Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 1996

Dato: 21.02.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 37

Einar Steensnæs (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Det eneste tilbudet innen maritim høgskoleutdanning på kyststripen mellom Ålesund og Vestfold kan bli lagt ned i 1997. Samtidig er det dokumentert et stort behov for slik utdanning. Høgskolen Stord/Haugesund har behov for å utvide antall studieplasser for å sikre tilbudet innen høgskoleutdanning av sjøoffiserer både faglig og økonomisk.

Vil statsråden medvirke til en positiv løsning for denne viktige delen av den maritime utdanningen?

Statsråd Reidar Sandal: Eg er kjend med at Høgskolen Stord/Haugesund vil søkje om midlar til å utvide måltalet på nautikkutdanninga frå 15 til 35 årleg. Slike forslag blir av departementet vurderte i samband med dei årlege statsbudsjetta, og dersom det elles blir vurdert å auke talet på studieplassar.

I år vil spørsmålet om auke i talet på studieplassar bli vurdert i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Departementet vil òg i vårsesjonen leggje fram ein eigen proposisjon om regulering av tilgjenge til universiteta.

Det er derfor ikkje mogleg å seie noko endeleg no om kapasiteten innanfor maritime fag ved den enkelte høgskule. Det er sett ned eit utval for å greie ut nærare spørsmålet om spesialisering og arbeidsdeling mellom høgskulane innanfor ingeniørutdanning og innanfor maritim utdanning. Ut frå arbeidet til dette utvalet vil fagprofilen for høgskulane som har slike fag, bli vurdert.

Departementet går ut frå at opptaket på dei høgast prioriterte utdanningane, som helse- og sosialfag og allmenn- og førskulelærarutdanning, må haldast på same nivå i 1996 som i 1995. Høgskulane har likevel fridom til sjølve å vurdere korleis opptaket på ein del utdanningar kan fordelast innanfor det totale måltalet.

I brev frå Høgskolen Stord/Haugesund til departementet 14. september 1995 går det fram at høgskulen for å kunne halde oppe totalt studentmåltal hausten 1995, har valt å auke opptaket ved ein del studium for å kompensere for dårleg søkning til andre studium. Opptaket til nautikkutdanninga blei ikkje auka den gongen. Eventuelle nye studieplassar til høgskulen vil måtte sjåast i samanheng med oppfyllinga av totalt måltal ved høgskulen.

Som det går fram av det som er sagt, er det mykje opp til høgskulen å leggje forholda til rette for å få ei positiv løysing på planane om oppbygging av enkelte utdanningar.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.

Det går jo nå bra i norsk skipsfart. En hovedutfordring blir å sørge for at styringen over virksomheten skjer i et norsk maritimt miljø, og at arbeidsplassene i denne næringen i større grad blir på norske hender. Det betyr at vi må hindre utflagging og utflytting og i større grad lykkes i å skaffe norsk mannskap til norske båter. I den forbindelse er utdanningen et nøkkelpunkt, og statsråden for kirke, utdanning og forskning vil være viktig når det gjelder utformingen av politikken her.

Jeg forstår av statsrådens svar at han vil gi seg tid med vurderingen av dette, og jeg har heller ingen problemer med å forstå at statsråden viser til at skolen selv i stor grad må prioritere. Imidlertid har Høgskolen Stord/Haugesund fått helt klare oppgaver når det gjelder førskolelærerutdanning og allmennlærerutdanning - forpliktelser som skal følge opp de reformer som Stortinget har vedtatt. Jeg vil derfor spørre statsråden: Vil statsråden før revidert nasjonalbudsjett legges fram, sørge for å ta kontakt med den maritime næringen for å få informasjon om hvilke behov næringen nå ser når det gjelder utdanning av norske sjøoffiserer?

Statsråd Reidar Sandal: Eg er einig med representanten Steensnæs i at det er positivt at det går bra i norsk skipsfart. Ikkje minst i den delen av landet som representanten Steensnæs og eg kjem frå, er det stor verksemd på dette området.

Eg har vist til den prosedyren eg vil følgje når det gjeld behandlinga av det spørsmålet som representanten Steensnæs tar opp. Når det gjeld det konkrete spørsmålet han stiller til meg, om eg vil ta kontakt med den maritime næringa for å diskutere situasjonen før framlegginga av revidert nasjonalbudsjett, kan eg opplyse at den kontakta allereie er etablert. Eg har hatt møte med heilt sentrale aktørar innanfor skipsfartsnæringa, der bl.a. utdanningsspørsmål er blitt drøfta, og der vi har hatt meiningsutveksling om kva utdanningsbehov det vil vere i åra som kjem.

Einar Steensnæs (KrF): Det er to forhold jeg har lyst til å understreke. Det ene er at en bare viser til at Høgskolen Stord/Haugesund bør prioritere innenfor eget budsjett for å løse denne oppgaven. Det vil ikke være praktisk mulig. For det første er det et stort behov for slike utdanningsplasser, det vil statsråden åpenbart få dokumentert i kontakt med næringen. For det andre er budsjettet så trangt og høgskolen har som jeg sa, allerede så store oppgaver knyttet til, allmennlærerutdanningen og førskolelærerutdanningen at her må måltallet for skolen økes dersom en skal lykkes. Det andre er at Regjeringen selv har skapt store forventninger til at noe skal skje på dette området, ikke minst etter at statsråd Knudsen uttalte seg på sikkerhets- og skipsfartskonferansen i Haugesund for vel en uke siden.

Nå skal Regjeringen legge fram en maritim melding, og det er det knyttet stor spenning og forventning til. Og jeg vil spørre: Hvilket engasjement vil statsråden ha i forhold til denne maritime meldingen og i forhold til det store dokumenterte behovet det er for maritim utdanning?

Statsråd Reidar Sandal: I hovudsvaret mitt peikte eg på at det er to måtar å løyse problema på. Det eine er sjølvsagt at skulane sjølve kan gjere det innafor eigne budsjettrammer, og prioritere den typen utdanning som dei meiner det er særleg viktig å skubbe fram. Det andre eg peikte på, var at vi skal ha ein gjennomgang av slike spørsmål i samband med budsjettbehandlinga, og for 1996 sitt vedkomande vil det skje i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Mitt departement har eit engasjement i desse sakene - sjølvsagt - for det er ein del av det utdanningstilbodet som høgskulesektoren vår gjev. Og sjølvsagt kjem Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet òg med innspel og har synspunkt i samband med utarbeiding av den maritime meldinga. Men med den bakgrunnen og erfaringa som representanten Steensnæs har òg frå regjeringssystemet, er han sjølvsagt innforstått med at det ikkje er mogleg for meg å kommentere meir kva innhaldet i den maritime meldinga vil bli.