Stortinget - Møte onsdag den 5. mars 1997

Dato: 05.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Jørgen Holte (Sp): Eg har fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Ifylgje oppslag i Arbeiderbladet 21. februar 1997 får høgskular som uteksaminerer hovudfagsstudentar på normert tid, ikkje utbetalt bonus, slik universiteta får.

Vil statsråden rette opp denne forskjellshandsaminga av utdanningsinstitusjonane?

Statsråd Reidar Sandal: Departementet varsla i St.prp.nr.1 (1991-1992) at ein arbeider langs fleire linjer med sikte på at studietilhøva skal bli betre og at studentane skal kunne nå studiemåla på kortare tid. Det blei vidare varsla at ein legg vekt på tiltak som kan stimulere institusjonane til omleggingar som både gir betre undervisning og raskare studieprogresjon.

Som stimulans til å få hovudfagsstudentane til å gjennomføre studia sine raskare, blei det ut frå det som er nemnt ovanfor, m.a. innført ei ordning i 1992 med midlar til universiteta basert på gjennomførte hovudfagseksamenar. Universiteta fekk tildelt 10.000 kr for kvar mannleg hovudfagsstudent som avslutta sitt studium i 1992, og 15.000 kr for kvar kvinneleg student som tok ein slik eksamen.

Ordninga blei innført ved universiteta fordi problema med gjennomføring var størst ved desse institusjonane. Midlane som blei nytta til tiltaket, blei trekte inn frå universiteta sine ordinære budsjettrammer. Universiteta er med andre ord ikkje tilførte ekstra midlar gjennom denne ordninga. Høgskulane har ikkje vore med på å finansiere tiltaket og er derfor heller ikkje blitt tildelt midlar gjennom ordninga.

Eg viser til at departementet på statsbudsjettet for 1997 har lagt inn ei resultatbasert tildeling på grunnlag av talet på kandidatar på sjukepleiar- og førskulelærarutdanning i budsjettrammene til statlege høgskular, og viser i den samanheng til St.prp.nr.1 (1996-1997) . Departementet har vidare varsla at ein vil vurdere ulike resultatkriterium som grunnlag for ressursfordeling. På statsbudsjettet for 1997 er det omfordelt midlar mellom dei statlege høgskulane med det formålet etter kvart å jamne ut forskjellar mellom høgskulane som ikkje er grunna i faktiske kostnadsskilnader.

Eg vil vurdere tildeling av midlar til uteksaminerte hovudfagsstudentar ved statlege høgskular i samband med ei vidare omfordeling av midlar mellom desse institusjonane. Ein føresetnad for ei eventuell slik ordning ved høgskulane vil likevel vere at midlane til tiltaket må bli trekte inn frå høgskulesektoren, og at tiltaket gir effekt i form av å stimulere til betre gjennomføring av hovudfag.

Jørgen Holte (Sp): Eg takkar statsråden for svaret, og tolkar han dit, spesielt i den siste delen av det han sa, at han i den vurderinga som no skal gjerast, tar sikte på å rydde bort den forskjellsbehandlinga som er mellom universitet og høgskular, spesielt når det gjeld desse hovudfagsstudentane som vi veit i dag også blir førte fram ved høgskulane våre. Eg vil gjerne ha stadfesta om mi oppfatning, som eg her har prøvt å målbere, er i samsvar med det statsråden tar sikte på å gjere i den vurderinga han gav uttrykk for.

Statsråd Reidar Sandal: Eigentleg meiner eg jo at spørsmålet som representanten Holte no stilte, burde vere unødvendig på bakgrunn av det svaret eg allereie har gitt. Eg har presisert at eg vil leggje opp til ei vurdering av det spørsmålet som er reist om å tildele midlar til uteksaminerte hovudfagsstudentar ved høgskulane i samband medden omfordelinga av midlar som vi skal arbeide vidare med. Eg har òg understreka at ein føresetnad for denne gjennomgangen er at det er snakk om å bruke midlar innafor høgskulesektoren på same vis som når det gjeld den ordninga som gjeld for universiteta, der det ikkje har vore snakk om å tilføre ekstra midlar, men å gje ein stimulans innafor den ramma som universiteta allereie har.

Jørgen Holte (Sp): Eg takkar for svaret, og registrerer at det nok ikkje er den store usemja mellom meg og statsråden om korleis dette skal finansierast, anten det går på universiteta si ramme i forhold til hovudfagsstudentane eller det går på høgskulane si ramme i forhold til hovudfagsstudentane. Det som er kjernepoenget her, slik som eg tolkar statsråden, er at ein vil ryddebort den forskjellsbehandlinga som her er mellom universiteta og høgskulane. Det er eg oppteken av å få ei stadfesting av. Eg tolkar statsråden dit.

Statsråd Reidar Sandal: Det er ikkje grunnlag for noko meir oppklaring rundt tolkinga. Eg har sagt at det spørsmålet som er reist, skal vi vurdere. Eg vil i dag ikkje seie kva konklusjonen blir etter den vurderinga. Eg har òg sagt at i det arbeidet må vi sjå på spørsmålet, dersom det blir aktuelt, innafor den økonomiske ramma som høgskulesystemet har. Med det som opplysning, vil eg tru at representanten Holte burde vere tilfreds med at ein får ein slik gjennomgang, og så få tida vise kva den endelege konklusjonen blir.