Karita Bekkemellem Orheim (A):
Jeg
vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
Det helse- og miljøskadelige stoffet
arsen har lekket ut fra trykkimpregnerte materialer i flere barnehager i
Trondheim. De største mengdene arsen er funnet der materialene er i direkte
kontakt med jord, som sandkasserammer og plattinger. Flere av barnehagene
har verdier som overskred normene fra SFT.
Hva vil barne- og familieministeren
gjøre for at en for framtida ikke tar i bruk materialer som kan være
helseskadelig for barn i deres nærmiljø, som barnehage og skole?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Som barne- og familieminister er eg svært opptatt av at leikeplassutstyr som
born blir tilbodne, er forsvarleg og sikkert. Forvaltningsansvaret for
materialar med kjemiske eigenskapar som er brukte til leikeplassutstyr, ligg
hos Miljøverndepartementet. Svaret på spørsmålet frå representanten er
såleis utarbeidd i samråd med miljøvernministeren.
Frå miljøvernministeren har eg fått
opplyst at reduksjon i utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit
av hovudsatsingsområda i miljøpolitikken. Meldinga om at trykkimpregnerte
materialar kan gje store konsentrasjonar av arsen i jord i barnehagar, gjev
grunn til bekymring. Særleg sårbare grupper, som born, må få eit best
mogleg vern.
Regelverket for leikeplassutstyret er
i utgangspunktet klart. Etter forskrift om tryggleik ved leikeplassutstyr
av 19. juli 1996 nr 703 skal slikt utstyr ikkje innehalda, gje frå seg eller
danna stoff og produkt som er klassifiserte som helsefarlege i slik
konsentrasjon eller slik form at det kan medføra helsefare for born.
Etter at dette regelverket vart
innført, er bruken av kreosotbehandla trevirke i barnehagar på veg ut.
Framover blir det viktig å sikra at ein heller ikkje tek i bruk andre helse-
og miljøfarlege kjemikaliar i materialar til bruk i utstyr som born ofte
kjem i kontakt med.
Vi har avgrensa kunnskap om verknader
av kjemikaliar på helse og miljø. Det har hittil vore lagt til grunn at det
er lite lekking av arsen, og at konsentrasjonane ikkje medfører helsefare.
Nye undersøkingar syner at lekkinga kan vera større enn ein tidlegare har
trudd. Funna av høge konsentrasjonar av arsen på seks av 153 leikeplassar i
Trondheim skuldast truleg særlege forhold, som mykje bruk av
trykkimpregnerte trematerialar og høg surheitsgrad i jordsmonnet. SFT vil
no gå nærare inn og vurdera resultata av undersøkingane.
Forskrift om tryggleik ved
leikeplassutstyr stiller krav om at slikt utstyr ikkje må gje frå seg arsen
i konsentrasjonar som kan medføra helsefare for born. SFT har utarbeidd
generelle normer for forureina jord ved følsam arealbruk, som m.a omfattar
barnehagar. Dette inneber at trykkimpregnert materiale som gjev frå seg
arsen i konsentrasjonar som overskrid SFT sine normer, ikkje skal nyttast i
leikeplassutstyr.
Dei nye undersøkingane gjev grunn til
ein brei gjennomgang av praksis for å sikra at born ikkje blir utsette for
helsefare. SFT vil i nær framtid utarbeida ei rettleiing til kommunane og
andre eigarar av barnehagar. Medan vi ventar på denne rettleiinga, vil eg
frårå at ein brukar trykkimpregnert trevirke med arsen ved installering av
nytt leikeplassutstyr. Generelt arbeider no miljøvernmyndigheitene for å
sjå kva som kan gjerast med trykkimpregnert trevirke til slikt bruk for å
fasa ut kopar, krom og arsen.
Karita Bekkemellem Orheim (A):
Jeg
vil takke statsråden for svaret.
