Stortinget - Møte onsdag den 19. november 1997

Dato: 19.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Vidar Kleppe (Frp): Det er med tungt hjerte jeg er nødt til å stille sosialministeren følgende spørsmål:

Sosial- og helsedepartementet har bestemt å nedlegge distriktskontorene til Nasjonalhjelpens Fond for Krigens ofre fra 31. desember 1999. Ca. 14.000 av våre krigspensjonister og krigsenker vil da miste sin kuratortjeneste, og kan dermed bli henvist til sosialkontoret for denne spesialtjeneste våre hederskvinner og -menn har hatt siden den ble opprettet ved kgl. res. av 2. mai 1947.

Vil sosialministeren forhindre en slik nedleggelse?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Under og like etter krigen blei det etablert eit mangfaldig hjelpearbeid for ofra frå krigen. Hjelpearbeidet blei bygt på m.a innsamla midlar og gåver frå utlandet.

Frå 1947 blei Nasjonalhjelpens Fond for Krigens ofre oppretta som ein sjølvstendig stiftelse.

Arbeidsoppgåvene til organisasjonen har endra seg etter kvart. Kapitalen blei naturleg nok oppbrukt, og fondet gav ikkje lenger økonomisk hjelp.

I tillegg til sosialt arbeid for dei krigsramma er dei viktigaste oppgåvene no undersøking og førebuing i saker om krigspensjon og andre rettar etter lovene om krigspensjon. I desse sakene er det eit nært samarbeid med trygdeetaten. På dette grunnlaget blir dei årlege utgiftene til løn og drift dekte over budsjettet til Rikstrygdeverket.

I 1990 tok Nasjonalhjelpa sjølv kontakt med Statskonsult, som laga ein langtidsplan for fondet. På bakgrunn av planen la fondet fram ein plan for avvikling. Planen gjekk ut på ei gradvis nedbygging av organisasjonen frå 1. januar 1998.

Dei tilsette i fondet kom så med forslag om at Nasjonalhjelpa skulle halda fram som i dag til 31. desember 1999, og at ein så frå 1. januar 2000 skulle leggja ned alle distriktskontora utanfor Oslo. Dei føreslo òg at administrasjonen og kuratorkontoret i Oslo skulle halda fram etter 31. desember 1999 til Sosial- og helsedepartementet tek ei anna avgjerd. Både fondets styre og - seinare - Sosial- og helsedepartementet sa seg einige i dette framlegget.

Krigsinvalideforbundet har i eit skriv til departementet bede om at Nasjonalhjelpa får halda fram verksemda som no òg etter 1999.

Svaret til Krigsinvalideforbundet er at prosessen med avviklinga av Nasjonalhjelpa er godt i gang. Ingen kan vera tent med å skapa uvisse om dette no. Av omsyn til dei tilsette i fondet og til krigspensjonistane finn eg at det er viktig at denne avviklinga er planlagd i god tid.

Eg legg òg vekt på at krigspensjonistane ikkje vil stå utan hjelp om distriktskontora blir nedlagde. Tanken er at den vanlege hjelpetenesta må kunna nyttast. Regjeringa vil satsa mykje på å byggja ut dei vanlege tenestene for eldre. Dessutan vil trygdeetaten førebu seg på å hjelpa den einskilde krigspensjonist i større grad enn i dag.

Til slutt vil eg peika på at ikkje heile Nasjonalhjelpa sitt fond blir lagt ned 31. desember 1999. Oslokontoret og administrasjonen skal halda fram så lenge det er bruk for dei.

Vidar Kleppe (Frp): Det er kutyme på Stortinget at en skal takke for de svarene en får, så jeg får gjøre det jeg også.

Men jeg må si at dette er tamme greier fra en ny regjering som har sagt den skal ha en ny kurs, fra en regjering som har sagt at de sliterne som har bygd dette landet, skal få en utstrakt hånd og de skal få hjelp. For å spare 7,5 mill. kr i året vil altså ikke den nye sentrumsregjeringen og statsråden gå inn og vurdere om det er muligheter for å opprettholde det tilbudet som disse hederskvinner og -menn får, som har kjempet for landet, som har hatt problemer som de har kommet seg over på grunn av den hjelpen de har fått fra disse kuratorkontorene rundt om i Norge. Det er åtte avdelingskontorer rundt om i landet. Jeg vil be statsråden på nytt vurdere å ta kontakt med de lokalkontorene som er rundt omkring, slik at hun får høre hvilket arbeid som blir gjort her. Jeg håper statsråden kan bidra til det.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg veit ikkje om eg skal bidra til å gje representanten Kleppe råd om kva som er kutyme. Men eg synest han kan stå fritt når det gjeld å takka for eit svar som han ikkje meiner er godt.

Så ynskjer eg å seia: Eg deler representanten Kleppes karakteristikk av at dette handlar om ei gruppe som det berre skulle mangla vi ikkje fylgde opp - både dei fyrste åra etter krigen og etter år 2000. Det er i denne samanhengen ikkje spørsmål om 7,5 mill. kr frå eller til. Men det er spørsmål om å fylgja opp ein prosess som faktisk har føregått over så lang tid som frå 1990. Departementet gav sitt svar i 1996, og ulike grupper har vore einige om at det er slik dette skal organiserast vidare.

Vidar Kleppe (Frp): Den enigheten som har vært om at en skal se på denne ordningen, er for så vidt grei. Men enigheten er ikke oppnådd med dem som har blitt omfattet av disse tjenestene som kuratorkontorene rundt omkring har gitt til krigens ofre og dem som har kjempet under den siste krigen. Det er jo det hele dilemmaet går på, at en stadig får henvendelser fra folk som er redd for hva som vil skje i fremtiden. Mange av disse er eldre, de er langt opp i årene, og de ser på denne hjelpen som de har fått av de lokale kontorene, som det viktigste som er. Jeg må si jeg er meget overrasket over at et parti som Senterpartiet, som sier at de skal verne om distriktene, plutselig har snudd helt om på situasjonen for en svak gruppe som disse tross alt er. De er de svakeste av de svake, og jeg trodde også at folk ute i distriktene skulle tas vare på av den nye regjeringen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: At den nye regjeringa vil ta vare på svake grupper, ynskjer eg å streka under. Det er nedfelt i Voksenåsen-erklæringa. Det skal òg koma fram under behandlinga av ulike saker både i Regjeringa og overfor Stortinget.

Det som eg synest skaper eit dilemma i denne saka, er den prosessen ein har hatt på førehand. No er det 55 år sidan krigen slutta. Eg vil inderleg håpe at krigspensjonistane stort sett har fått det som dei med rette har krav på. Eg vil streka under at når desse distriktskontora, etter råd frå dei sjølve, blir nedlagde, er det ikkje for å svekkja denne gruppa sin situasjon, men det er for at dei skal takast vare på både gjennom sosialtenester, trygdeverket og det sentrale Oslo-kontoret.