Stortinget - Møte onsdag den 9. april 1997

Dato: 09.04.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla følgjande spørsmål til kommunalministeren:

Ifølgje administrerande direktør Harald Kjelstad i Selskapet for Industrivekstanlegg (SIVA) har manglande kompetanse under forhandlingane om EØS-avtalen ført til at store industrietableringar i Noreg ikkje har lukkast. EØS-avtalen hindrar Noreg i å gi dei same rammevilkåra som andre land kan gi.

Kva vil kommunalministeren gjera for å retta opp att dette?

Statsråd Kjell Opseth: Noreg har som EØS-land dei same reglane for offentleg næringsstøtte som alle land i EU. Det er difor ikkje rett at EØS-avtalen hindrar Noreg i å gje næringslivet dei same rammevilkåra som andre land kan gje.

I reglane for regionalpolitisk støtte er det generelt slik at ein kan gje foretak i dei svakaste regionane høgre investeringstilskott enn foretak i dei sterkaste regionane. Noreg har fått gjennomslag for å ta særleg omsyn til vilkår som er viktige for dei nordiske landa, ved at det er ekstra gunstige vilkår for å gje statsstøtte i område som har spreidd busetnad.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret.

Bakgrunnen for spørsmål var at elektrogiganten Atmel var interessert i å etablera seg i Trondheimsområdet med alle ringverknadene det kunne ha fått for eksisterande kunnskapsmiljø der. Det verkar som dei norske EØS-forhandlarane ikkje har tenkt langt nok på at Noreg skulle kunna verta ein moderne industrinasjon med næringar tilknytte eksisterande miljø på dette feltet. I Noreg må ein vera klar over at det òg eksisterer mange andre IT-miljø enn Fornebu-området, det er nok å nemna Arendal, Trondheim og Stavanger.

Eg hadde opprinneleg stilt dette spørsmålet til næringsministeren, men eg reknar likevel med at kommunalministeren kan svara meg på kva han vil gjera for at moderne industri i dei nemnde IT-regionane nå kan utvikla seg saman med Fornebu-miljøet.

Statsråd Kjell Opseth: Det forundrar meg litt at representanten Aarrestad er så oppteken av få etablert denne Atmel-bedrifta i Trondheim. Det faktiske forholdet er at vi kunne gje Atmel offentleg støtte i dei regionane som Stortinget har vedteke skal ha regional støtte. Sånn sett er det fullt høve for Atmel å etablere seg i Trondheimsområdet eller i Sør-Trøndelag om ein vil, men ikkje i Trondheim og dei nærast liggjande kommunane. Eg trudde faktisk det var i tråd med Senterpartiet sin politikk at vi skulle prøve å spreie den slags verksemd utover dei landsdelssentra som vi har.

Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål 4.