Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 35

Anneliese Dørum (A): Dette blir en lang seanse for kirke-, utdannings- og forskningsministeren, men jeg tillater meg også å stille et spørsmål til ham. Det er følgende:

En diakon ble nylig nektet vigsling fordi han har et seksuelt forhold til sin kjæreste. Fellesrådet foretar ansettelse av blant annet diakoner, og ansettelser kan ikke overprøves. Etter tjenesteordningsreglene skal en diakon vigsles, og det er det en biskop som avgjør.

Hvilke konsekvenser får det for en diakon at han nektes vigsling?

Statsråd Jon Lilletun: Ja, det er nok rett som representanten Dørum seier, at det vert ein travel dag for kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren. No treng denne ministeren meir mosjon enn dei fleste, av tydelege årsaker, så han kan ha godt av det.

Så til saka. Eg finn ikkje grunn til å gå inn på den konkrete personalsaka som representanten Dørum viser til i sitt spørsmål. Eg har ikkje kjennskap til kva forhold som ligg til grunn for biskopen si avgjerd, og vil heller ikkje kunne gå inn på biskopen si vurdering av desse forholda.

Når det gjeld det meir generelle spørsmålet om kva konsekvensar det får for ein person som vert nekta vigsling, kan eg svare følgjande:

Gjeldande ordningar for Den norske kyrkja føreset vigsling for å kunne ha stilling som prest, diakon og kateket. Etter forskrift om tilsetjing av kyrkjelydsprest, fastsett av Kongen i 1988, må derfor Bispedømmerådet ved tilsetjing av person som ikkje frå før er ordinert prest, ta atterhald om ordinasjon. Kyrkjemøtet fastsette i 1996 tilsvarande reglar i tenesteordningane for diakon og kateket. Av dette følgjer at tilsetjingsorganet for diakonar og kateketar, det vil normalt seie Kyrkjeleg Fellesråd, ved tilsetjing av person som ikkje er vigsla til slik teneste, må ta atterhald om vigsling. Dersom biskopen ikkje finn grunnlag for å vigsle vedkomande, vil konsekvensen i slike tilfelle vere at tilsetjinga fell bort.

Det er i dag ein del kateketar og soknediakonar som er tilsette utan å vere vigsla. For desse får manglande vigsling ingen konsekvensar for sjølve tilsetjingstilhøvet. Men det kan innebere ei viss avgrensing i dei liturgiske funksjonane som desse vert tillagde.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for et klart svar, at hvis biskopen velger ikke å vigsle vedkommende som er ansatt av et annet organ, faller ansettelsen bort. Han blir arbeidsledig, og vi får et yrkesforbud. Det er altså biskopen som sitter med all makt når det gjelder ansettelse av kateketer, diakoner og prester, i og med at de må vigsles. Det er altså helt opp til den enkelte biskops skjønn. Det varierer jo ut fra biskopens egen holdning til bl.a seksualitet, og dersom han legger en meget restriktiv holdning til grunn, mister vedkommende jobben sin.

Dette synes jeg er meget alvorlig. Det er alvorlig for den norske folkekirke. Mener statsråden at folkekirken er tjent med at færre og færre føler seg hjemme i den, i og med at biskopene gjør porten trangere og trangere?

Statsråd Jon Lilletun: Så vidt eg veit, byggjer det regelverket som her er skissert, og som er vedteke av Kyrkja, på ei einstemmig utsegn frå Bispemøtet i 1996 eller 1997. Det er såleis ikkje deling i synet mellom biskopane når det gjeld ekteskapet si stilling i Kyrkja. Realiteten er at tilsetjingsmyndigheita er delegert. Kyrkja har sitt syn på kva som krevst for å verte vigsla, og det er Kyrkja som etter mitt syn må ha det ansvaret. Det ville vere spesielt om ein gjekk inn i andre trussamfunn for å styre det, og det er òg spesielt om ein skulle gå inn i Den norske Kyrkja.