Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 30

Karin Andersen (SV): Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

I et rundskriv nr. 3/98 fra Oslo kommune, Byrådet, fortolkes folketrygdlovens bestemmelser om egenmelding ved sjukefravær slik at vakt som strekker seg over et døgnskille, regnes som to egenmeldingsdager. Dette betyr en urimelig forskjellsbehandling mellom arbeidstaker som arbeider nattevakt og de som jobber dagvakter, og kan umulig ha vært lovgivers intensjon.

Hva vil statsråden gjøre for at loven praktiseres på en rettferdig måte, også for de som må arbeide i vakter som starter en dag og slutter den neste?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Som hovudregel må arbeidstakaren dokumentera arbeidsuførleiken med legeerklæring. Dette gjeld likevel ikkje i arbeidsgjevarperioden når arbeidstakaren har rett til å nytta eigenmelding. Ein arbeidstakar kan nytta eigenmelding for opptil tre kalenderdagar om gongen. Ved nytt sjukefråvær innan 14 dagar blir tidlegare fråværsdagar uten legeerklæring rekna med. Dersom arbeidsuførleiken varar utover tre kalenderdagar, kan arbeidsgjevaren krevja sjukemelding.

Arbeidsfrie dagar blir rekna inn i eigenmeldingsperioden på tre kalenderdagar. Dersom f.eks arbeidstakaren er borte fredag og måndag, må han leggja fram legeerklæring for måndagen, då dei mellomliggjande arbeidsfrie dagane blir rekna med.

Arbeidstakarar som har nattevakt som strekkjer seg over eit døgnskilje, vil ha eit fråvær på to kalenderdagar. Dette kjem av at lova brukar ordet « kalenderdager ». Det er liten tvil om at ein kalenderdag er slutt kl. 24.00 og at ein ny startar kl. 00.00. Ein arbeidstakar som er sjuk på ei arbeidsvakt som går over to datoar, vil ha nytta to eigenmeldingsdagar. Skal arbeidstakaren òg arbeida nattevakt neste natt, vil siste del av den fyrste vakta og fyrste del av den andre vakta liggja innan same kalenderdag. Til saman vil arbeidstakaran då ha nytta tre kalenderdagar. Oslo kommune sitt rundskriv er såleis i samsvar med lova og Rikstrygdeverket sine retningslinjer.

Reglane i folketrygda om sjukelønn og eigenmelding er i det store og heile like for alle arbeidsforhold. Det står likevel arbeidsgjevaren fritt å godta eigenmelding utover det folketrygda pålegg.

Eg meiner regelen kan verka urimeleg i spesielle arbeidsforhold. Det kan òg føra til ulik behandling av arbeidstakarar som arbeider nattevakt og arbeidstakarar som arbeider om dagen. Eg vil derfor sjå nærare på denne problemstillinga og eventuelt vurdera å endra lova.

Karin Andersen (SV): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er glad for at statsråden også har sett urimeligheten i bestemmelsen slik den er nå. Ordlyden « kalenderdager » har nok fått en utilsiktet virkning.

Urettferdigheten går ikke bare mellom dem som jobber nattevakt og dem som jobber dag, men også mellom ulike kommuner slik det praktiseres i dag. Dette er ikke « spesielle arbeidsforhold », som statsråden sier, men tvert imot helt alminnelige måter å ordne arbeidsdagen på i helsesektoren.

Kan jeg tolke statsråden dit hen at forskjellsbehandling på dette området er uakseptabelt?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg streka under i mitt innlegg at ein arbeidsgivar har her moglegheit til å gå utover det som lova pålegg når det gjeld korleis dette regelverket skal tolkast. Spørsmålsstillaren viser òg til at dette er tilfellet når ho peikar på ulik praksis i ulike kommunar.

Når eg no melder at eg ynskjer å sjå nærmare på dette og eventuelt vurdera å endra lova, er dette med ulik praksis hos ulike arbeidsgivarar sjølvsagt ei side som her inngår.

Karin Andersen (SV): Jeg er glad for at statsråden skal se på spørsmålet. Men noe av spørsmålet går jo på hvordan vi fortolker det som står. Og slik jeg forstår det, er den forskjellsbehandlingen som er nevnt i forskriften, en positiv forskjellsbehandling. Jeg oppfatter det eksemplet som jeg har tatt fram, som et eksempel på en negativ forskjellsbehandling. Og da er jo mitt spørsmål om man ikke skal sette en lik grense her, slik at man verken kan positivt eller negativt forskjellsbehandle. Vi har jo nå et kjempebehov for å stimulere helsepersonell til å jobbe mer. Turnus og skift hadde vi oppe i går. Det var ett eksempel. Og noe av det vi ser nå, synes jeg er eksempel på arbeidsgiverholdninger som ikke akkurat er egnet til å løse bemanningskrisa i helsevesenet. Og da er jo også spørsmålet: Hvor lang tid tror statsråden det kan ta før hun har fått orden på denne forskjellsbehandlingen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Sosialministeren har tidlegare i dag vore medarrangør av ein konferanse der temaet nettopp var korleis vi skulle sikra meir kvalifisert helsepersonell og òg syta for at dei som ynskjer å arbeida i yrket sitt meir enn dei i dag har høve til, får moglegheit til det. Då håper jo eg at det er andre tiltak som er viktigare enn praksisen med eigenmelding. Men eg ser at spørjaren her har eit viktig poeng. Eg kan ikkje forskottera noko når det gjeld tid, det håper eg det er forståing for. Men eg ynskjer å gripa fatt i dette med det aller første.