Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 33

Jan Tore Sanner (H): Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ved behandling av St.meld.nr.26 (1995-1996) ble retten til å kunne forbedre allerede oppnådde karakterer gjennom en fornyet prøve som privatist slått fast. Gjennom rundskriv har departementet orientert om at denne retten ikke skal gjelde faget kroppsøving.

På hvilket grunnlag og med hvilken begrunnelse er det laget en særregel for faget kroppsøving?

Statsråd Jon Lilletun: Eit av dei prinsippa som vart trekte opp i St.meld.nr.26 (1995-1996), var at det framleis skulle vere mogleg å forbetre allereie oppnådde karakterar på eit vitnemål. Det er rett som representanten Sanner seier, at ved behandlinga av meldinga sa Stortinget seg samd i dette prinsippet. Eit par av dei andre prinsippa som vart trekte opp i St.meld.nr.26, var:

  • Høvet til å forbetre allereie oppnådde karakterar må vurderast i forhold til dei utgifter i form av tid og kostnader det påfører den einskilde og samfunnet.
  • Ein må innskrenke eller fjerne heilt høvet til å gjere tekniske endringar i allereie oppnådde vitnemål, når slike endringar ikkje har opphav i reelle forbetringar av kunnskap og dugleik.

I si handsaming av meldinga hadde ikkje Stortinget merknader til at ein òg måtte ta omsyn til desse prinsippa. Komiteen la dessutan vekt på at privatistordninga ikkje må verte slik at ho har negativ innverknad på innsatsen i førstegangsutdanninga.

Når departementet har sendt ut beskjed om at det ikkje skal vere mogleg for privatistar å forbetre ein allereie oppnådd karakter som elev i kroppsøving, heng dette ikkje minst saman med dei store praktiske vanskane med å gjennomføre slik prøving for privatistar. Ein eigen forbetringseksamen i kroppsøving ville òg vere ei svært kostbar løysing. Ikkje minst gjennom innspel til departementet frå fylkeskommunane er det streka under at både dei organisatoriske vanskane og kostnadene ved ei slik eksamensprøving for forbetringsprivatistar vil vere store fordi prøva må ha både ein teoretisk og ein praktisk del. Eg minner òg i denne samanhengen om at det heller ikkje tidlegare har vore slik at ein kunne forbetre ein allereie oppnådd karakter i kroppsøving, sjølv om dette var mogleg i alle dei andre faga.

Eg er kjend med at enkelte kan ha tolka tidlegare informasjon om vurdering slik at det skulle vere mogleg å forbetre også karakteren i kroppsøving. For at ingen skal føle at reglane er endra midt i eit skuleår, har departementet opna for at det våren 1998 skal vere mogleg for privatistar å forbetre ein allereie oppnådd karakter i kroppsøving ved å ta ei kombinert praktisk og teoretisk prøve, slik det tidlegare var skissert.

I god tid før neste skuleår vil eg, m.a på bakgrunn av erfaringane med vårens eksamenar, ta stilling til om elevar også vidare skal ha høve til å forbetre karakteren ved hjelp av ei slik prøve, inntil eg får lagt fram saka for Stortinget, då saman med evalueringa av ordninga med ekstra fordjupingspoeng i realfag, slik som eg har lova.

Jan Tore Sanner (H): La meg først takke for svaret, som jeg ellers opplever som meget byråkratisk.

Jeg var ordfører for denne saken da den var til behandling i Stortinget, og jobbet da sammen med stortingsrepresentant Jon Lilletun om den. Det var da et bredt flertall i Stortinget som understreket privatistretten, og understreket at det kunne være ulike grunner til at en elev ikke lyktes første gang. Det gjelder også faget kroppsøving. Jeg har ikke oppfattet noen signaler fra de andre partiene som stod bak flertallet, som går i retning av at man ønsker å unnta faget fra ordningen. Nå oppfattet jeg at statsråden på slutten av sitt svar sa at han vil foreta en ny vurdering, og da forutsetter jeg at statsråden forelegger spørsmålet for Stortinget, i og med at stortingsflertallet tidligere har vært så klart i denne saken. Det er ulike måter å gjøre det på. Man kan videreføre praksis fra i år, man kan gå tilbake til den ordningen man hadde tidligere, eller man kan vurdere den ordningen man har f.eks i Sverige. Men jeg merket meg at statsråden har en liten åpning, og jeg håper at statsråden vil bruke den, slik at man får stortingsflertallet med seg.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan la representanten Sanner få del i dei innspela som kom etter høyringsrunden, som var svært sterke, og som var grunnlaget for den endringa som har skjedd, og for at vi måtte gjere endringar i forhold til ein del privatistar som slett ikkje kunne ta ei slik kombinert prøve. Det er nokså meiningslaust med ei prøve i kroppsøving med berre teori, og det vil òg verte for enkelt i forhold til dei andre karakterane.

Eg tolkar Stortinget slik som representanten Sanner gjer. Så det som no er klart, er at dei som hadde forventning om å få ta den eksamenen i år, får gjere det. Eg kjem til å underrette skulane i god tid før skuleåret begynner, om kva som vert ordninga neste år, og dersom eg skulle endre praksis frå i år, er det klart at Stortinget må verte orientert. Dersom ikkje, reknar eg med at det kan skje frå departementet si side.