Det er urovekkende at jorda i
barnehagene inneholder mer av miljøgiften arsen enn jord andre
sammenlignbare steder. Årsaken er, som statsråden sa, trykkimpregnerte
materialer til sandkasser, lekestativ og gjerder. I Trondheim kommune er
situasjonen at barn under fire år blir frarådd å leke på lekeplassene.
Diaré og oppkast er de mest sannsynlige følgene av inntak av arsen, men det
er klart at får man større doser av dette stoffet, vil følgene bli langt mer
alvorlig.
Jeg mener det er grunn til å tro at
dette er situasjonen i flere av landets barnehager siden det i stor grad er
trykkimpregnerte materialer som brukes i de fleste av dem. Dette er et
billig materiale som det er lettere å bruke enn annet materiale.
Jeg er opptatt av at våre barn skal
vokse opp under de beste forhold, og derfor synes jeg at det som er avdekket
i Trondheim, er urovekkende. Som statsråden sa, er regelverket for
lekeutstyr klart, men likevel ser vi her følgene. (Presidenten klubber.)
Spørsmålet mitt er: Vil Regjeringen
innføre strengere regler for bruk av trykkimpregnert tre? Vi vet at våre
naboland Danmark, Sverige og Finland har langt strengere regler for dette
enn Norge har. Vil Regjeringen ta et slikt initiativ?
Presidenten: Presidenten vil minne om
at vi har en taletid, og at vi bør bestrebe oss meget på å holde den.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Når det gjeld det å gje borna våre trygge oppvekstvilkår, trur eg
representanten og eg deler det engasjementet. Det er klart at vi òg ynskjer
å gje borna våre eit trygt oppvekstvilkår i barnehagen i forhold til dette.
Eg ser med stort alvor på den problemstillinga som representanten reiser.
Samtidig ligg dette nært til Miljøverndepartementet sitt ansvarsområde, og
det reint faglege er det dei som har mest greie på. Men det er klart at vi
kjem til å fylgja opp dette.
Representanten nemner at dei andre
nordiske landa har anna og strengare regelverk. Då kan eg opplysa at
Danmark har notifisert eit forbod mot bruk av arsen i impregnert trevirke.
Europakommisjonen meiner at eit slikt forbod vil vera i strid med
Romatrakaten, og varslar at saka vil bli forfylgd i retten dersom Danmark
innfører forbodet. Den danske regjeringa har svart at den likevel vil
innføra forbodet, som er grunna i behovet for å sikra drikkevassressursane,
som inneheld urovekkande store mengder av arsen. Sverige og Finland har
òg eige regelverk, men dei har heller ikkje fylgt forbodet om bruk av dette
i barnehagar. Eg kjem til å fylgja det opp, og så får vi sjå på dei
resultata som blir lagde fram.
Karita Bekkemellem Orheim (A):
Jeg er
klar over at disse spørsmålene egentlig ligger til Miljøverndepartementets
ansvarsområde, men jeg synes at det er veldig viktig at barne- og
familieministeren er klar over situasjonen og bruker tid på å fokusere på
barns og unges oppvekstvilkår. Jeg er fornøyd med at statsråden vil følge
dette opp. Men vil statsråden gå så langt som å pålegge barnehager å skifte
ut de helsefarlige materialene, slik at vi får trygge oppvekstvilkår?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
No føler eg at eg bør ha ei betre oversikt over situasjonen i Trondheim.
Det er kanskje spesielle grunnar for at det gjev seg såpass høge utslag der
oppe, som eg òg nemnde i mitt svar.
SFT har utarbeidt generelle normer for
forureina jord ved følsam arealbruk, som bl.a omfattar barnehagar. Det
inneber at trykkimpregnerte materialar som gjev frå seg arsen i
konsentrasjonar som overskrid SFT sine normer, ikkje skal nyttast i
leikeplassutstyr. Så får ein sjå på det barnehagane melder inn. Om det er
så alvorleg at ein må bytta ut det utstyret som allereie er der, kan eg
ikkje svara på i dag, men Miljøverndepartementet må eventuelt fylgja opp
denne saka.