Stortinget - Møte onsdag den 28. mai 1997

Dato: 28.05.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Arne Haukvik (Uavh): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål:

Kva har Regjeringa gjort for å stimulere til forsking og utnytting av fornybar energi som vind og bølgjer?

Statsråd Ranveig Frøiland: Regjeringa har sett seg som mål at elforbruket innanlands skal dekkjast med fornybare energikjelder i eit normalår. Regjeringa vil leggja til rette for at ny energitilgang i aukande grad kjem frå nye fornybare energikjelder.

Statlege midlar til forsking og utvikling på nye fornybare energikjelder vert kanaliserte gjennom Forskningsrådet sitt program for effektive og fornybare energikjelder. Totalt budsjett er på om lag 183 mill. kr, der 86 mill. kr inngår som offentlege midlar. Midlane går til forskingsprosjekt innan bio-, vind-, sol- og bølgjeenergi samt enøk.

Statlege midlar til introduksjon av nye energiteknologiar utgjer i 1997 om lag 86 mill. kr - ein auke på 50 mill. kr i forhold til 1996. Det meste av midlane går til stimuleringstiltak for auka utnytting av ulike typar fornybar energi i Noreg. Introduksjonsmidlane er meinte å vera utløysande midlar til auka satsing på nye energiteknologiar. I dette ligg at skal ein lukkast i satsinga på nye fornybare energikjelder, må samfunnet elles gjennom industri og næringsliv vera villig til å setja av tilstrekkeleg av eigne midlar.

Dei næraste åra vert det gjeve høgast prioritet til introduksjon av bioenergi. Denne prioriteringa er viktig, ikkje berre fordi bioenergien har størst marknadspotensial, men også fordi denne satsinga vil vera med på å fremja fleksible og miljøvenlege oppvarmingssystem generelt. Regjeringa satsar i statsbudsjettet for 1997 om lag 50 mill. kr på introduksjon av bioenergi i Noreg. 5 mill. kr av dette er sette av til forsking og utvikling, mens resten er introduksjonsmidlar. Målet for satsinga på bioenergi er å etablera ein vellukka infrastruktur for omsetning og bruk av bioenergi i dei delane av landet der føresetnadene ligg best til rette for denne energiberaren.

I 1996 kom Noreg med i EU sitt program ALTENER, som skal stimulera til auka bruk av fornybare energikjelder innan EØS-samarbeidet. I tillegg har vi sidan 1994 delteke i EU sitt forskings- og demonstrasjonssamarbeid om fornybar energi. Deltakinga i internasjonalt forpliktande samarbeid om desse sakene gjev òg eit viktig innspel til vårt nasjonale arbeid.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret. Tilsynelatande verkar det som om Regjeringa brukar masse pengar på satsing på fornybar energi. Men korleis kan det da ha seg at ein har kome så forferdeleg kort samanlikna med t.d. Danmark? Der reknar dei med at det er 9.000 arbeidsplassar som er knytte nettopp til fornybar energi og vindmøller. Det må vere ei omsetning i milliardklassen.

Eg veit om mange norske bedrifter som har søkt om forskingsmidlar utan å få hjelp. Fornybar energi er jo eit satsingsområde, og vind og bølgjer er det meir enn nok av til alle. Det ein da må begynne å lure på, er: Kva har samfunnet fått igjen for alle dei millionane som statsråden nå påstår er satsa på forsking og hjelp til utforsking? Det hadde eg lyst til å vite litt om.

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg sluttar aldri med å forundra meg over at ein held fram Danmark som eit land som satsar på fornybar energi, og at ein seier at i Noreg satsar vi ikkje på det. Alt elektrisitetsforbruket i Noreg kjem frå fornybar energi frå vatn vi har. Det er difor klart at utgangspunktet i Noreg er eit heilt anna enn i Danmark, som har 70 % av energiforbruket sitt basert på kolfyrt varme. Så har danskane gjort ein del når det gjeld vindkraft, og dei meiner at innan nokre år skal dei få dekt 5 % av kraftbehovet sitt med vind.

Vi seier også at det er viktig å satsa på nye fornybare kjelder i tillegg til vatn. Vi brukar pengar på forsking, og vi har brukt pengar på vindkraft. I Nord-Trøndelag har dei fått økonomisk støtte frå staten til det. Vi seier at vi er positive til at det vert jobba vidare med denne energien, og så får vi sjå på søknaden, og sjå om vi skal støtta dette med midlar. Vi har sett av midlar til forsking. No er det viktig å laga eit system for å introdusera bioenergi, som kan brukast i lag med reint vatn, for det får vi mest ut av.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret. Også eg har oppdaga at me brukar fornybar energi i Noreg. Eg er klar over at me har nokre fossefall og kraftstasjonar. Men likevel er det behov for meir energi. Nå trur eg nok mange folk sløser, og me kunne nok sjå litt på det, men likevel: Kvifor skal ein bygge gasskraftverk og òg ha planar om nye utbyggingar av elvar og fossefall dersom me greier oss med den produksjonen me har?

Statsråden seier at ho er overraska over at me brukar Danmark som døme. Danmark er ikkje i den heldige stillinga at dei har mesteparten av landet liggande 500 meter over havet, slik Noreg har, med eit høve til fossekraft som knapt noko anna land har. Derfor er det viktig at me utnyttar den energimengda som ligg der. Det er vind nok til alle, og det er bølgjer nok til alle. Da er det på tide at Regjeringa satsar på det og ikkje bare bygger ut gasskraftverk og vasskraft elles. Me toler godt å sjå nokre slanke søyler langs kysten i staden for at me bygger gasskraftverk og andre ting.

Statsråd Ranveig Frøiland: Når ein ser på kraftbalansen i Norden, vil ein sjå at det vil vera auka behov for energi i åra som kjem. Det er i den samanhengen vi har sagt at to gasskraftverk i Noreg inngår. Det er ikkje til dekking av den nasjonale forsyninga.

Eg trur det er viktig for alle å ha klart for seg at skal vi bruka meir av den fornybare energien, må vi setja den i system, slik at vi kan kombinera den med vasskraft. Det er det vi no gjer når det gjeld bioenergi. Det krev at vi går systematisk igjennom korleis vi kan fasa den i lag med det vasskraftsystemet vi har, slik at vi kan bruka meir bioenergi til oppvarming og få frigjort meir av den reine vasskjeldekrafta til lys. Så gjer vi òg ein del når det gjeld vindkraft. Men det er ikkje slik at den krafta er uproblematisk i forhold til miljøet. Eg trur nok at vi vil høyra meir av den debatten dersom det kjem fram kor mange vindmøller som skal til for å dekkja opp for t.d. eit gasskraftverk i Øygarden kommune. Der ville det måtta til 1.000 vindmøller. Då vil det verta arealkonfliktar der, ikkje minst på øyane. Men eg er positiv til vindkraft, og vi vil gjera meir på det området.