Stortinget - Møte onsdag den 17. april 1996

Dato: 17.04.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Arne Haukvik: « Det kan ikkje vera ei god løysing at fem kunstfagskolar blir slått saman til ein skole trass i sterke protestar frå skolane sjølve.

Ville det ikkje vore klokare om høgskolane for teater, opera og ballett hadde blitt samla til ein skole? »

Statsråd Reidar Sandal: Regjeringa gjekk i budsjettframlegget for 1995 inn for å samorganisere dei tre scenekunsthøgskulane, Statens Kunstakademi og Statens håndverks- og kunstindustriskole til ein høgskule. Før dette hadde det vore utgreiingar om institusjonsstrukturen for kunstutdanninga i Oslo, Bergen og Trondheim, der høgskulane sjølve deltok. Framlegget om ein kunsthøgskule som organisatorisk ramme for verksemda i Oslo tok utgangspunkt i utgreiing og høyringssvar og skjedde i samforstand med rektorane ved desse institusjonane. Stortinget slutta seg til dette framlegget. Det har deretter vore gjennomført ei utgreiing om korleis ein kunsthøgskule i Oslo skal organiserast. Då denne utgreiinga var på høyring, gjekk styret for fire av dei fem høgskulane mot løysinga med ein høgskule. Statens teaterhøgskole og Statens balletthøgskole gjekk inn for at scenekunsthøgskulane skulle samorganiserast, medan Statens operahøgskole gav støtte til det alternativet som var utgreitt.

Eit særmerke ved desse høgskulane er at dei med unnatak for Statens håndverks- og kunstindustriskole er små. Den faglege staben er liten, og administrasjonen er ikkje godt utbygd. Lov om universitet og høgskular gjeld no for alle dei andre høgre utdanningsinstitusjonane. Dei 98 tidlegare regionale høgskulane har gått saman til 26 nye høgskuleeiningar. Mange av desse statlege høgskulane har, slik universiteta også har det, utdanningar og fag på mange og heilt ulike område. Denne samorganiseringa har gjort det mogleg å gi høgskulane rett til å styre seg sjølve innan den ramma den nye lova set.

Departementet har lagt til grunn at lova også bør kunne gjelde for høgskular på det kunstfaglege området, men det krev at desse utdanningane blir organiserte innanfor ei anna og større organisatorisk ramme enn i dag. Kunstutdanninga vil då styringsmessig komme på line med all anna høgre utdanning med den faglege fridom lova gjev. Det vil bli rom for å skipe ein meir spesialisert administrasjon. Vidare blir det færre einingar totalt innanfor sektoren. Slik vil ei løysing med ein kunsthøgskule i Oslo og ein i Bergen gje ei organisatorisk løysing som etter departementet sitt skjønn vil vere tenleg for utdanningane sjølve. Ein slik høgskule vil bli ein tung institusjon med ei fagleg breidd som kan gje styrke til dei ulike utdanningane. Vi arbeider for å finne ei tenleg samlokalisering i Oslo aust, slik kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen peika på i B.innst.S.nr.12 (1995-1996).

Ei løysing som berre samorganiserer dei tre scenekunsthøgskulane i Oslo, ville kunne styrkje dei noko i høve til i dag. Men ein slik høgskule ville framleis vere særs liten, og det er tvilsamt om den kunne verke innanfor den ramma lov om universitet og høgskular set. Dersom dei andre høgskulane på det kunstfaglege feltet skulle halde fram som før, ville vi ikkje oppnå den organisatoriske ramme vi meiner gagnar utdanningane best, og heller ikkje den administrative styrkinga departementet finn nødvendig.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Eg er ikkje overtydd om at dei rammene som er sette for universitet, nødvendigvis vil passe for alle typar skular og utdanning. Stortinget har tidlegare uttalt at organiseringa må skje i forståing med dei det gjeld. Det vedtaket som departementet nå går inn for, er iallfall ikkje i samsvar med ønsket til dei det gjeld. Me såg at kulturstatsråd Åse Kleveland rykte ut og meinte at dette var eit forhasta vedtak, og eg håper at ho har påverking i Regjeringa, slik at ein kan sjå på dette på nytt.

Eg tillet meg å oppmode statsråden: Ikkje la det gå prestisje i denne saka, sjå fordomsfritt på det! Og kvifor ikkje snakke med dei det gjeld og lytte til deira synspunkt før endeleg avgjerd blir tatt?

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil på spørsmål frå representanten Arne Haukvik streke under at det har vore lytta til dei saka gjeld. I det miljøet som det her er snakk om, har det kome til uttrykk ulike synspunkt, og departementet har brukt tid og energi på å orientere seg breitt om dei synspunkta som rår på dei ulike skulane, både i Oslo og i Bergen. Eg vil òg streke under at den konklusjonen som til slutt blei dregen for kort tid sidan, er basert på ei totalvurdering, der ikkje minst Stortinget sin føresetnad under budsjettbehandlinga i fjor haust har vore ei viktig vurderingskjelde. Eg vil få lov til å vise til Budsjett- Innst.S.nr.12 (1995-1996), der eit fleirtal i komiteen har gjeve klar tilslutning til den strategien som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har bygd vidare på.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Må det vere tillatt å oppmode statsråden: Sei ja til ein scenehøgskule ved å samle Balletthøgskolen, Teaterhøgskolen og Operahøgskolen, og gjerne på Nedre Foss, der Riksteatret og Rikskonsertane m.a. skal vere. Dei ville få eit framifrå område og kunne vere saman om ein felles type utdanning. Eg vil be statsråden ta imot denne utfordringa: Utnytt den positive energien og viljen som finst i desse miljøa! La studentar og skular kome med på skulelaget!

Statsråd Reidar Sandal: I den tida som har gått før avgjerda endeleg blei teken, har det vore lytta til dei ulike synspunkta som har rådt og rår i miljøet. Konklusjon i saka er dregen. Eg vil få understreke at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med ein vidare dialog med dei institusjonane det gjeld. Vi har kalla inn til eit møte i departementet i morgon, der desse institusjonane vil bli inviterte til ein vidaredrøfting av den omorganiseringa som må skje på bakgrunn av den avgjerda som er teken. Eg legg til grunn at det vil bli ein positiv medverknad, slik at ei politisk avgjerd kan effektuerast.