Stortinget - Møte onsdag den 19. november 1997

Dato: 19.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

I Enebakk kommune har kontantstøtteforslaget fra Regjeringen ført til at det er utsatt utvidelser ved to barnehager. Dette er begrunnet med usikkerhet rundt kontantstøtten.

Hvordan vil statsråden demme opp for den usikkerheten som nå er i en del kommuner når det gjelder å få full barnehagedekning innen år 2000?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Bekkemellem Orheim er oppteken av kva Regjeringa vil gjera for å sikra utbygginga av barnehagar fram mot år 2000 samstundes som ein innfører kontantstøtte.

La meg med ein gong slå fast at Regjeringa står fast på målet om full barnehagedekning innan år 2000. Barnehagen representerer eit godt pedagogisk tilbod, og ein vel utbygd barnehagesektor er ein føresetnad for at barnefamiliane skal ha ein reell valfridom slik sentrumsregjeringa ynskjer.

Driftstilskotet til barnehagane har vore og er framleis eit av dei viktigaste verkemidla i utbygginga av nye barnehageplassar. I budsjettet for 1998 har Regjeringa ikkje foreslått nokon endringar av storleiken på statstilskotet eller måltala for utbygginga i høve til Arbeidarpartiet sitt forslag til statsbudsjett tidlegare i haust. Men som vi varsla i Voksenåsen-erklæringa, vil Regjeringa vurdere både driftstilskotet og eventuelle andre verkemiddel for å greia å komma i mål med målsettinga om full barnehagedekning. Dette er forhold som Regjeringa m.a vil komma tilbake til i budsjettet for 1999, som vil bli det fyrste budsjettet som den nye regjeringa kan setta sitt heilskaplege preg på.

Eg kjenner sjølvsagt ikkje i detalj til forholda i Enebakk kommune, men etter dei opplysningane eg har fått, er det Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Enebakk, Magne Berg, som har fremma forslaget om å utsetta utbygginga av dei to nemnde barnehagane.

Kan hende er det slik at innføringa av kontantstøtte endrar behovet for barnehageplassar. Eg vil difor understreke at i planlegginga av den vidare utbygginga i den einskilde kommunen må ein ta utgangspunkt i behovsundersøkingar der ein tar omsyn til eventuelle endringar i behovet i lys av at kontantstøtte blir innført.

Allereie i dag er det store skilnader i barnehagedekninga mellom kommunane, skilnader som nok er større enn kva som skuldast ulike behov. I dei aller fleste kommunane er barnehagedekninga, særleg for dei minste borna, så låg at det berre unntaksvis kan seiast at ein har eit godt nok tilbod. Ut frå lokale forhold vil det vera forskjellar i kva som er full barnehagedekning, og det vil difor vera meiningslaust for meg å diktera barnehagedekninga i den einskilde kommunen. Likevel må eg seia at det er heilt uakseptabelt dersom kommunar nyttar innføringa av kontantstøtte som eit argument for å la vera å sørgja for ei vidare utbygging i tråd med det reelle behovet.

Når det gjeld innføringa av kontantstøtte og den administrative innrettinga, er dette forhold Regjeringa vil komma tilbake med som eiga sak til Stortinget. I samband med dette vil Regjeringa naturlegvis òg ta omsyn til korleis ein skal sikra den vidare utbygginga i barnehagesektoren.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret.

Ut fra de opplysningene vi har i dag, trenger vi 40.000 nye barnehageplasser for å nå målet om full barnehagedekning innen år 2000. Staten og kommunene må ta et felles løft hvis vi skal klare å nå denne målsettingen. Det er ikke her snakk om å diktere kommunene, men min oppfordring til statsråden er å legge press på kommuner som nå spekulerer i kontantstøtteordningen for å la være å gjøre nødvendig utbygging av barnehagene.

Vil statsråden pålegge kommunene å lage planer om hvordan de skal nå målet om full barnehagedekning innen år 2000?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg reknar med at representanten Karita Bekkemellem Orheim veit at dei enkelte kommunane har ansvar for å få eit barnehagetilbod i sin kommune som er godt nok for dei. For meg som statsråd vil det vera heilt umogleg å diktera kvar enkelt kommune. Enebakk er ein av desse kommunane, og eg reknar faktisk med at Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Enebakk har vurdert dette i ein større samanheng. Dersom han ikkje har gjort det, kan eventuelt partikollegaene ta kontakt med kvarandre og spørja kva som har skjedd i Enebakk.

Eg veit at det har vore ei totalvurdering både når det gjeld utbygginga av eldreomsorga og av barnehageplassar i Enebakk kommune, som gjer at Arbeidarpartiet sin gruppeleiar foreslår å utsetta dette fordi dei vil sjå på den totale økonomiplanen for kommunen. No har ikkje eg klart for meg kva behovsdekning Enebakk kommune har, men eg er faktisk trygg for at den enkelte kommunestyrerepresentanten frå dei ulike partia sjølv vil vera opptatt av å gje innbyggjarane eit godt barnehagetilbod. Det trur eg faktisk òg at Enebakk kommune vil gjera.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Når det gjelder hvem som har fremmet forslaget i Enebakk kommune, er mine opplysninger litt annerledes enn de statsråden har. Men om det er slik at det er Arbeiderpartiet som fremmet forslaget, er det like ille for det. Poenget er at vi må få en plan for å få full barnehagedekning innen år 2000.

Jeg syns det er grunn til å reagere når vi nå ser hva som skjer i en del kommuner. Derfor vil jeg igjen stille spørsmålet til statsråden: Vil hun pålegge kommunene å lage konkrete planer for hvordan de skal nå målet om full barnehagedekning innen år 2000?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No er eg så heldig at eg har referatet frå formannskapet si behandling av denne saka. Der står det namnet Magne Berg, og etter mine informasjonar er han altså Arbeidarpartiet sin gruppeleiar. Dersom Karita Bekkemellem Orheim vil sjå dette referatet etterpå, kan ho få det av meg. Der står det svart på kvitt. Eg trur faktisk at Magne Berg òg ønskjer å bygga ut barnehagetilbodet i Enebakk.

Det er heilt opplagt at vi er nøydde til å be kommunane om å ha ein gjennomgang av kva som er det reelle behovet i deira kommune, òg sett i lys av at ein skal innføra kontantstøtte. Det vil òg vera eit av elementa i den saka som vi kjem til å legga fram for Stortinget til våren, der ein vil oppfordra kommunane til å gå gjennom kva behovet i deira kommune er for full barnehagedekking.

Som sagt: Eg vil gjerne streka under at denne regjeringa har følgt opp arbeidarpartiregjeringa sitt framlegg når det gjeld utbygging av barnehagar for neste år. Eg reknar med at representanten er nøgd med det den førre regjeringa gjorde på dette feltet iallfall.

Presidenten: Ja, det får vi gå ut frå.