Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 1998

Dato: 21.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Fra 1. august 1998 innføres kontantstøtte for de aller yngste. Mye tyder på at denne ordningen vil være lite aktuell for studenter. Dagens praksis tilsier at Statens lånekasse vil trekke disse pengene fra støttebeløpet.

Vil studenter som benytter seg av kontantstøtteordningen, få fratrekk i det totale støttebeløpet studentene i dag har rett til å få, og vil statsråden at det skal gjøres unntak for kontantstøtteordningen på linje med det som skjer med barnetrygden i dag?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ordninga med kontantstøtte skal som kjent innførast 1. august i år for born som er eitt år, og 1. januar 1999 også for born som er to år. Vilkåret for å få kontantstøtte skal vera at barnet ikkje går i barnehage som blir driven med statleg driftstilskot. Born som går i korttidsbarnehage, skal få delvis kontantstøtte. Eg ber om forståing for at ikkje alle praktiske detaljar om ordninga er ferdig utforma, men vil gjera merksam på at eit høyringsnotat vil bli sendt ut med det aller fyrste.

Føremålet med kontantstøtteordninga er å gje småbarnsforeldre både meir tid til å vera i lag med borna sine og større fleksibilitet i valet av omsorgsløysing. Ikkje alle foreldre ynskjer at borna skal vera i barnehage heile dagen fem dagar i veka, og ikkje alle foreldre har tilsynsbehov som kan dekkjast av barnehagetilbod. Kontantstøtta er derfor ei reform som vil koma store foreldregrupper til gode.

Også studentar vil på lik line med andre foreldre kunne gjera bruk av kontantstøtta. Som representanten Bekkemellem Orheim er kjend med, har Stortinget løyvt midlar til kontantstøttereforma, og dette vedtaket inneheld ingen føresetnader om innsparing på andre budsjettkapittel. Regjeringa har ikkje planar om å endra reglane for studielån m.v. til studentar som får kontantstøtte.

Studentar med born som ikkje har dei i barnehage, vil få både kontantstøtte, lån og stipend. Dette føreset at dei faktisk studerer. For å få studielån må studenten halda forventa progresjon i utdanninga. Studentar som vel å vera heimearbeidande på full tid i ein periode mens dei har små born, vil ikkje få studielån. Bortfallet av studielån i slike situasjonar vil ikkje skuldast at dei får kontantstøtte, men at dei ikkje studerer. Det blir altså lagt til grunn same tenking ved tildeling av kontantstøtte som av barnetrygd.

Ei mor eller ein far som er student, vil som oftast måtta ha barnet i barnehage eller i anna omsorgsløysing. Eg trur nok at mange studentar ynskjer at borna deira skal gå i barnehage. For å fylgja undervisninga har dei fleste behov for barnetilsyn på dagtid, studentbarnehagane er billige, og dei er som oftast i nærleiken av studieplassen til foreldra. Eg vil derfor visa til Voksenåsen-erklæringa, der Regjeringa seier at vi vil prioritera å gje tilbod om studentbarnehagar.

Kontantstøtta vil likevel gje auka valfridom for studentforeldre som t.d har kveldsundervisning. Foreldre som har ei fleksibel studieform som gjer at dei kan vera meir heime med borna på dagtid, kan nytta kontantstøtta til å betala barnepass på kveldstid. Når desse studentgruppene får kontantstøtte, kan dei bruka ho til å finansiera det tilsynet dei treng, og som dei meiner er best for barnet.

Studentar som har born i barnehage, anten dette er i kommunal barnehage eller i studentbarnehage, vil normalt ha låg foreldrebetaling. Kontantstøtta vil ikkje endra denne situasjonen, men vil auka valfridomen for studentane.

På denne bakgrunn har eg ikkje forståing for uroa til representanten Bekkemellem Orheim når det gjeld påstanden om at kontantstøtta vil vera lite aktuell for studentar.

Kontantstøtta vil gje studentforeldre større fleksibilitet og fleire reelle val av omsorgsform, slik at dei kan gjera bruk av den omsorgsforma dei trur er best for barnet, og som familien har behov for. Eg trur mange vil ynskja å halda fram med å ha borna i barnehage, men eg er glad for at kontantstøtta vil gje studentforeldre auka valfridom, sjølv om dei har ein annen valsituasjon enn foreldre som er i arbeid.

Presidenten: Presidenten er klar over at ein kan nytte heile tida. I reglementet står det at svaret ikkje « bør » vare lenger enn tre minutt, men presidenten ber om at ein respekterer at « bør » også kan tyde « skal ».

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for det svært grundige svaret.

Bakgrunnen for mitt spørsmål er at det fram til nå ikke har kommet noen signaler fra statsråden som tilsier at studenter skulle få kontantstøtte. Og hvis vi ser på praktiseringen av dagens regelverk, får en for hver krone en mottar i trygdeytelser, trukket fra 60 % av det beløpet man har krav på fra Lånekassen. Men jeg registrerer at statsråden vil legge til grunn den samme tenkningen her som den som gjelder for barnetrygden.

Jeg har vært i kontakt med Lånekassen, som sier at forskriftene må gå ut nå i februar. Så tiden er litt knapp. Det er viktig at studentene blir gjort oppmerksom på endringene, slik at en har mulighet til å søke på det grunnlaget.

Men jeg har et lite tilleggsspørsmål til statsråden: Vil det samme nå komme til å gjelde for enslige forsørgere? Vil heller ikke de komme til å få avkortet sine trygdeytelser ved at de vil motta kontantstøtte?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er glad for at ein representant for ein gongs skuld er glad for svaret frå statsråden når det gjeld dette emnet.

Det er opplagt at studentar òg kan vera foreldre og borna deira gå i barnehage. Dette er ikkje snakk om sosialytingar, det er snakk om ytingar til omsorg for borna. Då er sjølvsagt studentar i same kategorien som andre foreldre i forhold til om dei nyttar seg av barnehage eller ikkje.

Når det gjeld einslege forsørgjarar, er det mange forskjellige støtteordningar. Heile ordninga er faktisk lagd om frå 1. januar no i år, ei omlegging som eg ikkje er spesielt glad for, men som det er eit stort fleirtal på Stortinget for å vidareføra. Vi vil sjå på dei ulike støtteordningane for einslege forsørgjarar i forhold til kontantstøtta. Hovudregelen er at det ikkje skal vera noka avkorting heller for desse. Men når det gjeld dei einslege forsørgjarane, er det som sagt veldig mange tilskotsordningar, i forhold til barnetilsyn osv, og dette og kontantstøtte må vi sjå opp mot kvarandre. Dette kjem vi tilbake til ferdig utforma når vi legg proposisjonen fram for Stortinget.