Stortinget - Møte onsdag den 6. mars 1996

Dato: 06.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 38

Grethe G Fossum (A): Jeg vil få lov å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Elever som har fått utsatt skolestart, mister muligheten til å få borteboerstipend det siste skoleåret på videregående skole, fordi de fyller 19 år og dermed ikke oppfyller vilkårene til stipend, dette til tross for at de har fulgt vanlig skoleløp.

Hva vil statsråden gjøre for å rette opp denne urettferdigheten?

Statsråd Reidar Sandal: Det er etablert eit aldersskilje i ordninga med utdanningsstøtte frå Lånekassa til elevar og studentar under utdanning. Dette inneber at støtta for søkjarar over aldersskiljet blir rekna uavhengig av økonomien til forsørgjaren. Dessutan kan søkjarar over aldersskiljet ta ut eit høgre støttebeløp enn søkjarar under aldersskiljet. Søkjarar under aldersskiljet får støtta frå Lånekassa rekna ut på grunnlag av økonomien til forsørgjaren. Søkjarar under aldersskiljet skal på den andre sida ha ein større del av utbetalt støtte som stipend.

Nemnde aldersgrense er fastsett til 19 år i vidaregåande utdanning og 18 år i høgre utdanning.

Bortebuande søkjarar over aldersgrensa kan få utdanningsstipend. Dette utdanningsstipendet er likevel normalt ein del lågare enn utdanningsstipendet for bortebuande søkjarar under aldersskiljet, det såkalla minstestipendet.

Ei eventuell heving av aldersgrensa må som følgje av dei budsjettmessige konsekvensane i tilfelle vurderast i samband med utarbeidinga av det årlege statsbudsjettet.

Spørsmålet representanten Fossum reiser, må elles sjåast i samanheng med utviklinga av studiestøtta generelt. Som kjent har Stortinget dei seinare åra prioritert auken i stipenddelen over aldersskiljet, noko dei eldste elevane i vidaregåande utdanning også har fått glede av.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget har under behandlinga av framlegget til statsbudsjett for 1996 bedt departementet etablere ei ordning med behovsprøvd fullstipendiering for elevane under aldersskiljet i vidaregåande opplæring. Dette framlegget har store økonomiske konsekvensar. Regjeringa har for å leggje til rette for rask behandling bedt Longva-utvalet, som utgreier overføringsordningar og tenestetilbodet til barnefamiliane, også å sjå på dette forslaget.

Eg vil likevel gje uttrykk for at det kan vere gode grunnar til å sjå på reglane for dei som på basis av ei sakkunnig vurdering får utsett skulestart.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med desse sakene når utgreiinga ligg føre.

Grethe G Fossum (A): Jeg takker statsråden for svaret og er fornøyd med at statsråden ønsker å se nærmere på reglene for dem som etter sakkyndig vurdering får utsatt skolestart. Det er ikke mange i vårt moderne skolesystem som får nettopp utsatt skolestart, fordi det er et viktig prinsipp at skolen skal tilpasses eleven, ikke omvendt. Dette lille antallet vil, når de kommer på videregående skole, siste klasse, få beskjed om at de ikke får så stor stipendandel som sine medelever, på tross av at de har fulgt vanlig skoleløp.

Jeg har med respekt å melde tro på at dette får store budsjettmessige konsekvenser, og at det er nødvendig med en lang utgreiing for å finne ut av hva man skal gjøre her. Mitt spørsmål og min henstilling blir derfor: Når og hvor fort kan statsråden se på disse reglene, og hva føler han at det er behov for å gjøre? Jeg mener ikke at aldersgrensen bør heves generelt, men at det bør gjøres unntak for dem som har hatt vanlig skoleløp.

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Fossum peikar på at det ikkje er mange elevar dette kan gjelde, fordi det er skulen som skal tilpasse seg elevane sine føresetnader og behov. Den tilpassinga er eg samd i at skulen skal gjere. Men eg har ikkje oversikt over omfanget, verken av talet på elevar eller dei økonomiske konsekvensane det vil ha om ein går inn på ei endring slik representanten Fossum har teke opp. Så vidt eg skjønar, skal Longva-utvalet leggje fram si innstilling i løpet av våren, seint på våren. Når vi har fått tilstrekkeleg innsikt i saka, er eg innstilt på at vi kan sjå på reglane på det grunnlaget som eg nemnde i hovudsvaret mitt.

Grethe G Fossum (A): Jeg takker igjen for svaret, men vil understreke at Longva-utvalget skal se på utviklingen for hele ungdomsgruppen. Dette er en bitte liten del av ungdomsgruppen - det er svært få som får utsatt skolestart. Det er enda færre som søker seg til videregående skoler hvor de er nødt til å bo borte, for vi har et godt utbygd videregående skolenett. Så jeg vil henstille til statsråden at han ser på dette noe raskere.