Stortinget - Møte onsdag den 20. mars 1996

Dato: 20.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Olav Akselsen (A): Eg vil få stilla følgjande spørsmål til justisministeren:

Det har i seinare tid vore sterk fokus kring såkalla MC-kriminalitet. Det vert teikna eit bilete av eit valdeleg miljø som driv med organisert kriminalitet. Faren for valdelege samanstøytar mellom rivaliserande grupper synest stor.

Kva vert gjort for å bekjempe denne forma for kriminalitet, og korleis står politiet rusta til å møte denne utfordringa?

Statsråd Grete Faremo: La meg først understreke at langt dei fleste motorsyklistar, anten dei er knytte til klubbar eller ikkje, er lovlydige borgarar som berre har ein ting felles, nemleg at dei likar å køyre motorsykkel. Men vi har dessverre ein del MC-miljø som er godt organiserte både nasjonalt og internasjonalt. Gruppene vi har sett i aktivitet i den siste tida, kjempar om hegemoni, eller - for å seie det meir direkte - om marknadsdelar. Miljøa er kriminelt belasta. Dei brukar vald, og dei tek del i narkotikakriminalitet, tjuveri, heleri og annan grov kriminalitet. Mange av dei væpnar seg. Dei grunngjev dette med at dei ønskjer å verne seg, men vi har røynsle for at våpna blir brukte til åtak på rivaliserande grupper.

Eg har med jamne mellomrom fått informasjon frå politiet om utviklinga i dei kriminelle MC-miljøa. Denne informasjonen er tatt alvorleg, og Justisdepartementet har i fleire år sett av pengar til ei rekkje tiltak mot denne forma for organisert kriminalitet. Politiet har frå eit tidleg tidspunkt vore i stand til å kartleggje miljøa, følgje utviklinga og raskt pågripe gjerningsmenn når det har skjedd straffbare handlingar. Politiet har faktisk ved fleire høve avverja det som kunne ha utvikla seg til å bli alvorlege straffbare handlingar, ved å gripe inn på førehand. Eg vil også nemne at politiet i 1995 beslagla i alt 100 ulike typar våpen i MC-miljøa.

Dei har likevel greidd å byggje opp ein organisasjon der sjølvjustis er eit av grunnprinsippa, og brot på interne lover kan bli « straffa » hardt. Politidistrikta som har hatt dei største problema, dvs. Oslo, Trondheim og Rogaland, har oppretta eigne etterforskingsgrupper som har samarbeidd seg imellom. Oslo politikammer har hatt det koordinerande ansvaret på landsbasis.

Frå 1. mars i år tok Kriminalpolitisentralen over det koordinerande, landsomfattande ansvaret. KRIPOS har bygd opp ei eiga avdeling som skal yte politiet hjelp i den vidare kampen mot kriminell MC-verksemd. Eg vil også nemne at norsk politi har eit godt samarbeid med bl.a. politiet i andre nordiske land som vel må seiast å ha vesentleg alvorlegare problem med MC-kriminalitet. Det nordiske samarbeidet vil bli vidareført og styrkt.

Vi samarbeider også om desse sakene gjennom Interpol. Med det nasjonale og internasjonale samarbeidet innan politiet om tiltak mot denne forma for kriminalitet og med den prioritering som blir gjort frå norsk politi, meiner eg at norsk politi står godt rusta til innsats mot dei kriminelle MC-miljøa.

Olav Akselsen (A): Eg vil takka for svaret.

Eg vil først seia meg einig med justisministeren i at det er viktig at ein no ikkje skaper eit bilete av at alle som køyrer motorsykkel, er kriminelle. Ein må difor vera forsiktig med å greia alle med ein kam.

Likevel er det ei alvorleg utvikling. Når ein ser våpenbeslag og vald nytta i desse gruppene og dei tar lova i eiga hand, er det viktig at politiet prioriterer dette. Eg tolkar svaret frå justisministeren som at dette blir tatt på alvor, og eg håpar at når situasjonen i Noreg har vore mindre alvorleg enn i våre naboland, er det eit resultat av at politiet har prioritert nettopp desse oppgåvene. Men likevel er det slik at det frå fleire hald innan politiet har vore hevda at lov og regelverk i dag set sperre for politiet si etterforsking av denne typen kriminalitet. Eg vil då stilla følgjande tilleggsspørsmål til justisministeren: Blir det vurdert endringar i lovverket for å betra det høvet politiet har til å kjempa mot denne forma for organisert kriminalitet?

Statsråd Grete Faremo: Representanten Olav Akselsen peker på et spørsmål som selvsagt har hatt stor oppmerksomhet både i departementet og i politi- og lensmannsetaten. Det er for så vidt et spørsmål som man iallfall kan se er todelt. Det er spørsmål om slike organisasjoner i seg selv burde forbys, og det er spørsmål om hvilke metoder politiet skal kunne ta i bruk.

Når det gjelder spørsmålet om å forby organisasjoner, vil jeg vise til den interpellasjonsdebatten som fant sted i denne sal for et par år tilbake, og hvor Stortinget stod sammen om at det ikke syntes å være en farbar veg å forby organisasjoner dersom de ikke i seg selv hadde et kriminelt formål. Når det gjelder spørsmålet om hvilke metoder politiet bør kunne ta i bruk, er det et tema som nå utredes, og som vi vil komme tilbake til Stortinget med i løpet at noe tid.