. Grorud, Svarttjern, Løren og Nøklevann skolar i dag vore nedlagde.

Dei som ikkje vil at 6-åringane skal bli dytta inn i ein utrygg og kaosprega skolesituasjon, i ein mobbeskole, hausten 1997, må derfor bry seg mens det enno er tid. Statsrådens partifelle Marit Nybakk sa i Stortinget 31. oktober i fjor at hennar visjon om den tiårige grunnskolen er « en skole som gir barna trygge rammevilkår ».

Trur statsråden det kan gjennomførast når fleire sjetteklassar må sendast vekk frå barnetrinnskolen og over til ein ungdomsskole, når det blir kveldsundervisning og elevane må gå årevis i skolen utan eingong å ha sitt eige klasserom? Skolesjefen siterte Churchills tale til soldatane før dei skulle ut i 2. verdskrig, der han lova dei « blod, svette og tårer ». Kva slags rammevilkår kan statsråd Sandal love 6-åringane i Oslo? Statsrådens ansvar er vel litt meir enn berre å la vere å gi signal om utsetjing?

Statsråd Reidar Sandal: Det er sjølvsagt ikkje slik at dersom ein ikkje svarar positivt og er samd i representanten Folkvord sine synspunkt, bryr ein seg ikkje. Eg har i hovudsvaret mitt gjort klart greie for at departementet legg opp til å kome til Stortinget med saker som nettopp skal medverke til at vi får på plass den økonomiske biten og også, som eg har sagt i svar på spørsmål tidlegare i dag, får den nødvendige tilleggsavklaringa på det som knyter seg til innhaldet.

Når det konkret gjeld Oslo, vil eg få lov til å minne om at kontaktane som departementet og Oslo kommune har hatt, nok viser at ikkje alle skulebygg blir ferdige til skulestart i 1997/98. Men dette er ikkje til hinder for at grunnskulereforma kan gjennomførast, og at det blir etablert akseptable mellombels løysingar. Dette har Oslo kommune sjølv gjeve uttrykk for, og eg legg til grunn at det blir følgt opp.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdigbehandla.